fredag, februar 04, 2011

Helga er her....

Søte gelehjarter ligg og fristar på fatet.
Eg som prøver å halde meg unna sukker blir frista igjen og igjen...
Ein skal ikkje motstå alle fristelser,
det er ikkje sikkert dei kjem igjen,
haha.
*Morsdagen er vel neste søndag, og søte drops i fin pose
eller drops i metalleske kan jo vere ein gåveidè.
*
Turen til Oslo sist helg gjekk fint, sjølv om me landa med eit brak,
og eg hoppa i flysetet.
Fredagen flaksa me rundt på messa i Lillestrøm, handla og kikka, åt litt,
handla meir, tok lite bilete, men det har så mange andre gjort og vist, så skitt au.
"We will rock you" var ei oppleving,
både på scenen og på benkerada framføre oss....
Laurdagen var avsett til bykos og me farta rundt med kart på glatte fortau
og fann både Nytt og Shabby, Sjarm, Purpur
og Kaffebrenneriet, der kaffien var knallgo,
kakene søte og så trangt at me nesten sat oppå nabobordet.
Me rusla rundt både her og der,
og enda opp på Moods of Norway
og 50% på heile butikken.
Gåver til dei heime vart innkjøpt her.
Middagen, eller kveldsen rettare sagt, vart inntatt på Olivia nede på Aker Brygge
når me endeleg kom oss på rett veg etter å ha gått feil i ei mørk bakgate....
Maten og atmosfæra var upåklageleg.
Tusen takk Malin for tipset:o)
Søndagen var me i Domkyrkja, ein runde på Nasjonalgalleriet
og på Operaen.
Me fekk mykje utav helga,
og me koste oss skikkeleg i lag,
tuppene på tur:o)





8 kommentarer:

Tante Mimmi sa...

mmmmmmmmmmmmm!
No vart eg og freista! Kan eg få ein pose med sånne drops som gjer at eg ikkje blir freista av drops til morsdagen???? Da hadde vore kjekt!
Litt av ein tur de hadde!
god helg! (..og la no ikkje hjarto ligge der aleine!)

Småbyliv sa...

Hørtes ut som en toppers Oslotur :o))

Finfin lørdag og helg til deg!

Patina-H sa...

Høyrdes ut som ein toppers tur :) Fekk ikkje med meg turen til Lillestrøm og messe denne gongen dessverre, men, men, dei to andre fekk bestilt masse varer, so då er det berre å gleda seg ;) God helg vidare !

JULIE K sa...

Koselig med Oslohelg da. Jeg bor bare 40 min m bil fra hovedstaden, men bruker den alt for lite. I morgen drar jeg inn på feng shui kurs. Det blir spennende : )

Maret sa...

Så vellukka Oslo-tur, har nok fortjent litt sukker-godt etter dette..
Ha ei fin helg..

Smykkas sa...

Klart man skal la seg friste av og til.

Flott tur dere har hatt. Kos deg hjertelig.

Klem

Datt sa...

Ah, det hørtes rett og slett ut som en DIGG tur! :D Og jeg vil også finn halv pris på Moods!!

Sanne sa...

søt blogg du har her :)