fredag, juni 22, 2007

Helg

Takk for alle koselege helsingar til den store dagen vår som er i morgon. Eg tar ein bloggpause til etter helga. Eg skal ta masse bilder av både bordpynt og alt anna så de skal få sjå.
Været ser foreløbig bra ut, overskya, men mildt. Eg er fornøgd berre det ikkje regnar.
Nå er talen skreven, og øvd litt på, klærene i hus og lokalet skal pyntast nå i dag. Bildene her er av rosene eg skal pynte med.
Då må alle koselege bloggvenner ha ei fantastisk fin helg, det skal eg ha:o)



torsdag, juni 21, 2007

Generalprøve...

I ettermiddag har me hatt generalprøve i kyrkja. Det gjekk fint, og eg vart ganske svett og rørt samtidig.... Kossen skal det gå på lørdag, mon tru?
Det er sønnen min som skal gå meg opp kyrkjegolvet siden pappa min ikkje lever lenger.
Det var ein veldig koseleg prest me skal ha, han som høyrer til her har ferie, så me fekk ein fra ei anna bygd. Han forklarte og me gjekk gjennom heile ritualet, så eigentleg så er me gifte nå, me sa ja på to plassar begge to, hehe.
Begge jentene mine skal lese kvar sitt bibelstykke, og forlovaren min skal lese fra "Profeten" av Kahlil Gibran. Ein venn av oss skal spele "You raise me up" på piano, og ungdomskorpset skal spele "Tir`na Noir" av Vamp. Bruremarsjen inn er Mendelssohn "Fra en midtsommernattsdrøm" og ut er det R. Nordraak "Purpose". Eg håpar og trur at dette skal skape ei fin ramme rundt vielsen.

Bildet over er av litt av pynten som skal brukast til å pynte bordet med. Bent skal hente 100 kvite og lime farga roser i morgon, som skal brukast som pynt. Det kan bli bra:o)

I kveld har me rydda og vaska, og eg har baka to kakebotnar som eg skal pynte på fredag. Me får besøk av eit vennepar fra Irland som kjem i morgon, og skal vere hos oss til neste torsdag.
Mine tre barn med to kjærestar skal også ligge her i helga, så det vert fullt hus og stormende jubel.

Noko liknande som dette skal eg ha bordpynten, men med kvite roser. Me har større skåler også som det kan ligge 3 roser i+ grønt.
Eg gler meg til å pynte lokalet og bordet, og håpar at det vert fint:o)

Tusen takk for alle koselege helsingar, og lykkeønskingar om fint ver til dagen vår;o)
Det set me stor pris på.

mandag, juni 18, 2007

Mandag alt...

Hei å hei i kvelden.

Eg får ikkje til å legge inn bilder i dag, så då vert det eit bildelaust innlegg.
Dagane går fort, og til helga er det bryllup.
Var i by`n i dag og handla lys og serviettar+eindel dill til bordet. Fargane vart krem/kvitt og grønt i ulike nyansar. Hovedfargane vert lys lime og krem. Så får me sjå korleis bordet vert sjåande ut. Me har fått låne mange 5 arma lysestakar og glassboller i ulik storleik av ein arbeidskollega av min kjære. Det var kjempeflott!
Søster mi og nokre venninner skal hjelpe til med å pynte på fredagen, så då går vel den dagen...

Talen skulle eg også ha skrevet, men det får eg prøve på i morgon, eller eg har eigentleg skrevet den mange ganger om kvelden når eg har lagt meg og ikkje får sove....Eg får det vel til på eit slags vis.

Helga var travel med alle 3 ongane heime, og Kenneth skulle kjørast på jobb om morgonen kl 06.30 og hentast om kvelden, kjørast til kjærasten og hentast ...( Han må ta sertifikat snart!!)
Malin og kjærasten hennar kom heim fra Stavanger, og me grilla om lørdagskvelden, sjølv om det regna litt( me åt inne) Var også og kikka litt på plasser der me kan ta bilder på laurdag( eg ønsker meg veldig sterkt at det ikkje regnar) Marie ho grodde aldeles fast foran pc i helga....Men var heldigvis på fjelltur med klassen i dag.

I går ettermiddag var Malin og kjærasten på middag hos faren, Kenneth var på jobb, Marie på data`n, min kjære var litt halvsjuk og sløva forran tv`n(les fotball)så då baka eg ein porsjon med lefser. Lefser og dravle (Gomme) må ein ha når det er bryllup. Eg skal bake ei ostekake sjølv, men resten har me fått hjelp til å lage. Eg gleder meg skrekkeleg til dagen vår, og alt som skal skje fra morgen til kveld:o)

Ha ein dag alle som er innom:o)

onsdag, juni 13, 2007

Gratulera som ferdig utdanna illustratør gudlabadne mitt *stolt mamma*
Er det nokon som treng ein knallflinke illustratør så er det berre å ta kontakt med henne:o)


I går morgon sto eg opp kl 04.20 TIPÅHALVFEM for å kjøre bort til Notodden for siste dag på skulen, få karakter i kunst og handverk, rydde vekk eksamens utstillinga og seie hadet og god sommar til alle saman, + å vaske ut hybelen. Når alt dette var gjort var klokka blitt rundt 17 og eg kunne vende nasen heim igjen. Eg likar veldig godt å kjøre bil, men i går vart eg litt lei, det verka i rumpa, knea og ryggen på slutten.

Kjøreturen var faktisk ganske spennande eit stykke av vegen fordi det er vegarbeid i to tunnelar, Røldal og Haukeli, og det er omkjøring. Omkjøringa i Røldal var skikkeleg flott der ein kjørte over fjellet i staden for gjennom som ein gjer til vanleg....Eg følte meg hensatt tilbake i tid der eg snegla meg fram på den smale vegen med stabbesteinar til føringskant, stupbratt og svingete. Det er utruleg mykje flott natur me går glipp av når me susar gjennom tunnelane.




Vel heime igjen var det berre til å krype til køys med Rasmus pusen for kjære er i Oslo og kjem heim i morgon kveld. Rasmus har det svært travelt om nettene, då er det ut og inn fleire gonger om natta. Me har sett opp vinduet slik at han kan hoppe inn og ut som han vil, uten å vekke oss. Eller han vekker oss når han kjem inn for då er det kos og atter kos før han legg seg til å sove ein eller annan plass, i klesskapet, attmed meg, oppå beina mine, bak ryggen på Bent, oppi garnkorga mi, eller ein annan plass i huset. Han er ganske koseleg og rar den godeste Rasmus pusen.

Eg kjøpte meg ei potterose med oransje roser i dag. Det er ein flott farge synest eg. Eg måtte rydde litt i kveld, det har blitt lite husarbeid dei siste dagane, med varmt flott ver og eksamen så har det liksom ikkje vore det heilt store. Tida framover til neste helg går stort sett med til siste innspurt til bryllupet. Nå går det fort, og det er litt igjen, men det går nok. Det viktigaste er i boks, men eg har pynting av bordet igjen. Eg klarer ikkje å bestemme meg heilt kva eg skal pynte med av blomar o.l. Eg tar gjerne imot tips:o)




Nam, nam, eg har spist jordbær med vaniljesaus i dag. Det er sommar det:o)
I kveld var eg med Marie og resten av klassen og foreldre på sommaravslutning med grilling og bading på badeplassen her i bygda. Det har blitt betrakteleg kaldare siden me var det på mandag og bada. Eg sat helst å hutra og fraus i nordavinden. Ungdommane bada og koste seg, litt sur vind stoppar ikkje dei. I morgon skal det vere nattope i Haugesund så då lurer eg på å ta meg ein tur dit om kvelden. Det pleier å vere veldig koseleg, og mange gode tilbod.





mandag, juni 11, 2007

....og i hagen står ei gravemaskin.....

Puh....der var eg ferdig med eksamen i pedagogikk. Eg har siden kl 09.00 skrevet, svetta, lest og leita, svetta litt meir og skrevet til kl 15.00 og leverte på nettet. FERDIG:o)

NÅ HAR EG FERIE:)

Eg renner snart vekk, det er varmt og umenneskeleg å sitte inne i 30 varmegrader og skrive....

Straks er min kjære heime fra jobb, og da skal Marie og me ut på Li og bade. Me var der i går også, og det er sikkert over 20 grader i sjøen, fantastisk herleg.

Gravemaskina skal til å mure litt på baksida av huset, seinare i veka. Han hadde ikkje fått stein til å mure med enno....

Eg kjem tilbake seinare i kveld:o)

onsdag, juni 06, 2007

Sunny,sunny day:o)

Dagen i dag har vore heilt fantastisk varm og fin. Eg starta tidleg i dag med å grunne desse to nattborda ute på terrassen. Dei skal bli kvite. Etterpå sette eg meg til å lese litt pedagogikk. Eg skal ha eksamen i det på mandag, den er nettbasert så eg skal ta den heimanfra. Greit nok det, men det vert stillt strengare krav på den måten. Eg gruer meg litt, men det må jo gjerast. Og då er eg heilt ferdige, yes:)

Solkrem og drikke er viktig nå når det er så varmt,hehe. Utpå dagen i dag måtte eg fint krype innandørs i nokre timar, det var rett og slett for varmt å sitje på terrassen, luksusproblem:)

Humler er kjekke dyr å få besøk av, men er ikkje så glad i veps. Humlene ser ut som dei har eit meir avslappa syn på livet enn den illsinte vepsen.....
Det fine veret her, ser ut som det skal halde seg ei stund framover, og eg håpar at det er slik for resten av landet også:o)


søndag, juni 03, 2007

Solskinnsøndag

Mi kjære mamma døydde for 17 år siden, men hadde ho levd hadde ho blitt 72 år i dag.
På bildet er ho 18 år, og det er eit nydeleg bilde av henne, synest eg.


I dag har me hatt besøk av bror min, svigerinna mi, dottera deira, og sonen hennar, William.
Han er skrekkeleg glad i Rasmus pusen vår, og det er gjensidig til ei viss grad....Rasmus er ikkje så van med å bli boren rundt, men finn seg i det ei lita stund.Tilslutt går han lei og gøymer seg vekk:o)

Svigerinna mi hadde med ein flott bukett med blomar fra hagen. Det var syriner som dufta nydeleg, og rhododendronblomar.


Det har vore så nydeleg ver her i dag at det er ei fryd. Me har sete på terrassen i heile dag, og berre kost oss. Eller eg har kost meg, medan min kjære har vore litt redusert etter 40 års dagen me var i, går kveld. Det var skikkeleg kjekt, med god mat, flotte talar og sangar, og kjempetrivelege mennesker. Me var ute under open himmel, og det var varmt og flott heile kvelden, og natta med.



Ein skulle ha vore katt, tenkjer eg, når eg ser på dette bildet av Rasmus. Han må vere med der eg er, og legg seg til å sove midt oppi det eg held på med. Sovehjarta har han ivertfall, gopusen min:o)




fredag, juni 01, 2007

Sola skin

Store deler av gårsdagen vart tilbrakt i solstolen på terrassen, i fiiiinaveret. Eg skal ha eksamen i pedagogikk den 11 juni, så eg prøver å lese litt til det. Det er ikkje det mest spennande å lese om alle desse teoriane, men det må gjerast. Det var så herleg ver i går, med sol som varmar på kroppen. Prøver å få litt brunfarge til den store dagen:o)

Løftar eg blikket når eg set på terrassen så er det dette eg ser. Eg har alltid vore glad i sjøen, og er fornøgd når eg kan sjå utover fjorden. Det gir ro i sjela å kunne sjå på noko så fint:)

Snur eg på hovudet så er det ikkje fullt så fint. I mellom oss og naboen skal det bli blomebed, berre eg får kneka meg igang å plukke utav all steinen som ligg oppi der. Me har ønska oss ting til hagen i bryllupsgåver, og det kan trengast. Me har ikkje ei plante! I fjor sommar laga me plen, og i år er det håp om hekk, og litt beplantning. Dette bedet går eigentleg rundt halve huset, men det er berre halve som er ferdig murt. Det kjem snart gravemaskin som skal mure eindel på baksida opp mot naboen. Me har budd her 2 år til hausten, så det er ikkje så gamalt. Det meste er laga klart, men det er masse å gjera for det.


Eg likar steinar i alle storleikar. Dei er fine å sjå på og gode å ta i. Eg samlar alltid med meg stein der eg kan finne nokre fine. Dei ligg til pynt alle plassar hos oss, på trappa, i skåler, i vasar, på hyller og elles der eg finn ein plass.




Rosa er sommarfargen min i år, på blomar vel å merke. Eg synest denne er så frisk og fin:)



I går ettermiddag hadde eg og Marie ein skikkeleg feide. Ho er ikkje så flink til å gjere leksene sine, og eg må mase og mase for å få henne i gang. Ho har vekeplan der alle leksene står, og me var einige om at ho skulle gjere to lekser kvar dag. I går var siste dagen, og ho skulle gjere matte og norsk ( tar alltid det verste til slutt). Eg måtte mase fleire gonger før ho kom ned, og då viste det seg at ho IKKJE hadde tatt bøkene med seg heim. Ho meinte det var tid til å gjere det på skulen, og eg meinte at ho skulle gå opp på skulen å hente bøkene, og få gjort det NÅ. Ho gjekk aldeles i vranglås, og nekta å snakke med den teite mor si.
Eg kan ikkje fordra når det vert slik, og det gjere nok ikkje ho heller. Enden på visa vart at ho fekk migreneanfall og spydde. Eg får så vondt av henne når det vert slik, men ho kunne brukt staheten sin på ein annan måte. Ho er den mest sta personen eg kjenner. Det er nesten heilt umogeleg å snu henne når ho legg vrangsida til. Så det var dagens hjerte sukk.
Ho var blid som ei sol når ho gjekk på skulen i dag, så det går fort over:)





Etter å ha krangla med henne måtte eg finne på noko anna, så då vart det litt maling i gjen.
Det øverste lyg i fargane, det er ein ganske kald lys rosa farge i bakgrunnen, og duse fargar på resten. Det er stort 90*90 cm, og mala i andre fargar enn eg vanlegvis brukar, men kjekt å prøve ut for å sjå korleis det blir. Dette klarte Rasmus pusen å rive i golvet når det låg til tørk på to stolar. Nysgjerrigperen:o)
Det nederste bildet målar 30*80 cm, og er i kalde blågrønne fargar. Fargane kjeme ikkje heilt rett fram på bildet.
Ha ein fin 1 juni alle saman:o)