mandag, mai 29, 2006

mandag morra blues

Så var det mandag og første eksamen i norsk, fagdag hovudmål. Æsj, det e ikkje kjekt å sitte i gymsalen i lag med masse andre som eg ikkje kjenner, og ha eksamen. Men,men det gjekk greit, sjølv om det vart litt kort det eg skreiv om Henrik Ibsen. Det er aldri nåken kjekke oppgåver me får te sånn. Og på onsdag e det friskriving i sidemål, jippi (ironi)
I går vart eg ferdig med veska eg sydde, den vart ikkje så verst. Skal legge ut bilder av ting eg lage,ein gong:) Må sy litt meir har eg tenkt, får jo tid i sommar siden eg ikkje skal jobbe, meinar eg. Det har ikkje vore mykje sying dei siste åra, berre skule, men avogtil så må eg berre sy......
Har idear te fleire prosjekt oppi håve mitt,så nå e det berre om å gjere å få gjort det. Te meir eg syr te fleire idear får eg, men sånn e det vel med dei fleste.
I måro skal eg ha besøk av jentene i klassen, og det vert nok koseleg, dei er så kjekke atte, og eg kjeme te å savna dei når me e ferdige på skulen.


HURRA FOR:

- ferdig med ein eksamen
-ikkje regn i dag
-snart helg
-meksikansk tomatsuppe
-heimelaga is



Ha ein fortsatt strålande måndag:)

2 kommentarer:

Mmmalin sa...

Du får kjappa på han der Bent sånn at han legge inn bildeprogram!!! Nå e eg snart ferdig me pingvinen min;)

Klemmm

Liv Kjersti sa...

Takk for kommentar i bloggen min! Gledar meg til å sjå bilder i bloggen din, du lagar så mykje fint og eg som ikkje er så veldig kreativ treng å få litt inspirasjon her og der :-)