Viser innlegg med etiketten award. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten award. Vis alle innlegg

tirsdag, mai 20, 2008

Eg, ein kreativ blogger!!!

Eg har fått "kreativ blogger" award av både Harmoni og Lykkelene.
Tusen,tusen takk begge to*smiler*
Det er så utruleg koseleg at nokon set pris på meg og bloggen min.
Eg gir den herved tilbake til dåke to,
og skjønar godt at dåke fekk han i utgangspunktet:)
***
Eg skal gi denne videre til fire andre kreative bloggarar,
men helst har eg lyst til å gi den videre til alle på linklista mi.
Eg får halde meg til reglane,
elles kan det tenkjast at dei trekker tilbake awarden min*huffåhuff*
******
Eg vil gi denne kreative bloggar awarden til:
***
Bea med bloggen - "Strikkepinner og andre pinner" fordi
ho er ei jente som tryllar fram det eine flotte strikkeprosjektet
etter det andre i ein rasande fart.
Eg likar også hennar sans for humor:)
***
Beritsøster med bloggen -"BeritT" fordi
ho tar fantastiske foto, malar dei nydeligaste bilete,
og fordi ho er storesøster mi.
-Innhabil eg??? Neida.
***
Merete med bloggen "en reise med små sting..." fordi
ho syr dei mest fantastisk flotte saker og ting,
og skriver så fint om dagleglivet sitt.
***
Grethe med bloggen "Morgrethe" fordi
ho viser oss flotte foto,
strikker metervis med skjerf og andre flotte ting,
og det er alltid kjekt å kikke innom til henne:)
***
Ha ein fin dag alle saman.

tirsdag, november 06, 2007

You make me smile award

Denne koselege utmerkinga fekk eg av mi kjære storesøster Berit.
Det var ei hyggeleg overrasking på ein heilt vanleg tysdag:o)
Tusen hjarteleg takk.
*
Eg vil gjerne gi denne videre til nokre flotte damer som får meg til å smile når eg les kva dei skriv på bloggen sin.
Den første eg vil gi denne til er Redrobin, som skriv om sine kvardagsbetraktningar slik at alle og ein kvar kan kjenne seg igjen, og må le med henne.
Den andre eg vil gi denne til er Elin, som skriv innlegg grytidleg på morgenkvisten medan me andre sover, og som fortsetter dagen i eit forrykande tempo.
Den tredje som får denne er Gawo, som tek oss med på fantastiske turar på 2 hjul og 2 bein, og viser flotte bilete fra fjell og sjø.
*
Elles så fortener faktisk alle desse flotte og koselege menneska som skriv om kvardagslivet sitt her inne denne utmerkinga:o)
Det er ei glede å ha blitt kjende med alle saman.