Dagane og vekene kjem og går, litt for fort,
og eg prøver å halde igjen så godt eg kan.
..ein blogg om kvardagslivet, saker og ting eg lagar, og Frøken Fryd kafè & interiør..

Rasmus pusen har ligget strekk ut foran omnen i dag, men når det vert for varmt så er det oppi strikkegarnkorga mi. Nå er det komen snø her i dag, og det likar han veldig godt. Så nå er han ute og spring av seg litt, før ny runde foran omnen. Rare pusen:o)
Me hadde innlevering på skulen denne veka, så på torsdag vart dette utsnittet eg har teikna av Kenneth i kol innlevert + ein del andre ting. Me er begynt på den siste oppgåva før jul, og det skulle vere eit relieff i valfri teknikk. Eg hadde veldig lyst til å lage det i tekstil, men for å utfordre meg sjølv litt så valde eg tre. Så det skal bli spanande å sjå om eg får det til slik eg har tenkt.
Eg held på å sy litt vesker for tida, men det er berre denne som er heilt ferdig. Svart veske med bilde og detaljar i sterke fargar.