
skulle eg brukt til å skrive, og det har eg gjort, litt.. Når eg har ting som eg MÅ gjere, finn eg alltid på andre ting eg heller har lyst til. Så i dag fekk eg så frykteleg lyst til å rydde. Soverommet fekk seg ein omgang med støvsugaren, og nytt sengtøy på senga. Eg flytta og inn ein gamal toalettkomode som har stått i gangen. Den høyrer saman med nattborda som vises på bilde under. Eg har tenkt å male dei kvite/lyse til sommaren, og trur det kan bli bra. Eg har kikka rundt på andre sine bloggar der de har mala møbler, og dei har blitt kjempe fine:o)

Medan eg var i gang med å rydde så tok eg eit tak på kjøkkenet og. Rydda alt vekk fra benkene og siden det vart litt fullt på bordet satte eg dette brettet på golvet.

Og kven trur de som var på pletten å, joda, Rasmus er med der det skjer.
Dette fletta brettet var heilt supert til å kvesse klørne på...

.. sitte på..

....og ligge på.
Eg trur han føler seg som ein aldri så liten konge,
den godeste Rasmus pusen.