torsdag, november 22, 2007

Til deg min kjære.

Ein å vere to i lag med

Fint med ein å gå på tur i lag med,
fint med ein å vere sur i lag med.

Fint med ein å ha ein katt i lag med,
ha ei stund i lag med,
ta ein blund i lag med.

Fint med ein å vere glad i lag med
eller vere stiv og sta i lag med.

Fint med ein å vere snill i lag med,
teie still i lag med,
vere til i lag med.

Vere to i lag og teie still,
vere to i lag og vere til.

Fint med ein å ha det flott i lag med,
ein ein òg kan ha det smått i lag med.

Ein å dele styr og stell i lag med,
dele fell i lag med,
dele gjeld i lag med.

Ein som ein kan vere blid i lag med,
ein ein kjenner seg heilt fri i lag med.

Ein som ein kan halde fred i lag med,
og kan le i lag med,
hogge ved i lag med.

Vere to og hogge ved,
vere to i lag og kunna le.

Fint med ein å få ein prat i lag med
eller få ei mål med mat i lag med.

Ein å ro ein liten båt i lag med,
vere våt i lag med,
kjenne gråt i lag med.

Ein som ein kan ta ein trall i lag med
eller snuse på konvall i lag med.

Ein å kunne sjå det gro i lag med,
vere god i lag med,
vere to i lag med.

Vere to i lag og ikkje sju,
vere to i lag med ein som du!

Fritt omskrevet etter Josef G. Larssen.

8 kommentarer:

Hulda sa...

Så fint dette diktet var! Og så sant! Det er godt å være to i lag. :)

Veldig fine innlegg du har hatt i det siste, har ikke rukket innom her før i kveld. Så fine hjerter du har sydd, håper du får solgt de på messa.

Hulda sa...

Så fint dette diktet var! Og så sant! Det er godt å være to i lag. :)

Veldig fine innlegg du har hatt i det siste, har ikke rukket innom her før i kveld. Så fine hjerter du har sydd, håper du får solgt de på messa.

elisabethj sa...

ÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅ! Nyydelig.....Syns diktet beskriver den store gaven det er å være to..... Kanskje jeg kan låne det av deg?

Torsdagsklem

Berit sa...

Ja det er godt å være to, det er helt sikkert!
Kjempeflott arbeide du har gjort med relieffoppgaven med hjertene!
Og så i min farge da... det likte jeg ekstra godt :o)
Klem.

Landliv sa...

Så romantisk og vakkert!
Takk for at du delte dette med oss.... Klem

Flower Power sa...

Så flott dikt! Det er jammen en stor glede i det å være to. Synd vi etterhvert tar den andre litt som en selvfølge, men dette diktet er en fin påminnelse om hvor berikende det er å få oppleve ting sammen:)
Ha en fin helg:))

Ida sa...

Nydelig! :)
Kos deg videre med maken
og fin fin fredag. :)

Marie sa...

Så fint dikt! Så sant, så sant!