mandag, mai 31, 2010

Om å øve seg

Og det er akkurat det eg held på med for tida.
Eg har lenge ønska meg digitalt speglreflekskamera,
og for ei stund tilbake kjøpte eg meg eit Nikon D3000.
Her er det masse innstillingar å setje seg inn i,
så det vert ein del prøvin g og feiling.
*
I helga prøvde eg meg litt fram med blender og lukketid,
og det vart fort tatt over 500 bilete.
Det er skrekkeleg kjekt når eg kanskje er så heldig å få fram
akkurat den stemningen eg hadde tenkt.
Bilete over vart ikkje så aller verst.
*
Collagen er satt saman av pittelitt av det eg fotograferte i helga.
Eg har også laga meg ein fotoblogg,
og har du lyst til å kikke innom,
så er det HER.
*
I dag er det eit nydeleg ver ute med sol fra skyfri himmel,
og nå får me håpe at det er sommaren som endeleg er komen.
*
Ha ein nydeleg dag du også!!!



fredag, mai 28, 2010

Tap og vinn med samme sinn....

Så er trekninga gjort,
og det vart 5 heldige vinnarar.
*
Nr 5 Lise får ei ugle.
Nr 17 Ann Helen får ein boks og ein knagg.
Nr 27 Småbyliv får Læsøsalt.
Nr 32 Sol får lys og serviettar.
Nr 36 9na får ein værstasjon.
*
Gratulera alle saman,
og så håpar eg at gåvene fell i smak :-)
*
Gåvene er sponsa av Frøken Fryd
***

Så over til noko heilt anna.
Fridapusen vår ventar kattongar,
og eg har trudd dei skulle komme i 14 dagar nå,
men neida, ho knip igjen.
Eg er ei skikkeleg overnervøs matmor
som ligg søvnlaus om ho er ute på natta,
og som helst ville hatt ho med på jobb på dagtid.
Jammen meg godt eg ikkje har småongar lengre.....
*
Ha ei finfin helg !!!!




mandag, mai 24, 2010

4 år..

...er gått siden eg hadde mitt første blogginnlegg 24. mai 2006.
4 år med mange innlegg, mange bilete og mange tusen skrevne ord.
Eg har nok sletta ein del innlegg, og nokre ligg lagra som utkast,
men dei aller fleste er der,
og eg synes det er skikkeleg kjekt å gå nokre år tilbake og lese.
*
Både eg og bloggen har forandra oss på desse 4 åra,
og forhåpentlegvis til det betre.
4 år er lenge når ein ser framover,
men ser ein bakover så er det nesten som om det var i går.
*
Eg har blitt kjend med mange hyggelege, kreative, snille,
omtenksomme, hjelpsomme, søte og flotte menneske
her inne i den store bloggverden,
som ikkje var så veldig stor for 4 år siden.
Nokre av dei eg vart kjend med først er her inne ennå, heldigvis,
men nokre har forsvunnet, og mange nye er komne til.
***
Bursdag er kjekt,
og då er det på sin plass med gåver til trofaste lesarar.
**
Alle som legg att ein kommentar under her
er med i trekninga 27 mai.
Kva det er vil eg ikkje sei enno,
eller eg kan sei at det vert i vertfall ei ugle...
Kanskje Frøken Fryd vil vere med og sponse litt også:)))
***
Hipp, Hipp, Hurra!!!!


fredag, mai 21, 2010

Bursdag

Du er utvalgt
av livets tilfeldigheter
til å bli
elsket av meg
for evig og alltid.
Litt på tross av,
men mest på grunn av
de mange ting
som gjør nettopp deg
så inderlig spesiell
for meg.
***
*Gratulera med 41 års dagen kjære Bent*

torsdag, mai 20, 2010

Kloke ord

" Du kommer til ett punkt i livet ditt
der du innser hvem som betyr noe for deg,
hvem som aldri gjorde det,
hvem som ikke vil gjøre det mer,
og hvem som alltid vil.
Så ikke bekymre deg over personer i fortida di,
det er en grunn til at de ikke ble med til framtida di"

onsdag, mai 19, 2010

Ventetid...

...det er det me er inne i nå.
Fridapusen ventar kattongar,
og eg har trudd i over ei veke at,
ja nå kjem dei.
Men fortsatt ventar me....

tirsdag, mai 18, 2010

Hipp hipp....

17. mai var ein flott dag med
bunad, flagg, is, brus, pølse,
kake, kaffi, drøs, kos, tale, leikar, sang,
stafett, fotballkamp, natursti,
sol, kald vind, fyr i omnen...

onsdag, mai 12, 2010

"Augegodt"

"Color can speak to the soul
in a thousand different ways"
*
Litt sukkertøyfargar til inspirasjon.
*
Collagane er satt saman av bilete
tatt inne hjå Frøken Fryd.
*




torsdag, mai 06, 2010

Knappugla

"En venn er noe hjertet trenger hele tiden"
*
2 gode uglevener vart sydd på jobb i dag.
*
Store gamle knappar til auge,
litt stoffrester til applikasjon,
og rispose i rumpa slik at ho står støtt.
*
Prikkete prikk ugla.
...og kanskje kjem det fleire...



mandag, mai 03, 2010

Solskinsmandag

"Be happy for this moment
- this moment is your life"
*
Plutseleg var det over ei veke siden sist blogginnlegg.
Vekene og helgene går skrekkeleg fort,
og nå kunne eg faktisk tenkt meg å stoppa tida litt.
Dei to siste helgene har eg vore kjøkkenhjelp i 3 konfirmasjonar.
Travelt, men veldig kjekt å kunne hjelpe til.
*
Eg har knipsa litt bilete fra butikken i dag,
og som du ser, så er det strålande sol ute:)
Trekassane er gamle dynamitt- og margarinkassar
som er fine til å ha til pynt og nytte,
både ute og inne.
Dei er kjekke å ha aviser og blader oppi,
eller stable oppå kvarandre og ha som skohylle.
Uendeleg mange bruksmogelegheiter med trekassar.
Sjølv om det er sol ute så er det ikkje den store varmen,
og i natt var det frost.
Terrasselivet må visst vente ei stund til.
Det hjelper litt å dekke sommarlege bord inne
slik eg har gjort med Greengate serviset.
*

I dag har eg hatt besøk av ei koseleg journalistdame
som skreiv om butikken min.
Eg fortalde om meg og mitt og det eg lagar sjølv,
og om trenden innan interiør og gjenbruk.
Det skal bli spanande å lese det ho skriv
og sjå bileta.
*
Puter og kjolar er blitt ein stor del av arbeidet mitt.
Eg syr og syr kjolar til store, små, lange,
tynne og trinne jenter i alle aldrar.
Putene som eg syr av gamle broderier
får også mykje merksemd.
"Alle" har eit forhold til broderte puter, klokkestreng,
løparar og bilete fra barndommen.
Kjekt å kunne bruke på nytt,
dette som nokon har brukt mange,
mange timar på å brodere.
*
Miss Dee smykke som eg har på meg,
+ mange fleire modellar, både armband og ring,
fås kjøpt i butikken.
*
Ha ein strålande fin dag, og ein god ny veke,
du som kikkar innom.