fredag, juni 01, 2012

Om å gruglede seg

I morgon, laurdag 2 juni, går den store manndomsprøven av stabelen på Haugalandet.
Hårfagrerittet, kappestrid for alle.
Og der skal eg vere med.....
Løypa startar på Kårstø og går delvis på veg og delvis over stokk og stein,
og ender etter 53 km i Haugesund.


Eg gruglede meg fordi eg manglar fullstendig konkurranseinstinkt, er livredd i nedoverbakkar,
og har ikkje verdens beste kondis, men eg likar å sykle:-)))
Eg har sykla og sykla dei siste månadane for å herde bakenden, få litt betre kondis
og førebu meg til løpet.


Eg har som mål å gjennomføre og så skal eg ha verdens beste Malin som sykkelfølgje.
Me starte kl 10.50 og må vel klare å vere i mål i løpet av 4-5 timar....muligens.
HoHo, kryss fingrar og tær for meg i morgon:O)

4 kommentarer:

Tove sa...

Lykke til...
Klem Tove

Malin sa...

4-5 timar?!?
Dette klare du fint på 3 1/2. Eg har jaffal ikkje tenkt å sitta lenger enn det på sykkelsete ;)

Me glede oss te å komma him ikveld <3

Berit T sa...

Ønsker dere lykke til! Skal finne meg en plass og heie på dere!!

GAWO sa...

Heier og heier på deg spreking.
Eg skal kjøre nedover i din retning men eg skal passe meg for alle syklister som eg ser på min vei.
Lykke til.