fredag, november 30, 2007

Sky watch friday and exhibition


var det fredag igjen, og tid for himmelbilete. Denne veka har eg vore travelt oppteken med å klargjere alt til utstillingen in som opnar i kveld kl 19. Fotoapparatet ligger altid klart for kanskje å klare å knipse eit blinkskot. Denne veka har himmelen stort sett vore grå med alle sluser opne, men det har hendt at sola har brote igjennom skydekket.
Slik ser det ut då.
Eg synest det er så vakkert når det blir striper fra sola ned mot sjøen.

I have been busy this week to get ready with my artwork.My exhibition is opening this evening. But I have allways time to get a sky watch photo. The sky has been grey this week, but sometimes we could see a bit of the sun. I loves the sunstripes down to the sea, it makes everything beautiful.
Two collage of my artwork you can see under here. A little bit of it:o)
Sorry for my bad english spelling:)

Her er eit lite utval av det eg har på utstillinga " På eigne bein", som opnar kl 19 i kveld med gløgg, mozell og litt å bite i.

Her stiller eg ut 31 malerier, 11 vesker og masse små pyssel som smykker, julestrømper og hjerter. Det blir spanande å sjå korleis dette går.
Eg har ein god del sommarfuglar i magen akkurat nå, og er veldig spent på responsen til dei som kjem innom.
*
Dagen i dag er ein merkelig dag.
Den er din.
Dagen i går slapp deg utav hendene.
Den kan ikke få annet innhold enn det du alt har gitt den.
*
Dagen i morgen har du ikke noe løfte på.
Du vet ikke om du kan regne med å råde over den.
Men dagen i dag har du.
Det er det eneste du kan være sikker på.
Den kan du fylle med hva du vil.
Benytt deg av det.
*
I dag kan du glede et menneske.
I dag kan du hjelpe en annen.
I dag kan du leve slik at noen i kveld er glad for at du er til.
Dagen i dag er en betydningsfull dag.
Den er din.
Ukjent
Ha ei kjempefin 1. søndag i advent helg, alle saman.




tirsdag, november 27, 2007

Mitt innlegg nr 200!!!

Våg å være
Våg å være ærlig, våg å være fri.
Våg å føle det du gjør, si det du vil si.
Kanskje de som holder munn er reddere enn deg?
Der hvor alt er gått i lås må noen åpne vei.
*
Våg å være sårbar, ingen er av stein.
Våg å vise hvor du står, stå på egne bein.
Sterk er den som ser seg om og velger veien selv.
Kanskje de som gjør deg vondt er svakest likevel?
*
Våg å være nykter, våg å leve nå.
Syng, om det er det du vil - gråt litt om du må.
Tiden er for kort til flukt, bruk den mens du kan.
Noen trenger alt du er, og at du er sann!
Hans Olav Mørk
*
***
*********************
***
*


Dette er mitt blogginnlegg nr 200!!!!!!
Overrasking kan komme til dei som legg igjen kommentar:o)

mandag, november 26, 2007

Ny veke, nye muligheter...

I går kveld kom det litt snø her vest, og eg måtte jo ut og ta bilde av dette kvite teppet som la seg og gjorde alt vakkert. I dag har det vore strålande sol, så litt av snøen har smelta allereie.

Min kjære er reist til Trondheim, og kjem ikkje heim før onsdagskvelden. Så då må eg og Marie klare oss aleine så lenge:o) Me har jo store sterke Rasmus pusen som passar på oss, så det er ingen fare....Eg vart frista til å kjøpe nokre blomar i dag, så då vart det ein asalea i stoveglaset og to sviblar i kjøkenglaset.

Eg likar godt kvite blomar om vinteren, og desse passar både til advent og jul. Eg har ikkje begynt verken å vaske eller å pynte, så då får dei stå der i alt rotet mitt. Eg må bli frerdig med det eg skal gjere til utstillingen før eg kan tenke på adventspynting.
I heile dag har eg sydd og sydd, og det gjorde eg visst i går også....


Resultatet av syinga ligg her, 5 vesker.
4 manglar glidelås og skulderreim,



Men denne er heilt ferdig med både glidelås og reim.
Desse + nokre fleire skal få vere med på utstilling i helga. Så då håpar eg at dei får nye eigarar eller hamnar under juletreet som gåve.
Slike små hjerter i lin og med brodert tekst og pynt, har eg sydd ein del av, innimellom alt anna eg held på med.

Eg las i Kamille i dag, om ein familie som hadde vunnet vaskehjelp for eit år:o) Det hadde vore noko. Men sånn som det ser ut her akkurat nå, så trur eg ikkje eg hadde sluppet inn framande folk....*fnis* Eg må nok ta rotet mitt sjølv.
I same bladet sto det ein artikkel om blogging, også.
*
Elles har eg ikkje vore så flink til å kommentere hos alle, men eg skal prøve snarast.
Tusen takk for alle koselege, hyggelege, oppmuntrande og goe kommentarar de legg igjen her hos meg. Dei set eg stor pris på, og eg blir rett og slett glad inni meg:o)





lørdag, november 24, 2007

Kloke ord, og sommerbilder.

Teller du år
blir livet kort.
Teller du dager
går livet fort.
Teller du timer
varer livet en stund.
Men lengst varer livet
om du nyter hvert sekund....

fredag, november 23, 2007

Sky Watch Friday!


Etter dagar med regn og ruskevær så var det godt å vakne opp til klar blå himmel i dag tidleg.
Det var nokre få skydottar på himmelen, men dei forsvann då sola kom fram.

Rasmus pusen nyter det fine været, og himmelen har ein nydeleg blåfarge i dag.
*
After days with rain it was a good feeling to see the blue sky early in the morningtime. Before the sun rise there vere some small cloudes, but now the sky is beautiful blue. Rasmus, my cat, is enjoying the nice weather outside.
Have a nice friday and weekend everyone:o)


torsdag, november 22, 2007

Til deg min kjære.

Ein å vere to i lag med

Fint med ein å gå på tur i lag med,
fint med ein å vere sur i lag med.

Fint med ein å ha ein katt i lag med,
ha ei stund i lag med,
ta ein blund i lag med.

Fint med ein å vere glad i lag med
eller vere stiv og sta i lag med.

Fint med ein å vere snill i lag med,
teie still i lag med,
vere til i lag med.

Vere to i lag og teie still,
vere to i lag og vere til.

Fint med ein å ha det flott i lag med,
ein ein òg kan ha det smått i lag med.

Ein å dele styr og stell i lag med,
dele fell i lag med,
dele gjeld i lag med.

Ein som ein kan vere blid i lag med,
ein ein kjenner seg heilt fri i lag med.

Ein som ein kan halde fred i lag med,
og kan le i lag med,
hogge ved i lag med.

Vere to og hogge ved,
vere to i lag og kunna le.

Fint med ein å få ein prat i lag med
eller få ei mål med mat i lag med.

Ein å ro ein liten båt i lag med,
vere våt i lag med,
kjenne gråt i lag med.

Ein som ein kan ta ein trall i lag med
eller snuse på konvall i lag med.

Ein å kunne sjå det gro i lag med,
vere god i lag med,
vere to i lag med.

Vere to i lag og ikkje sju,
vere to i lag med ein som du!

Fritt omskrevet etter Josef G. Larssen.

onsdag, november 21, 2007

Onsdagsdill

I dag har det regna og regna, og til og med nypene synest det er trist...men, men, ikkje så mykje å gjere med det. Eg har gjort ferdig siste oppgåva på skulen som var eit relieff. Her er då mi tolking av eit relieff i tre. Det vart tredelt med hjarta som motiv. Eg har hola ut hjarter, skore rundt hjarter og spikka lause hjarter som er festa på. Mala det og skore spor i bakgrunnen.


Dette hjarta har eg spikka ut av eit stykke med lind. Lind er eit mjukt treslag og godt å spikke i, pussa det i fleire omgangar og mala det. Hjarta er festa slik at det ligg ein cm utfra bakgrunnen. I bakplata har eg skore spor slik at tre viser.

Så då er siste oppgåva ferdig, og skal leverast i morgon. Då får me også vite kva som skal stillast ut på eksamensutstillinga den 3 des.


Elles i dag har eg vore ein liten tur i by`n. er på jakt etter svarte støvlettar, men det er svært vanskeleg å finne noko under 1500 kr, og eg hadde ikkje tenkt å betale så mykje. Eg fann eit par stk, men når eg ikkje er heilt fornøgd så kan det berre vere. Eg kjøpte godlukt til mannen istaden for. "One" fra Calvin Klein, mmmmm, den luktar godt. Det er jo ikkje berre me damene som skal få overraskingar i kvardagen, er det vel?
Han vart veldig glad ivertfall.
I kveld har eg vore på Pilates trening, og det kjenner eg i bakenden....hmmm, visste ikkje at det var musklar akkurat DER. Au:o)
Går ein kveld i veka, og det er veldig kjekt, men er berre nybegynnar ennå.
Så det var litt av det eg har gjort i dag.
Ha ein fin kveld alle saman:o)








mandag, november 19, 2007

Hjerter i trengsel...

Symaskina står sjelden stille her i heimen, og dei siste vekene har ho fått kjørt mange kilometer. Eg har sydd mange hjerter i forskjellige str, og med forskjellig dekor. Nokre har fått bilde på seg, nokre har fått litt broderi, medan andre har ikkje fått noko enno.

Her er eit hjerte i lin med påsydd lapp og broderi. Det skal kanskje få henge på ein lysestake som her, eller på juletre eller noko heilt anna.

Eit hjarta kan brukast til mykje. Det har eg sett rundt omkring på andre bloggar. Mine skal få vere med på ei julemesse på lørdag, og vert dei ikkje selde der så er det jo snart jul!!!
Eg har sydd mange, mange julestrømper og vesker som også skal få vere med på same messa.


Eg har mala litt fleire malerier også, og siden det snart er jul er det raudt det går i hos meg...
Neida, det er ikkje berre derfor. Eg er generelt glad i å bruke raudt når eg malar, og gjerne i lag med svart og gult/gull som det er brukt her.


Desse to, ilag med mange fleire skal få vere med på utstillinga eg skal ha første helga i advent her eg bur. Det blir spanande å sjå kva respons eg får på den. Utstillinga heiter "På eigne bein"
*
På skulen er det nå siste innspurt og siste oppgåva "relieff i tre" skal leverast på torsdag. Eg er nesten ferdig, skal berre montere det i saman i morgon. Desse månadane på skulen har gått som ein røyk. Men det er vel slik når ein storkosar seg med det ein held på med, og har berre koselege og positive menneske rundt seg:o)

Dette er mamma mi si gamle Singer symaskin som eg har som pynt på syrommet mitt. Den står der og minner meg om tider som har vore, og alt arbeid som nok er utført med den.
Takk for alle koselege kommentarar de legg igjen her hos meg. Eg set stor pris på det og vert glad for kvar einaste ei.
Ha ei fantastisk fin veke alle saman der ute:o)





søndag, november 18, 2007

Venner

Noen sier at gode venner alltid må holde hverandre i hendene....
Men gode venner trenger ikke det-
De vet at den andre hånden alltid er der.

fredag, november 16, 2007

Kloke ord på ein fredags kveld



-"Kommer vi til å være venner for alltid?" spurte Nasse Nøff.

-"Enda lenger" svarte Ole Brumm.

Sky Watch Friday


I dag var det berre ei grå tåke ute så det vart ikkje noko himmelbilde fra i dag, men eg har bilder på lur i arkivet:o)
Bileta viser litt forskjellig himmel og vèr. Bakgrunnen er tatt ein morgon eg venta på ho som eg kjører i lag med til skulen. Det blåe er utsikta fra terrassen ein stille dag på fjorden, og det andre er tatt på same plassen sist veke då det kom litt snø.
*
*
Today the weather is grey here in the westcoast of Norway, so I had to find some picture in my arcives. The background picture I took early in the morning while I was waiting for the person I drive to school with.The blue one is the view from my terrace, and the next is the same, but from last veek when we got a little bit of snow.
*
Have a nice weekend everyone:o)

onsdag, november 14, 2007

Lillelørdag...

I dag var det ein kald og nydeleg morgon. Eg har fri resten av veka, og det er godt å leva:o)
Marie har skulefri i morgon og siden me jobbar ganske fritt kunne eg ta fri fra skulen. Eg har arbeid med meg heim, og har ein del pusse og malearbeid igjen på relieffet eg lagar.

Når Marie var gått på skulen i dag hadde eg eigentleg tenkt å legge meg igjen, men med det fine veret så vart eg ganske våken. Så nå har eg mala i nokre timar, og så får det tørke litt medan eg blogge, hehe. Eg maler bilder til ein utstilling eg skal ha helga, 30nov - 1 des.

Eg prøver å sy litt kvar dag, og dette er dei to siste veskene eg har sydd. Svart veske med turkis og limegrøne detaljar, englebilde i svartkvitt, knappelukking og skulderreim.

Mørkebrun veske med glidelås, skulderreim, englebilde og detaljar i turkis, lilla og brunt.
Eg har ein del veskebestillingar som skal syast før jul, men dei får vente til etter utstillinga mi.
*
Eg er såvidt begynt å tenke på julegåver, og nå er dei 2 første i hus. *smil*
Eg likar å vere ferdig med gåvene tidleg i desember, men det er ikkje alltid eg klarer det. Ikkje likar eg å stresse med det heller, fordi då forsvinn gleda med å gi gåver.
*
Dagens hurra for:
*SOL
*Fri til mandag
*Bloggvenner
*Komla til middag
*Akrylmaling
*Syrommet mitt
Ha ein strålande dag alle der ute i Blogglandia



lørdag, november 10, 2007

Helgekos


I går kveld hadde eg ein filmdate med min kjære. Me var heime aleine, og ingen av oss skulle ut på noko anna for ein gangs skuld. Snill som han er så fekk eg velge film, og siden eg er så glad i koselege og romantiske filmar så vart det "The Holiday". Eg såg han på kino i fjor jul, men min kjære hadde ikkje sett han, så då var det jo greit:o) Det er godt å sjå filmar som er berre koselege og alt går godt. + at det er mykje fint å sjå på i denne filmen,hehe. Tenker jo då sjølvsagt på interiøra i dei engelske landsbyhusa....

Rasmus pusen har ligget strekk ut foran omnen i dag, men når det vert for varmt så er det oppi strikkegarnkorga mi. Nå er det komen snø her i dag, og det likar han veldig godt. Så nå er han ute og spring av seg litt, før ny runde foran omnen. Rare pusen:o)

Me hadde innlevering på skulen denne veka, så på torsdag vart dette utsnittet eg har teikna av Kenneth i kol innlevert + ein del andre ting. Me er begynt på den siste oppgåva før jul, og det skulle vere eit relieff i valfri teknikk. Eg hadde veldig lyst til å lage det i tekstil, men for å utfordre meg sjølv litt så valde eg tre. Så det skal bli spanande å sjå om eg får det til slik eg har tenkt.


Eg held på å sy litt vesker for tida, men det er berre denne som er heilt ferdig. Svart veske med bilde og detaljar i sterke fargar.
*
I kveld skal me på middag til mi kjære storesøster Berit.
Der skal me vere alle 4 søskena og ektemakar, så det vert nok ein triveleg og koseleg kveld.
Så til alle som er innom vil eg seie tusen takk for alle koselege kommentarar:o) og så vil eg ønskje alle ei retteleg GOD HELG.



fredag, november 09, 2007

Fredagshimmel

Når eg kjører til Stord der eg går på skule, må eg gjennom ein lang tunnel under sjøen og ei flott bru. Denne brua synest eg er eit mektig skue der ho tronar i eit flott landskap.


Bilda vart tatt i går når eg kjørte heim fra skulen, mot Sveio land.




Dette bildet er tatt mot vest og Bømlo, som også vart landfast med trekantsambandet.

Yesterday I took this pictures on the brigde between the island Stord and Sveio, in the westcoast of Norway.

onsdag, november 07, 2007

Onsdagsdikt

Når mørkret
slår innover meg,
og kulden lansomt
stig opp gjennom kroppen,
og augo ikkje lenger
ser,
kjem eg til å trivla
etter handa di,
endå eg veit
at du ikkje
kan bli med meg.
Sigmund Skard

tirsdag, november 06, 2007

You make me smile award

Denne koselege utmerkinga fekk eg av mi kjære storesøster Berit.
Det var ei hyggeleg overrasking på ein heilt vanleg tysdag:o)
Tusen hjarteleg takk.
*
Eg vil gjerne gi denne videre til nokre flotte damer som får meg til å smile når eg les kva dei skriv på bloggen sin.
Den første eg vil gi denne til er Redrobin, som skriv om sine kvardagsbetraktningar slik at alle og ein kvar kan kjenne seg igjen, og må le med henne.
Den andre eg vil gi denne til er Elin, som skriv innlegg grytidleg på morgenkvisten medan me andre sover, og som fortsetter dagen i eit forrykande tempo.
Den tredje som får denne er Gawo, som tek oss med på fantastiske turar på 2 hjul og 2 bein, og viser flotte bilete fra fjell og sjø.
*
Elles så fortener faktisk alle desse flotte og koselege menneska som skriv om kvardagslivet sitt her inne denne utmerkinga:o)
Det er ei glede å ha blitt kjende med alle saman.

mandag, november 05, 2007

Marie, dagens bursdagsbarn.

Gratulera med 14 års dagen litla gullet mitt.

For 14 år siden vart denne søte lille jenta fødd, og etter det har det sjelden vore stille i heimen....

Med glimt i auga og smilet på lur.

Tannlaus var ho i ein periode, den varte sånn ca fra 3 års alderen til nye tenner kom i 7 års alderen.


Fotomodellen våras:o)



DU skal få være trassig tenåring, du blir fort nok voksen.
DU skal få skrike, løpe din vei, du kommer likevel til å søke hjem igjen.
DU vil snuble, men kommer likevel til å reise deg.
DU skal få være sur og deppa, du kommer til å bli glad igjen.
DU skal få leve ditt eget liv, du vil jo forlate oss en gang.
Du skal få ha hemmeligheter, du kommer til å fortelle dem senere…om og hvis DU vil.
DU skal få prate når du trenger det, vi er der når DU trenger oss.
DU skal få gå når du er klar, men vi vil aldri slippe deg helt.
DU skal få komme igjen, og være liten,..
DU vil ikke alltid være stor
ukjent

fredag, november 02, 2007

Fredagskveld

Været vore så grått at det vart ikkje noko bilde av himmelen i dag. Så eg leita litt i bildene mine og fann dette som eg tok i vår.


Så må alle ha ein fin fredagskveld.
*
Dagens hurra for:

Nyvaska hus.

Kenneth kjem snart heim.

Malin kjem i morgon.

Marie har rydda rommet sitt.

Helg

Vin med 4 venninner i kveld.

Rosebukett på bordet.