onsdag, desember 31, 2008

Godt Nytt År

Årets siste dag er alltid litt vemodig.
Eit år som aldri kjem igjen med sine gleder og sorger,
opp- og nedturar, latter og tårer.
Foran oss ligg eit nytt og ubrukt år,
med alle sine mogelegheiter.
Anne Cath. Vestly skildra nyttår så treffande
i ei av "Lillebror og Knerten" bøkene.
Året som er forbi er ein gamal mann
som er trett av dage,og skal døy,
medan nyåret kjem som ein nyfødd baby.
Det er fint skildra, og slik ser eg på nyttår.
*
Takk alle koselege og kjekke bloggvenner
for at de finnes der ute.
Det hadde ikkje vore lika kjekt å blogge uten dåke.
Godt Nytt År alle saman.
***
Stor varm nyårsklem til deg fra meg.



tirsdag, desember 30, 2008

Romjulsal hjå Frøken Fryd

Julepynten sel eg nå til halv pris.
*
Skuff til adventslys eller pynt kostar nå 67 kr,
og adventstake med plass til 24 lys kostar 69 kr.
*
Band i lilla og raudt med sølvtråd, og lilla med kvitt.
1,50 kr for meteren.

Fattigmannsølvkuler kostar nå 29 kr.
*
Elles driv eg med vareteljing,
og det er alltid lika kjekt *hehe*





fredag, desember 26, 2008

Juledagane...

...er herleg avslappande
med god mat, god tid og late dagar.
* Som de ser av bilete har me hatt,
og har fortsatt eit nydeleg ver.
Klart, stille og kaldt.
Eg gjekk meg ein tur i dag tidleg,
før resten av huset hadde stått opp,
og fotograferte litt på min veg.
*
Inne har me det godt og varmt.
Både eg og Rasmus kosar oss
på kvar vår måte.
*
Desse støvlane ønska eg meg,
og eg må ha vore snill siden eg fekk dei,
og mykje meir.
*
Eit lite utval av det eg fekk i pakkane mine.
*
Julafta var me 11 stk til middag,
og me kosa oss med nydeleg pinnekjøt
som svigerforeldra mine hadde
salta og tørka,mmm.
Pakkar var det i massevis,
og desserten vart ikkje spist før i tolv tida.
Då var alle mette og fornøgde,
og i halv to tida gjekk gjestene heim,
og me kraup til sengs i 2 halv 3 tida:)
I går, første dag, var me heime og spiste sein frukost,
såg Mamma Mia dvd`n og hadde ribbe til middag.
Kaffe og dessert seinare på kvelden.
Mat, mat, mat...
Eg trur eg kjem til å trille ut døra
på mandag når eg skal på jobb igjen..
***
Ha ei fortsatt fin jul,
og kos deg masse.





tirsdag, desember 23, 2008

Lille julafta...

...er det visst i dag.
Heime er det meste klart,
men ein del småting står igjen.
*
Me fekk rydda og pynta ein del i går kveld,
både i stova og kjøkkenet.
*
Denne trioen står i kjøkenglaset,
og dei har fulgt meg i mange år.
Dei heiter Julius, Julia og lille Julafta:)
*
I eit av dei andre glasa på kjøken står ei
sinkpotte med ei vrihassegrein og litt pynt.
*
I stova er det englane som pyntar opp,
medan nissane høyrer til på kjøkenet.
*
Pakkane er pakka inn,
og mange er leverte rundt til familie og venner.
Resten av pakkane ligg på soverommet,
og skal få komme under treet i kveld.
*
Treet kom inn i går og står berre
og ventar på at eg skal pynte det.
*
Eg håpar eg får ei stund for meg sjølv i morgon
til å lage eit aldri så lite God Jul innlegg.
Dagane har gått så alt for fort den siste veka,
og på jobb har det vore kjempetravelt,
men kjekt.
I morgon er er på jobb fra 10 til 12
og så er det juleferie fram til måndag den 29 des.
Eg ser fram til å kunne gå i kyrkja i morgon ettermiddag,
og etterpå gå inn døra heime og kjenne lukta av pinnekjøtt.
Då kjem nok julestemninga,
og julefreden senker seg.
*
Ha ei fin og koseleg lille julafta alle som kikkar innom.
Juleklem til deg fra meg.






tirsdag, desember 16, 2008

Englar og demonar...

Eg har ein vakker engel, eller eigentleg så har eg to,
men den eine er under mistanke for ei stygg ugjerning,
og vert ikkje rekna heilt med for tida.
*
Englane bur inne på kottet nesten heile året,
men i desember får dei komme ut
og pryde stova i heimen vår.
*
Dagen var komen då eg skulle hente fram
englane og litt av julepynten.
Eg løfta englane forsiktig fram
og eg sette i eit aldri så lite forskremd skrik
då eg såg den største engelen.
*
Her hadde det skjedd noko så graverande
at det var rett før eg ringde legevakta.
Kven er det som har vore inne på kottet i løpet av året
og kven kan ha gjort dette?
Er det han som på bilete over, ligg og søv sin søtaste søvn,
eller....
*
...er det ho som står ved siden av her,
og ser litt skjemd ut,
som har SLÅTT HÅL I HÅVE på engelen min????
***
*
Som de ser så skjer det grusomme ting i førjulstida.
Kva slags drama er det som har utspelt
seg i mørkret inne på kottet kan eg berre gjette meg til.
Heldigvis så er engelen etter forhalda i god form,
og skal nok klare å skape julestemning i heimen dette året også.
Men etter jul så skal engelen få ny plass å bu.
Inne på kottet,
må det vere ein demon som ikkje likar englar,
som held til...






søndag, desember 14, 2008

Litt julestemning..

...er det begynt å komme i heimen.
Det hjalp å pakke inn gåver og spele julemusikk,
og ete mandariner:)
*
I går kveld var eg og min kjære på ein fantastisk
julekonsert i kyrkja.
Det var berre lokale krefter fra bygda her og rundtomkring
som sto for sang og musikk.
Barnekoret, musikkorpset og Feedback.
Det var nokre unge talent som fekk tårene fram i mine auger.
Ein 12 åring spela "The Christmas song"
på trompet så taket nesten løfta seg,
og det var nydeleg solosang med kjende
og kjære julesongar med fantastisk flinke songarar.
Ha ein fin og koseleg
3. søndag i advent.

torsdag, desember 11, 2008

Dagens

I dag var det komla til middag hjå oss.

Etterpå var det sofa`n som frista mest,
men istaden for så vaska min kjære badet,
og eg soverommet.
Godt kva som er gjort før helga:)



onsdag, desember 10, 2008

5 ting eg ikkje ønskje meg til jul....

Eg fekk ei utfordring av Catta om å skrive 5 ting eg IKKJE ønskje meg til jul.
Dei 2 første tinga kom kjapt,
men dei 3 neste var det verre med.
*
Men her er årets ønskeliste over:
5 ting eg IKKJE ønskje meg til jul.
1. Ski.
Eg kan ikkje fordra skigåing, og har ikkje hatt eigne
siden eg var 5 år.
2. Kjøkkenduppedittar.
Skapfyll har eg nok av.
3. Ekstrautstyr til bilen.
Så lenge bilen går så er eg fornøgd.
4. Utstoppa dyr.
Eg får frysningar av å sjå og ta på dei.
Likar dyr best når dei er levande.
5. Vaffeljern.
Har allereie 3 stk...
*
Eg skal sende denne videre til 3 stykker,
og då utfordrar eg Sol, Hespe, og Malin.
***
*
Eg har sydd litt nye puter til å ha i butikken,
og har samstundes lagt dei ut i Skattkammeret.
Veldig kjekt å sy puter, og når kundane likar dei også,
så er det enda kjekkare.
*
Ha ein fin onsdag alle som kikkar innom.
*Klem*


tirsdag, desember 09, 2008

Ord for dagen

Gud er din hvile,
Kristus din styrke,
Ånden er nær
som en trofast venn.
Herren har hørt deg
nådig berørt deg,
Herren vil reise deg
opp igjen.
Irsk beskyttelsesbønn

mandag, desember 08, 2008

Julekort

Slik vart årets julekort fra oss.
Skrekkeleg fint, ikkje sant???
Klikk på bilete så vert det større.

søndag, desember 07, 2008

2.søndag i advent


Så tenner vi et lys i kveld, vi tenner det for glede.
Det står og skinner for seg selv, og oss som er tilstede.
Så tenner vi et lys i kveld, vi tenner det for glede.
*
Så tenner vi to lys i kveld, to lys for håp og glede.
De står og skinner for seg selv, og oss som er tilstede.
Så tenner vi to lys i kveld, to lys for håp og glede.

lørdag, desember 06, 2008

Litt om meg og litt til

Eg har fått både utfordring og utmerking dei siste dagane,
og får skunde meg å ta dei med før eg gløymer det ut.
Tusen hjarteleg takk til Tina og Agathe som vil vite 7 ting om meg....
*
Tja, kva skal eg fortelje om meg da.
Tenke, tenke, gruble...
1. Som barn og langt inn i voksen alder var eg hysterisk mørkredd,
men plutseleg ein dag for rundt 6 år siden så var den borte vekk.
*
2. Siden eg lærte å lese har eg slukt bøker,
og i alderen 9-15 år så sat eg med nasen i ei bok,
til stor irritasjon for mange.
3. I ein gymtime i 9. klasse tok eg ein uheldig salto på "tjukkasen"
som resulterte i brudd i to nakkevirvlar.
*
4. Eg har ein tatovering og ein piercing...
5. Eg er veldig lettrørt og grin når nasjonal sangen vert spela,
barnekor syng eller ser ein trist eller rørande film.
*
6. Eg har alltid hatt pinnstritt hår,
men dei seinare åra har det begynt å bølge seg.
7. Eg har alltid hatt katt,
og drog heim kattongar i hopetal til mammas store fortvilelse.
*
Nå veit de litt meir om meg,
og eg skal sende denne videre til 7 stykker.
Men siden det snart er jul får alle
som har lyst lov til å ta den med seg.
***
*
Denne flotte utmerkinga har eg fått av Tina,
Lena, Maret og Christine.
Tusen hjarteleg takk.
*

Denne bloggen investerer i og tror på NÆRHET
- nærhet i rom, tid og forholderne er usedvanlig sjarmerende og søte,
og formålet er å finne og å være venner.
De er ikke opptatt av utmerkelser og selvhevdelse.
Vårt håp er at når båndene på disse utmerkelser er kuttet,
vil enda flere vennskap ha forplantet seg.
Vær vennlig å gi litt ekstra oppmerksomhet til disse!
Gi denne utmerkelsen til åtte bloggere,
som igjen må velge seg åtte nye.
Inkluder denne teksten på utmerkelsen deres.
*
Eg gir denne videre til:
Desse 8 bloggane utmerkar seg positivt på kvar sin måte.
Alex - Mitt hus ditt hus.
Anja -Historien om et liv.
Organic - Lizzi.
Bea - Strikkepinnar og andre pinnar.
Torunn - Hvorfor ikke.
Magny.
Cattas verden.
9na.
*
Ha ein fin laurdagskveld alle som kikkar innom.
*
Ps. Eg har verdens snillaste mann.
I dag gjekk han på jobb for meg fram til kl 12,
slik at eg kunne sove litt frampå etter gårsdagen
langopen butikkjobb:)



fredag, desember 05, 2008

Plutseleg så var det fredag...

...og hjelpe meg så fort tida går.
"Eller tida går ikkje, ho kjem"
er det noko som heiter.
Til tider føler eg det er berre mandagar og fredagar,
og så har me nokre travle dagar imellom.
Jaja, eg bør ikkje klage, men det går for fort.
Eg har så masse eg har lyst til å gjere før jul.
*
Eg såg inne på ein blogg, trur det var Elisabeth Augusta sin,
ein aldelesen søt adventskalender laga av fyrstikkesker.
(Oppskrift kan du finne inne på www.kreativesider.no
Eg visste eg hadde sett det ein plass.)
Den måtte eg prøve og lage, og slik vart mitt resultat.
Adventskalenderen er på veg til ei søt og snill jente
som eg er veldig glad i.
Den kom litt for seint til 1. desember,
men håpar det går greit.
*
Eg har laga litt nye collagar til å ha i butikken.
Nokre små 15 cm x 15 cm,
og nokre 20 cm x 20 cm.
*
Jesuscollagen er 30 cm x 30 cm.
Englecollagane som eg lagar er blitt populære,
og det er jo veldig kjekt:)
*
I kveld skal eg ha ope til kl 22 på Frøken Fryd.
Eg prøvde å få med ein del andre bedrifter også,
men det var ikkje så mange som var interessert.
Så då er det meg, bakaren og
blome og gåvebutikken som har ope +
at juletresalet skulle starte i dag.
Kiwi, matbutikken har alltid ope til kl 22.
Er du i nærleiken så er du hjarteleg velkommen innom,
og få smake gløgg og pepperkaker:)
*
Ha ei finfin helg alle saman.



onsdag, desember 03, 2008

Tjuvjakt

I nattens mulm og mørke i går, gjekk eg på tjuvjakt.
Fangsten var ikkje matnyttig, men eit lite grantre.
Eg håpar inderleg ingen såg meg medan eg sto der
og sleit og drog i den vesle grana.
Følte meg som ei tjuv, og ein tjuv er eg.
Tilgje meg for at eg stjal denne vesle grana,
men hjelpes meg så fin ho er der ute på trappa.
Lurer på om eg må ut ein tur i kveld og....

Posted by Picasa

tirsdag, desember 02, 2008

Juleraudt

Raudfargen høyrer jula til, det er ikkje til å komme bort i fra.
Det kvikkar opp med litt raudt inniblant,
og saman med sink er det knalltøft.
*
Eg har nokre raude fargeflekkar i butikken.
Slik som Tilda inspirerte nisse, og raude lys.
*
Drops i koseleg boks fra Tante Pose.
Eg sel forskjelleg gamaldags snop som drops og karameller,
og det er litt farleg for ein snopegris som meg...
*
Stoffpose til alt mogeleg.
Her har det sneket seg med
eit lite juletre i sink til 6 kr.
Sinkpynten har eg også i engel og gris....
*

Ha ein finfin dag.
Her er det kaldt, og stille med snøfnugg i lufta.
***
*





mandag, desember 01, 2008

Hemmeleg venn gåve og adventskalender

Så er snart den aller første dagen i desember over.
Eg har fått med meg både The Julekalender og Jul i Blåfjell.
Koseleg gjensyn med begge deler:) laurdag fekk eg hentelapp i postkassa mi,
og då var eg kjapp ned på Samvirken for å hente pakken.
Eg pakka utav eska, og inni var det enda ei innpakning før eg fann innhaldet.
Der var 4 nydeleg innpakka pakkar til meg.
Så nydeleg og omtenksomt pakka inn.
*
Nysgjerrig som eg er så pakka eg kjapt, men forsiktig opp.
Inni låg masse flott julepynt.
Stjerne og engel,
og verdens søtaste froskeprins:)
*
Ei nydeleg hekla stjerne, og ein flott linpose
som min hemmelege venn heilt sikkert har sydd sjølv.
*
Ei kjempeflott lysranke fekk eg også,
og korleis visste du at eg har ønska meg ei slik lenge:)
Førebels så heng den rundt eit maleri på soverommet,
men skal nok finne den rette plassen snart.
Tusen hjarteleg takk for den flotte gåva,
og den tenkjer eg kjem fra Sol med My kind of blog.
*
Her heng min og min kjære sin adventskalender,
og me skal trekke annakvar dag.
Så er det om å gjere å ikkje kikke oppi posane
når me går opp trappa.....
***
Eg skal prøve slik som Sol med å ha eit dagleg innlegg fram til julafta.
Adventsblogg, vert det vel då:)

Ha ei finfin veke alle som kikkar innom,
og kos dåke i adventstida.
Klem.