fredag, mai 26, 2006

Endeleg fredag:)

Så godt å vakne ein fredagsmorgon og ha fri:) Sikkert derfor eg har hatt laurdagskjensle i heile dag. Me hadde ferske rundstykker te frukost og,nam nam.Bent klager over at eg og Marie berre ete botnane på rundstykkene, men han må jo forstå at siden me er jenter liker me hannane best.... Botn på rundstykkene er han,toppen er ho, berre sjå på forma på dei...he he.
Elles har me ikkje gjort så masse i dag,Bent har kjøpt trillebår og plenfrø,så nå vente me berre på litt meir mold og det kjeme i mårå,kanskje. Og så har han vore å klipt seg:) vart så fine atte.
I kveld var me på Byscenen og høyrde på Vamp, det var heilt FANTASTISK flott. Når dei spela Tir na noir og alle sang med, var det nesten så det kom ei tåra, så fint var det:):)
Vamp e favoritt gruppa mi!!!!!


Hurra for:

-fint ver (sol)
-VAMP
-kebab (Bent måtte ha)


Ha ein fortsatt fin fredagskveld og i mårå e det laurdag:)

Ingen kommentarer: