onsdag, november 29, 2006

engler daler ned i sky......

Så sat eg her då,og prøve å gjera nåke fornuftig,men det er ikkje lett når eg er trøtt og har vondt i håve. Det eg har vondt i håve av er ein artikkel eg må ha ferdig før eg kan reise heim på julaferie. Eg skal skrive om "motivasjon og læring i kunst og handverk", greit nok det,men arg,koffer ein artikkel?
Eg trudde eg var ferdige med det,men nei da!!
Ja ja, eg eg skal nå klare å skrible ner nåke så eg ikkje stryke...


Eg må berre lese litt meir så eg skjøne ka eg eigentleg skal skrive om i den artikkelen.



Siden eg held på å lage meg ein engel på skulen så fann eg bileter av forskjellige englar,og det er så mange forskjellige nydelege. Berre sjå på den her nede. Verdens søtaste engel:)



I mårå er det torsdag,og,yes,eg skal heim:)

Gled deg kjære.

I dag etter kunsthistorien tok eg meg ein tur ner i by`n, sko sende ein pakke til ein engel i Stavanger og. Det var ganske koseleg å gå å kikke i butikkane,nå når det ikkje er så lenge igjen til jul så er det kjekt å sjå på julepynt og gåver.

EG GLER MEG TE JUL,så vett dåke det.

torsdag, november 23, 2006

Heime igjen,men sjuk.

Så var eg heime igjen. Siden eg byrja å bli sjuk fann eg ut at det var bedre å vere sjuk heime enn på hybelen på andre sida av fjellet. Så nå sitte eg her med vond hals,rennande nase, og verker i heile kroppen. Eg sov litt lenge i dag, men etter ein god og varm dusj sat eg å jobba med den skriftlege delen av oppgåva me skal levere inn på mandag. Den heiter "objekter i dialog".

På tysdag fekk me ei ny oppgåve som me skal jobbe med fram til me får juleferie den 15 .des
Oppgåva heiter "Bill.merk. Engel søkes" Der me skal lage vår eigen engel utifra korleis me ser føre oss vår engel,og kva eigenskapar han skal ha. Hovedmaterialet skal vere tre, så det skal bli spannande.

Her er det bilete av mine objekter i dialog, ein vase og ei krukke med lokk. Dei er oransje inni og brunsvarte utanpå. Her er dei brende ein gong,og så skal glasur på og brennast ein gong til.

I mårå skal eg prøve å lage komla,viss eg ikkje blir verre enn eg er i dag. Bent har så frykteleg lyst på komla,og det er lenge siden me har hatt det og. ( Eg og har lyst på altså)

Når eg kom heim låg det ein pakke fra cdone å venta på meg! Oppi den var det ein cd og 3 dvd filmar. Cd`n var Vamp i full symfoni,og filmane var Ghost,Hjemme alene 1, og Den uendelige historien. Eg gler meg til å sjå dei.

mandag, november 20, 2006

Så var det mandag igjen...

Eg skjønar ikkje kvifor det er så ofte mandag?

Sist veke reiste eg heim tidleg,skulle vere med Bent og jobben ut å ete på Lothes i Haugesund. Kjekke folk og knall goe mat.

Fredagen laga eg smykker på spreng til julemessa i Vikebygd,+ at eg var på skulen på eit møte med ppt ang. lesinga til Marie. Ho er blitt skikkeleg go til å lese nå,så det var kjekt å høyre.

Laurdagen var det julemesse i Vik fra 12-16,og det var kjekt. Eg hadde med bilda til Malin og,og ho fekk selge eitt,og fekk bestilling på eitt. Det var bra,det er ikkje kjekt når det er lite salg. Eg selde og eitt bilde,og masse smykker. Kjeme godt med litt ekstra penger nå før jul:)

Fra laurdag til søndag låg Katrine hos oss,og det er kjekt for då har Marie lag. Me var og i bursdagselskap til Ole Jakob som vart 14 år. Der var det fullt av folk, og masse god mat.
Heime igjen slappa me berre av og såg litt på tv.

Søndagen gjorde me ikkje så mykje. Marie og Katrine laga ei brownies kake,tenkte at Oddvar og åse kunne få smake når dei kom for å hente Katrine,men åse hadde fått spysjuke så dei måtte heim med ein gong. Ja ja,ein anna gong kanskje.

Eg reiste bort Notodden med nattbussen, og var framme kvart over fem i dag tidleg. Her regna det og var surt, så det var godt å kunne krype under dyna og sove litt lenge.... eg sov til over ni i dag,men men, me hadde sånn bli ferdig dag så det gjorde ikkje så mykje. Eg har skrevet i heila dag og er enno ikkje ferdige,men eg trur eg har kontroll. Oppgåva skal ikkje leverast før på mandag,men eg har ikkje fått brend keramikk tinga mine,og det hadde vore kjekt å fått gjort det før eg leverer. I mårå får me ei ny oppgåve, skulptur i tre og kroki.

Nå når det er litt travelt er sjølvsagt eg blitt sjuke, begynte med at eg fraus i dag og hadde vondt i halsen og hode. Nå er eg kokvarme og har vondt i heile kroppen,så dette er jo KJEMPEKJEKT.
Æsj,eg kan ikkje fordra å vere sjuke, eg vil heim,ikkje kjekt å vere her når det er sånn. Det er vel lov å synast litt synd på seg sjølv:(

Men,men,det gir seg vel snart,og eg reiser heim når eg er ferdig med skrivearbeidet til "objekter i dialog".

torsdag, november 16, 2006

To av mine tre håpefulle hadde bursdag i byrjinga av november. Kenneth vart 19 år den 1. og Marie vart 13 den 5. Gratulera te dåke begge to:):):)
Me var ute på Peppes og spiste pizza om laurdagen etter at me hadde hatt opning på utstillinga vår.
Her kjem det bileter fra utstillinga "To søstre, å ei dotter" som me hadde i Kopervik kulturhus 5.-12. nov.


Her står eg og Marie framfor nokre av mine ting.


Malin posere flott framfor måleri veggen sin:)


Berit sine natur målerier, og abstrakte under.

Malin sine fargeglade målerier.


Mine målerier, og som de ser er eg veldig glad

i å bruke raude og guloransje fargar:)

Veskene mine heng så fint i vindauga. Koseleg.
Eg fekk reint julestemning av å vere i utstillingslokalet,vett ikkje kvifor,men sånn var det.

På Notodden har eg julestemning for tida,for der er det komen snø.Over Haukeli er det masse snø,så det er heilt nydeleg å sjå når eg fer over med bussen.

torsdag, november 09, 2006

Heim,kjære heim:)

Brått så skulle eg heim. Eg jobba så godt og lenge på skulen i dag at eg kan ta nattbussen heim. Det vil sei at eg er heime i Skjold kl 07 i mårå tidleg. Ein heile dag ekstra heim gjere veldig godt:)
Nå har eg heve i meg noko mat, var kjempesvolten, og så er det pakking og vente til kl er tolv og eg kan gå ned til vegen. Brrrr det blir litt kaldt, for her er det vinter med kaldegrader og frost. Heldigvis er det ikkje kome snø enno,men det er nok like før.

onsdag, november 08, 2006

Onsdag,det er jo midt i veka det:)

Nå er eg på nett på hybelen og. Jippi. Eg har fått meg ein berbar pc som eg tok med meg hit, kan komme godt med det. Eg hadde litt problemer med å komme på nettet dei første dagane,men så fann me ut at det var feil kabel. Så då var det berre te å ta seg ein spasertur ned te by`n og få tak i ein kabel som passa,og gå heile vegen opp igjen. Gjere godt med ein trimtur iblant.
Utstillinga i helga gjekk fint,men det var ikkje det store salet for min te det del. Det har blitt nokre bestillingar på vesker, så litt er det jo.Utstillingen skal stå til søndag så det er nokre dagar igjen. Den 18 november skal eg vere med på julemessa i Vikebygd,så då er det greit at eg har litt igjen så slepp eg å jobbe så masse. Eg har ikkje fått lagt ut bileter fra utstillingen,men det kjem snart.
Her på skulen går det greit,me jobbar med leire, og skal lage objekter i dialog.Eg kan ta bileter av dei og, og legge dei ut så de kan sjå kva me tutle med. I tillegg har me stilleben teikning med kol,og her har me verdens raraste lærar. Ikkje godt å få eit fornuftig svar utav han, men eg har likavel sansen for han.
I mårå er det pedagogikk, og eg burde ha lest litt,men eg er ikkje så opplagde te det,merkeleg.....
Snakka med Malin og i dag, hmmm, her er det noko på gang, ja:)
Eg har tippa viking lotto og joker i dag, tenk om eg kunne vunne:):):)
Nå er det berre to dagar te eg skal heim, jabba dabba do:)

fredag, november 03, 2006

Fredag og helg:)


Så var det helg, og ei rimeleg travel helg. Det er denne helga me skal byrje utstillinga vår i Kopervik kulturhus. Eg kom heim onsdag, då hadde Bent vore hjå meg på Notodden siden tysdagen. Me kjørte samstundes ned til Stavanger for å hente Malin og bileta hennar,så me var ikkje heime før kl 02.30....ja ja, sove kan me gjere ein aen gong:)
I dag har me vore å hengd opp i kulturhuset. Det var ganske masse arbeid,men me fekk det ganske flott, synest me sjølv, ivertfall:):):) Så då blir det skrekkeleg spannande å sjå om det vert noko respons på det me har laga. Eg selde faktisk ei veske i dag til Lene lærar fra i fjor. Ho kom og kikka i dag, og hadde med blom og twist til meg. Snille søte Lene:)
Så nå får me krsse tær og fingrar for at utstillinga " to søstre å ei dotter " blir ein knall suksess!!!
Det er jo lov å håpa,vettu:)