mandag, november 30, 2009

Boller og kakao....

....gjekk det mykje av på fredag og laurdag når eg var i Rosendal.
Varm kakao var godt og varme seg på når gradestokken
ikkje viste så mange plussgradene.
*
Kvar utstillar fekk ei bod som dei hadde tinga sine inni,
og der inni sat eg i 2 dagar.
(eg sov ikkje der inne altså, men på Rosendal Turisthotell)
Heldigvis så hadde eg godt med ullklede på meg,
så eg fraus ikkje, men eg kan ikkje påstå
at det var så skrekkeleg varmt heller,hehe.
*
Slik som dette såg det ut i litt av mi bod.
Det var masse koseleg mennesker,
både utstillarar og besøkande,
og nye og gamle kjende traff eg også.
*
I går var det 1. søndag i advent,
og eg fekk nå leita fram lysestaken
og ei stjerne til å ha i eine kjøkenglaset.
Advent kjem like overraskande pmeg å kvart år,
men det ordne seg alltid :)
*
Eg såg at det var nesten 14 dagar siden sist innlegg,
men dei siste vekene har berre flaksa av garde,
og eg med.
Likevel så har eg optimistisk tenkt å ha adventskalender på bloggen
med eit lite innlegg kvar dag.
Så får me sjå om eg klarer dette,hehe.
***
Ha ei fin og god adventstid
alle som er så snille og kikkar innom meg.


tirsdag, november 17, 2009

Engler daler ned i skjul...

...både her og der.
På laurdagens juleverkstad så vart det englar
på både syltetøyglas som vart flotte lykter,
og på kort, fyrstikkesker og andre små esker.
Me storkoste oss både små, ikkje fullt så små
og store i mange timar.
*Kjøkkenbordet mitt var dekka av
utstyr til å lage og dekorere med,
og konsentrasjonen vart på topp.
Som eine venninna mi sa;
"Eg har ikkje vore så kreativ på det eg kan hugse"
Men når ein jobbar hardt så vert ein svolten,
og då var det godt med risengrynsgraut
med mandel i...
*
På butikken er det også englar som gjeld.
Her har eg laga merkelappar med engleglans på,
og dei ligg oppi ei eske med lokk i samme stil.
Englar er fine heile året,
men eg syns dei er ekstra flotte å pynte med til jul.
Nostalgisk julepynt er det eg er mest glad i:)
*
Til helga skal eg vere med på ei julemesse i Haugesund
i Haraldshallen, og eg lagar julepynta ting for harde livet.
*
Siste helga i november skal eg vere med på
"Jul i Rosendal"
og der trur eg vert skikkeleg skikkeleg julestemning.
*
Kanskje eg ser DEG på ein av desse plassane??




fredag, november 13, 2009

God helg

Vil ønskje alle som kikkar innom
ei fin og god helg.
*
I morgon, laurdag,
skal eg har juleverkstad heime
i lag med 2 venninner og ongane deira.
Me skal kose oss med å lage julepynt,
og ete risengrynsgraut.
Det er viktig å kose seg innimellom :)

onsdag, november 11, 2009

Masse nytt og litt nyttig...

..seier venninna mi Ingrid om plassen ho jobbar.
Det samme kan eg seie også:)
Det kjem nye varer inn i butikken nesten kvar dag,
og nå er det rimeleg fullt.
Eg er særs glad i hjarte og englar,
og denne rustikke engelen synes eg er veldig flott.
Eit lite sinkhjarta er det alltid plass til,
og eskene som eg dekorer med nostalgiske bilete og blonder
er koselege til å oppbevare saker og ting i.
*
Søte englevinger som kan henge til pynt kor som helst,
og små musikkinstrumenter som kan pynte juletreet 
eller henge på ei grein.
Tøff, linfarga pute med trykk.
*
Søt og rosa lampe med klype kan vere fin gåve til jenterommet.
Eg har han også i lyseblått og kvitt.
Tøffe kruner til telys i antikksølvfarge.
Nydeleg handlaga papir fra Nepal,
med sølvtrykk og svarte noter.
Alt dette og mykje meir er å finne hjå Frøken Fryd i Isvik, 
*
Heime har eg pynta med nydelege lerkekvister 
i vasar rund tomkring i huset.
Lerkekvister med sine søte små kongler på,
 er så fine synes eg.
Det er eg forresten ikkje aleine om å syns.
Frida pusen har lagt sin elsk på desse,
 og hoppar opp på bordet og forsyner seg med både kongler og kvister.

Ho er ein aktiv liten turbopus og er inni og oppå det meste.
Vaskemaskinen er ho veldig interessert i,
og står og ser på når han går, og kryper inni når han er tom.
Glaskarmen er fin å ligge i, og alle andre plasser ho kjem til.
På bileta ser ho roleg og sindig ut, men skinnet bedrar,hehe:)
Så her i heimen er det full fart med firbeinte, 
me på to tar det litt meir med ro.
***
Ha ei fortsatt fin veke du som kikkar innom:)





fredag, november 06, 2009

onsdag, november 04, 2009

Pittelitt JUL...

...er komen på plass i butikken,
og meir kjem det framover.
Store flotte trebokstavar med GOD JUL
som er fine i vindaugskarmen eller på ei hylle.
Desse er å finne her
*"My first year" ramma er kjempenydeleg,
og så koseleg å ha eit bilete for kvar månad.
Då ser ein verkeleg korleis dei søte små
forandrar seg månad for månad.
Knaggrekka med "Home Sweet Home"
skal ivertfall eg snope med meg heim.
*
Adventstaken med kongler er kjempetøff og passe rustikk,
og den vesle kammerstaken med kongler er superskjønn:))
Veske som eg har sydd med bruk av blonder,
band, dill og dall.
New York klokke som heng i kjetting
er fin både på kjøkkenet og stova:)
*

Greengate har fått kome inn i eit nymala skap,
og nå står dei så fint og vente på at nokon skal kjøpe dei:)
*
Her i vest er det stormfulle dagar og netter,
og alt som ligg laust ute, er på vandring.
Heldigvis så har me eit solid hus,
men det knakar og knirkar faretruande til tider.
Me får satse på at blesten snart gir seg.
*
Ha ein super fin dag du som kikkar innom.