søndag, februar 25, 2007

Ferieslutt

Rasmus pusen har ei utruleg evne til å alltid legge seg oppå det eg held på med. Han er fødd nysgjerrig, og må alltid undersøke svært nøye det eg held på med. Her er det stoff som ligg på golvet når eg klippet ut to skjørt, Hmmm, godt å ligge på.
Og enda betre å bite i, tenkjer han nok.
Eg har vore litt spente på om eg kjeme meg over fjellet i natt, det har vore eit forferdeleg ruskever, men er visst betre no. Det er komt snø på nytt igjen, og det var sleipt på vegen.
Eg har pakka sakene mine, og prøver å tenkje på noko anna enn at eg skal reise. Det er lika trist kvar gong.
I kveld har eg og Bent skreve ned litt av det me kan ønskje oss til bryllupet. He he, det vert mykje rart, og kanskje ikkje heilt typiske bryllupsgåver.


1 kommentar:

Mmmalin sa...

Ka dåke ønske dåke då?
Lista ut på bloggen takk:)