onsdag, mars 21, 2007

Sol og

varmt har det vore i dag, sjølv om eg ikkje har vore så mykje ute i dag. Eg gjekk ein tur ned til sentrum, og der har dei ein fantastisk kjekk hobbybutikk med alt eit hobbyhjarta kan tenke seg. Eg handla berre ulltråd og pinnar til lubber. Eg har nemleg tenkt å lære meg å strikke lubber... eller hælen, det er den eg ikkje kan, så var det sagt.
Denne søte kofferten, eller kanskje det er ein matboks... kunne eg tenkt meg. Den er berre heilt skjønn:)


Denne søte Barbapappa figuren gjer meg heilt nostalgisk. Det var jo dei figurane som var på barne TV når eg var liten. Det var kjekt det:)
I morgen er det "åpen dør" på skulen, og me får håpe det kjem masse folk for å sjå på alt det flotte som er utstillt. Klassen vår skal vise fram ytringsoppgåva vår i form av forkle, i store auditoriumet. Der vert også power point presentasjonane våre vist samstundes. Det blir spennande å sjå korleis alt blir.
Elles takk til alle som legg igjen ei helsing på bloggen mi, det er veldig kjekt, og eg føler eg har fått nokre nye venner:o)

2 kommentarer:

elin1976 sa...

Lykke til med åpen dag.
Ha en fin dag, Hilde. Masse klemmer fra Elin:O)

MODERN COUNTRY sa...

Heisann Hilde :) Tror ikke jeg har sett deg inne pa bloggen min for, og takker sa mye for besoket og onsker deg med en gang velkommen tilbake! Tusen takk for hilsen pa bursdagen min, det varmet :) Ha en trivelig helg med dine kjare, hilsen Aina :)