fredag, juni 02, 2006

yesss! Endeleg var det helg:)

Så var det endeleg helg, og ei lang ei tilogmed:)
I går var eg ferdig med engelsk eksamen og. Det gjekk greit sjøl om eg var skikkeleg forkjøla. Men det er løye koss ein held ut når ein trør i seg 2-3 paracet. I dag begynte me på den tverrfaglege eksamen, oppgava hette "ung 2006",greit nok det når ein e 36 år....men eg får vel te eit eller anna.
I dag kom Malin heim og, kjekt det. S å kan me plage henne litt og. Marie har vore på Mostraspelet i dag, i øs pøs regnver, og klarte sjølsagt ikkje å ta med regnkledå eg HADDE lagt fram. Me det hadde visst vore kjekt likevel.
I måro skal ho på speidar tur te Etne, dei skal ligge i lavvo til mandag. Håpar dei får fint ver:)
Bent har krøpe opp på loftet for å sjå film, ein eller aen krigsfilm,trur eg. Den varte visst i 3 timar, elle nåke sånt. Eg trur heller eg går å legge meg, så kan han sitte der og glo,he he.


HURRA FOR:


- endeleg helg
- lasagne
- snille ongar
- kjekke sambuar
- ferdig med 3 eksamenar
- sikkert snart frisk igjen:)

Ha ein fortsatt fin fredagskveld (det e den beste kvelden i heile veka)

-

1 kommentar:

Malin sa...

Eg komme kje him berre for å bli plagde altså!!!!!! hah, då slutte eg å komma;) nei daaa. e så koselig atte:D