mandag, februar 05, 2007

Blå....


Dagen i dag er litt blå.
Eg er tilbake på hybelen min på Notodden. Helga heime var heilt herleg,sjølv om det vart litt travlare enn me hadde tenkt. Det er koseleg med besøk av søskenbarna til Marie.
Avogtil så lurer eg på kva i all verden eg gjere her borte, når eg har alle dei eg er glad i på andre sia av fjellet.









Her er det fortsatt snø og kaldegrader,det er ganske flott, og står i sterk kontrast til alt regnet heime i Skjold.
I morgon skal me i praksis, og eg kan ikkje sei at eg gler meg. Det er ein ganske rar skule, både elevar og ikkje minst nokre av lærarane. Nei, eg skal ikkje klage, det blir nok kjekt. Det er vel kanskje ikkje rette dagen.









Fine fargar som får meg i godt humør. Eg lengtar mot våren,og alt som spirer og gror. I dag, på veg til skulen, såg eg to ekorn. Det eine sprang over vegen rett framfor meg. Søte dyr:)


I kveld startar "criminal minds" opp igjen. *glermegmasse*

1 kommentar:

Mmmalin sa...

"Boken for blå dagar" ;-)
Den hjelpe.
Å me e gla i deg, sjøl om du e på andra sio av fjellet!!!
Klemm