onsdag, mai 24, 2006

I dag har eg altså fått meg blogg,eller me har...Malin var så snill å hjelpe mor si med dette. I dag fekk me vete at me kom opp i engelsk skriftleg,greit nok når alternativet var matte.Neste veke er det fullt kjør med eksamen kvar dag , unntatt tysdag. Men, vil ikkje tenke på det nå, for nå er det langhelg, og fri. Bent kom heim i ettermiddag fra Oslo,trøtt som fy, jobb kallar dei det, men eg vett nå ikkje eg....ja ja, kjekt å få han heim var det vertfall. Malin, gudlabadne, kom og heim i dag fra Stavanger. I går rydda eg på syrommet mitt,så nå er det mogeleg å komme seg inn der( flinke du Hilde). Kanskje eg skal sy litt snart, det er lenge sio sist. Nå er det stille i heimen,Marie gjekk ut,Malin leser i eit blad og Bent ser på tv.

Dagens gla for:

Langhelg
Malin kom heim
Ny hårsveis
Spaghetti te middag
Nesten sol i dag

1 kommentar:

Mmmalin sa...

Guuuud,så fine blogg dåke har fått:D hehe,må oppdatera nå!!
Klem