
I ettermiddag har me hatt generalprøve i kyrkja. Det gjekk fint, og eg vart ganske svett og rørt samtidig.... Kossen skal det gå på lørdag, mon tru?
Det er sønnen min som skal gå meg opp kyrkjegolvet siden pappa min ikkje lever lenger.
Det var ein veldig koseleg prest me skal ha, han som høyrer til her har ferie, så me fekk ein fra ei anna bygd. Han forklarte og me gjekk gjennom heile ritualet, så eigentleg så er me gifte nå, me sa ja på to plassar begge to, hehe.
Begge jentene mine skal lese kvar sitt bibelstykke, og forlovaren min skal lese fra "Profeten" av Kahlil Gibran. Ein venn av oss skal spele "You raise me up" på piano, og ungdomskorpset skal spele "Tir`na Noir" av Vamp. Bruremarsjen inn er Mendelssohn "Fra en midtsommernattsdrøm" og ut er det R. Nordraak "Purpose". Eg håpar og trur at dette skal skape ei fin ramme rundt vielsen.
Bildet over er av litt av pynten som skal brukast til å pynte bordet med. Bent skal hente 100 kvite og lime farga roser i morgon, som skal brukast som pynt. Det kan bli bra:o)
I kveld har me rydda og vaska, og eg har baka to kakebotnar som eg skal pynte på fredag. Me får besøk av eit vennepar fra Irland som kjem i morgon, og skal vere hos oss til neste torsdag.
Mine tre barn med to kjærestar skal også ligge her i helga, så det vert fullt hus og stormende jubel.

Noko liknande som dette skal eg ha bordpynten, men med kvite roser. Me har større skåler også som det kan ligge 3 roser i+ grønt.
Eg gler meg til å pynte lokalet og bordet, og håpar at det vert fint:o)
Tusen takk for alle koselege helsingar, og lykkeønskingar om fint ver til dagen vår;o)
Det set me stor pris på.