søndag, august 26, 2007

"nytt" skap, og pakke i posten.

Her er vidunderet som eg skreiv om i forrige innlegg, og nå er det mitt.
Eg kjørte inn på Fretex på fredags morgon, (då har eg jo fri,) og der sto det enno. Dermed så vart det mitt. Eg fekk det ikkje med meg heim då, men min snille bedre halvdel var med og henta det på laurdagen.

Skapet er i heiltre og var rett og slett blytungt.....det kom først inn i gangen nede, og så manna me oss opp begge to og fekk buksert det opp trappa til loftstova. Og det skal ikkje flyttast på ein meter i følge mannen i huset....


Det var fine detaljar utanpå skapet, og inni var det store hyller på eine sida, og to skuffer og hyller på andre sida.
Eg er så fornøgd med kjøpet mitt, og er allereia blitt veldig glad i det. Merkeleg at ein kan bli så glad for eit skap, hehe.
Eg trur eg må male det, men har ikkje bestemt meg for farge, enten kvitt eller svart.


På laurdag fekk eg pakke i posten fra "Leonorah", og oppi der var det fine porselenskilt med tall på. Dei skal få komme på ein kommode eller eit skap, trur eg. Dei var heilt nydeleg fine.
*me loves*



Romantisk gåvepapir og juleevangeliet på fransk. Det skal eg ivertfall heilt sikkert bruke til noko kjekt.




Søte madonna emblem.
Eg kjøpte nokre småtteri til, og Durance lavendelsåpe. Den lukta himmelsk. Så når eg hadde vaska golva på laurdag gjekk eg berre rundt og snuste og lukta.
Helga har vore hektisk, men effektiv. Laurdagen rydda eg og mannen i bodene, og det trong me verkeleg. Masse kunne me hive og noko vart pakka vekk og skal gis bort. Så fekk me rydde i hyllene og fekk litt orden og oversikt. Me har ikkje kjellar på huset vårt, så me kan ikkje samle på alt, men må sortere og hive etter kvart. Eg er tosidig når det gjeld slikt. På eine sida vil eg samle på alt i tilfelle eg kan få bruk for det, men så likar eg å har orden og oversikt også, og kan ikkje samle på alt. Det har me rett og slett ikkje plass til.
Fra laurdag til søndag låg tre søskenbarn av Marie her hos oss. Foreldra skulle i bryllup, og då fekk dei vere hos oss. Det er kjempekoseleg å ha besøk av dei, men det er litt av eit støynivå, og det lukta testosteron og hormoner lange vegar.
Det var to gutar på 15 og 16 år, ei jente på 12 i tillegg til Marie som snart blir 14. Dei er så snåle å høyre på, der det går i kjærastar, båt, moped, traktor, sminke, mm, og dei eglar, og plukker på kvarandre, hyler og skrik, og ligg nesten oppå kvarandre i sofa`n framføre tv`n.
I dag kom foreldra på middag og kaffi, så det har vore fullt hus, men veldig kjekt.
I morgon er det skule og jobb igjen for oss tre.

Nå når kveldane er mørkare så er det koseleg å pynte på trappa med blomar og lys i ei sinkbøtte, og med det vil eg ønske alle som er innom ei flott veke:)






torsdag, august 23, 2007

"august" fra Figgjo.

Rasmus pusen er god venn med marsvinet Olga, ivertfall når ho er inni buret. Her ligg Rasmus og har ein liten samtale med Olga medan ho får reint strø i buret sitt. Dei kosar seg ilag, på kvar si side av buret.

Da eg var lita jente på 70-talet, så hadde me eit kvardagservise som heitte "august". Dette spiste eg skjeva mi på, og når Malin eldste jenta mi vart fødd i 85 og kom på besøk til bestemor og bestefar fekk ho også skjeva si på dette. Malin er den av ongane mine som huskar mamma, og har gode minner fra kjøkkenet hennar. Ho lika så godt dette serviset at eg er begynt å samle det til henne.
Eg hadde nokre få deler etter mamma og pappa, men har funnet ein del på Fretex og på loppemarked. Desse har ho fått når ho har hatt bursdag. Ho har bursdag om litt over ei veke, og skal få fleire deler. Eg kan vise dei fram nå, fordi ho kom heim på mandag og då sto desse framme på kjøkkenbenken...Ho skal få noko meir, men det får ho ikkje vite enno, så det så.

Tekanna er veldig fin synest eg.


Denne søte kanna fann eg sist eg var på Fretex. Den er også fra Figgjo. Eg likte så godt den enkle dekoren, og fargane. Synd at den mangla lokk, men kan nok bruke ho for det.
Sist eg var på Fretex så fann eg eit flott skap, som eg ikkje kjøpte, og det har eg trega meg grønn på. Eg trenger meir plass til å ha ting og tang i, og det hadde passa fleire plasser her i huset. Så i morgon må eg ta turen igjen for å sjå om det fortsatt er der. Er det det, så er det meininga at eg skal ha det.




mandag, august 20, 2007

Scrappulver og vaskebooking, eller noko sånt...

Eg var i by`n på laurdag og skulle på loppemarked, men på grunn av havnadagar, sildabord og andre uheldige omstendigheter så kom eg meg ikkje der. Så i staden så tok eg turen på eit kjøpesenter, og på ein koseleg butikk fann eg denne søte boksen til å ha vaskepulver i. Siden eg har vaskemaskinen på badet er det jo fint å kunne kamuflere stygge vaskepulverposar. Eg kjøpte litt ark og dill til fotoalbumet som de kan sjå under.

Eg må jo lage album til bryllupsbildene, og det kosar eg meg med innimellom alt anna.

Eg skulle visst hatt meg eit kurs i dette for å fått litt meir idear til korleis eg skal utforme sidene.



Eg var jo så utruleg heldig som vann konkurransen på bloggen til Petunia på fredag, og på lørdag låg det ein diger pakke og tøyt utav postkassen vår. I pakken var det masse flott garn, og ei hyggeleg helsing fra Petunia.
Garnet har Rasmus pusen lagt sin elsk på, og det er så vidt han får plass oppi korga, men sove der skal han.

I kveld har eg hatt besøk av nokre damer som ville kjøpe litt lappestoff av meg. Eg sel fortsatt av restlageret etter Ting og Tang, butikken eg og ei venninne dreiv for nokre år siden.
Er nokon interessert i å kjøpe så sel eg 30 cm bitar for 10 kr stk. Det er ikkje siste mote, men heilt greie basis stoff.
Ha ein fin kveld alle som kikkar innom:)




torsdag, august 16, 2007

Sunnhordland folkemuseum...

... ligg vakkert til litt oppforbi Leirvik sentrum på Stord. Dei gamle husa dannar eit vakkert tun, som er omkransa av store trær.

Alle husa har tilknytning til regionen og er flytta til plassen.


Velkommen inn i eit anna århundre. Ein kan nesten høyre døra knirke når ho opnar seg....

Det var nesten så ein følte at nokon kikka på oss gjennom vindauget...



Gamle blekkhus som sto i skulestova





Gamle lesebøker som nok har ei og anna historie å fortelje den dag i dag




Eit lite stilleben.






Mon tru kven som har sete her?
Kanskje han stakk sin veg når me kom inn....








Ein kan nesten høyre knirkinga fra gyngestolen.
Var det her bestemora sat og strikka raggsokkar, eller bestefar sat og slumra med pipa i munnen....



Kven har sove i denne senga?
Var det eit ektepar, ei ung jente, ein gamal mann, eller kanskje ei lita jente som ikkje fekk sove og mor hennar sat på stolen og fortalde eventyr til ho sovna....



Potta høyrer med under senga...
Eg vert alltid så nysgjerrig på kven som har budd i husa, og korleis dei levde på den tida. Eg dikta mine eigne historier når eg går rundt i dei gamle romma.
Me fekk i oppgåve å teikne skisser og ta foto av det me såg for å bruke det videre.
Me skal også ha praksisen vår her på museet, og det er ei helg i desember der me skal pynte til jul, og ha opplegg for dei besøkande. Det er førebels i planleggingsfasa, men eg tru det skal bli veldig kjekt.
Eg gler meg allereie:o)

Ha ein fin kveld alle der ute i den store bloggverda:o)











onsdag, august 15, 2007

Ein regntung dag og mange tankar i hodet...

Det har regna i dag, og då meiner eg REGNA i bøtter og spann. Eg skjønar ikkje kor det kjeme fra eller kor det skal hen.....men då har eg ivertfall hatt anledning til å sitje inne og lese, og drikke cappuccino. Eg vart nett ferdig med "Eremittkrepsene" av Anne B. Ragde og ventar spent på siste boka. I mjødlotiå så held eg på med "Et år i Provence" av Peter Mayle.
I går, tysdag byrja eg som student igjen. Eit årsstudium i kunst og handverk vart det no, og det ser skikkeleg kjekt ut. Og det beste av alt er at det er berre tre, 3 dagar i veka!!!!! Mandag, tysdag og torsdag er det undervisning, og då har eg fri onsdag og fredag, YESSS. Det kan ikkje bli betre. Eg er så glad:o) Nå har eg to dagar der eg er heime når Marie kjem heim fra skulen, og det blir nok godt for både meg og henne:o)
Eg skal fortelje meir når eg er komen skikkeleg i gang, men det ser allereie nå kjekt ut, og det lovar bra.


Eg har grubla i dag på dette med blogging, publisering av bilder, vise fram interiør, og ting ein har laga, og kom fram til at eg vil seie litt om kva eg meinar om dette. Eg har blogga i litt over eit år, og hadde vel eigentleg ikkje så store ambisjonar med dette. Eg skreiv litt, og viste litt bilder, og tutla nå på med mitt. Litt etter litt har eg funne fram til andre bloggarar som eg føle meg på bølgelengde med. Det er forskjellige personar, med ulike uttrykk både i skrivemåte og kva dei presenterer. Eg gler meg til å kikke innom dei forskjellige for å sjå om det er noko nytt, få litt inspirasjon eller berre ein god latter.
Eg kikkar innom til mange fleire enn dei eg har på link lista mi, og har ikkje dårleg samvittighet om eg ikkje legg igjen ein kommentar hos alle. Det må jo vere opp til kvar enkelt om ein vil det eller ikkje. Eg legg igjen kommentar om det er noko eg likar, synest er fint eller berre for å vere hyggeleg.
Eg legg ut bilder av det eg lagar med risiko for at andre synest det er verdt å kopiere, og om dei synest det er flott så, versågod. Eg er av den oppfatning at ein kan ikkje kopiere noko heilt likt etter eit bilde, så då er det greit. Eg og finn idear her og der, og set det saman til mine uttrykk. Ein finn jo ikkje opp kruttet kvar gong ein syr, perlar eller strikkar noko.
Eg har sett på nokre bloggar at dei er veldig redde for at andre skal kopiere det dei lagar, og eg skjønar ikkje heilt problemet, men det er meg.
Kvinne er kvinne verst, er det noko som heiter.
Eg har kikka innom mange flotte bloggar der dei viser fram dei nydelegaste interiør bilder fra heimane sine, og eg ser til auga vert stort og vått.
Eg lar meg kanskje påvirke av det eg ser, men eg har min eigen stil i heimen vår, der mangfaldet rådar. Eg ser på bildene og synest det er fint og legg kanskje igjen ein kommentar om det. For det om eg synest at noko er fint, flott og nydeleg, så er det ikkje dermed sagt at eg vil ha det slik sjølv. Eg ser masse rundt omkring som eg synest er fint, men ikkje vil, eller kan ha, sånn er det berre.
Eg synest blogginga er så kjekt at eg har ikkje tenkt å slutte med det fordi om det er nokre som lar janteloven få råde. Eg elskar å kikke innom dei som eg kallar mine bloggvenner, og vert kjempeglad om nokon legg igjen ein kommentar hos meg. Eg vil sjå det positive med å blogge, og kjem til å fortsette med det. Eg skal i framtida halde meg borte fra dei som eg ser slettar kommentarane eg legg igjen, det har eg opplevd nokre ganger. Eg skriv kun positive kommentarar, har ein ikkje noko fint å sei dei andre så kan ein la det vere.
Dette er mi meining, og andre får ha si meining, så det så:o)
Sånn, nå har eg letta på trykket.
Ha ein finfin kveld der ute i Bloglandia:o)

mandag, august 13, 2007

Helgatankar...

Helga har vore travel, men veldig koseleg og kjekk. Torsdagskvelden tok me og eit vennepar turen til Haugesund på Sildajazz`n. Det var jo så fint og varmt vèr, butikkane i by`n hadde ope til 24, og det var folk og tappekranar over heile kaien....

Fredagsmorgon kjørte eg (merkeleg), oss to til Stavanger, der me skulle tilbringe helga ilag med søstrene og svogeren til min bedre halvdel. Begge søstrene hans bur i nærleiken av kvarandre + at kjæresten til Malin bur (og ho) i same gata. Dermed så vart det veldig sosialt, med god mat og drikke både fredags- og laurdagskvelden. Sissel, eldste søster til mannen, har hunden Akela (bildet over), og ho hadde same veka vore til dyrlege og sterilisert henne. Dermed måtte ho gå med "frakk" på seg for ikkje å slikke i operasjonssåret på magen. Ho er så snill og god den hunden, og ville helst ligge i sofa`n og kose med oss.
På laurdagen var me ein tur nedi by`n, fordi eg hadde høyrt om eit marked som var på Nytorget kvar laurdag. Det var masse boder der butikkar og private selde gamle ting og tang. Eg fann noko som eg ikkje kan vise enno fordi det er ein bursdagspresang, og ein liten karaffel til 30 kr. Det var masse fint både billig og dyrt, og verdt turen innom. Eg elskar å kikke og rote i gamle saker og ting *tjihi*
Me storkoste oss, men det var likevel godt å komme heim igjen på søndagskvelden til Rasmuspusen.

Flottaste pusekatten som finns, heilt objektivt sett altså:o)

Nydelege poter, mjuke og go`.







Ute er sommarblomane begynt og haustast, og i morgon startar skulen opp igjen. Eg veit ikkje om eg har fortald at eg skal ta eit årsstudium i kunst og handverk dette året, men det skal eg altså. Det startar i morgon på høgskulen Stord/Haugesund på Stord. Dette gjer eg nå medan eg har permisjon fra Høgskulen i Telemark. Eg gler meg, og ser fram til å komme igang. Eg skal kjøre att og fram til skulen, og det blir noko heilt anna enn å vekependle slik eg gjorde sist skuleår. Nå er eg heime kvar kveld og kan ha eit normalt familieliv.



Så i morgon kl 10 er eg skulejente igjen:o) Hehe.

Dette er karaffelen eg kjøpte på markedet, liten og søt, ikkje sant:o)
Nå skal eg ut å gå meg ein tur, Marie er med faren i bursdag til onkelen, og mannen i huset er på fotballkamp:o)
Ha ein finfin kveld, og TUSEN takk for koselege kommentarar!!!!






tirsdag, august 07, 2007

Tirsdagskveld.

Eg fekk beskjed av Malin at eg måtte blogge litt... Det har ikkje skjedd så mykje nytt så då får eg vise eit par bilder. Eg har lasta ned Picasa bilderedigeringsprogram, og har gått litt amok i bildene mine. Det øverste er av ei rose ifra hagen som eg har fiksa litt på. Bildet under er av Marie, som eg også har fiksa litt på. Eg synest svart kvitt bilder er så flott.

Elles har eg ikkje gjort så mykje verken i går eller i dag. I går var eg ein tur til by`n og handla litt og bytta noko. Det var salg så eg kom heim med både kler og sko.
Til helga skal eg og mannen til Stavanger på kjærestetur. Bent sine to søstre og mi Malin bur der i by`n, så det vert kjekt. Me får berre håpe at veret vert litt betre. I går var det strålande sol og knallvarmt, men i ettermiddag kom regnet igjen.
......som den eine rogalendingen sa til den andre;
....såg du solå i går?
....ja, herregud så eg stokk!!!

fredag, august 03, 2007

Fredagsbetraktninger fra ein marknad....

Eg har nå sete to dagar på Etnemarknaden der eg har ting som eg har laga for salg. Det har vore to hendelsesrike dagar. Eg har seld godt, og er fornøgd så langt. Nå er det berre laurdag og søndag igjen....På bildet under kan de sjå litt av det eg har utstillt, akrylmalerier, smykker og vesker. (bildet vart litt mørkt, men om du klikkar på det så blir det større). Det er lange dagar å sitje der på utstilling, ja, eg føler meg litt på utstilling, eg og. Fra kl 10.00 til 19.30. Eg er ikkje laga for å sitje i ro, og det kom eg på etter 4 timar. Det er derfor eg er så sjelden med på sånt, men det hadde eg visst gløymt ut. Men for å ha sagt det; det er kjekt og eg gjere det heilt av eigen vilje. Berre sånn at dåke ikkje skal synast at eg syte og klagar, altså.
I dag har folk vore i "kikke og plukke på ting" humør, så salget har ikkje tatt heilt av i dag. Det er mykje snåle folk som kjem valsande innom. Eg får mange kommentarar der eg sitter, så som; "Ja ha, e det du så sete her ?", " E de du så mala desse bildene?", " Koffer mala du ikkje fjes på di ?" "Har du ikkje syster di med deg ?" " Har du laga alt detta?????" "E de deg sjøl du har mala, elle?" og så videre. Så då smiler eg og nikkar og jattar med.
Eg har hatt god tid til å studere alle som går forbi, og det er ganske interessant. Eg har studert kva dei har på seg fra topp til tå, hårfrisyre, vesker, ryggsekker, briller og korleis dei snakkar.
Konklusjonen på ein gjennomsnittsmann som har vore innom er; Mann i 50 års alderen, lettare skummamelk farga hud, iført knelang shorts med rutete skjorta oppi, har svarte sokkar i sandalene, og går rundt lettare fortvila over handlevillig kone, og tvihelde på lommaboka. Yess, der har du an:o) hehe.

På ein marknad er det mykje fint ein kan kjøpe, (og litt stygt og). Eg kom over nokre ting som går i kategorien *har ikkje bruk for, men må ha*
Eg er svak for keramikk, og her fann eg litt. På bildet over er det eit brett med keramikk knappar *fine*

Nydeleg krus kan ein ikkje få for mange av. På dette står det "Fyll hjertet med glede",


Dette må vere verdens skjønnaste smykke, og det er mitt til odel og eige.
Tenk å finne eit hjerteforma keramikk smykke med englar på!!!
Det er fantastisk fint *Me loves*
Så nå koser eg meg aleine hima, Marie er reist til søskenbarnet sitt, og mannen i huset er på fisketur med fiskaklubben "Otard".
Dei skal ha årsmøte og middag i kveld. Damer ingen adgang, basta!!!
Skikkeleg seriøse greier. Dei må ha turane og møtene sine laaaaangt fra folk for det er ein høglytt gjeng på 8 mannfolk, i sin beste alder.
Eg har trykt i meg ein pose med smågodt og skal snart legge meg. Tenk at ein kan bli så ufatteleg sliten av å sitte heilt i ro i mange timar....