fredag, mars 27, 2009

Vår pakke i posten...

ja det fekk eg her ein dagen.
eg vant inne hjå "My kind of blog"
når ho hadde vårkonkurranse på bloggen sin.
*
pakkane, ja for det var fleire,
var så nydeleg pakka inn,
og eit nydeleg kort der ho har teke bilete.
inni pakkane var så så masse
koselege og fine ting.
ein pose karameller, 2 turkis telys,
eit trehjarta, ei hette til syltetøyglas,
og eit sinkhjerte med ei lita flaske på.
nydelege ting som eg vart kjempeglad for,
og rasmus vart veldig glad for silkepapiret...
tusen,tusen takk:)
*
litt påskepynt er komen på plass i butikken,
og desse sølvmetall egga fra Lisbeth Dahl,
er så søte og fine.
her er både til oppheng og delbare til snop.
*
ei anna nyhet er desse tøffe korta og papiret som
kjem fra minimega.
frøken fryd er faktisk den første butikken
i Noreg som sel desse produkta.
pittelitt kry av det ja:)
***
nå er det helg etter ei travel veke.
herleg, og sola skin,
men det er ein iskald vind,brrrr.
*god helg*


tirsdag, mars 24, 2009

Vårlege blåtonar.

dagane er lysare og lengre, sola varmar godt,
og i vinduskarmen er det komen søte små stemorsblomar.
*
i går hadde eg siste kvelden på sykurset,
og her er litt av resultata.
masse flotte puter vart sydde
desse tre kveldane.
*
portemonè/toalettveske, oppbevaringspose, veske
og fleire pute vart det også sydd.
masse fint, ikkje sant.
*
det var flinke og ivrige damer
der nokre hadde sydd mykje,
og andre hadde sydd lite,
men alle fekk sydd flotte ting.
takk skal de ha alle saman.
det var inspirerande å vere kurshaldar
for så læreviljuge damer.
*
* ha ein flott tysdag alle saman*





mandag, mars 23, 2009

Mandagstema....

..... i dag er tall / siffer.
klokka mi er uten tall.
difor har eg problemer med å sjå kva rett klokkslett er.
eg har prøvd å sette på tall i dag,
men som de ser så gjekk ikkje det så bra....*haha*
*
vil du sjå fleire mandagstema?
gå inn her

fredag, mars 20, 2009

Solskin og helg...

...og då kan det nesten ikkje bli betre.
slik er veret her i dag,
og bilete er tatt i dag tidleg.
nå er det skikkeleg vår i lufta.
*likar*
*
desse nydelege rosene + 17 til
kjøpte eg på bytur ein kveld.
roser til helga er så koseleg å pynte med.
det er luksus for meg
å ha ein heil vase full av vakre roser.
*
møbler som skal pussast opp
er komne i hus.
desse sto i eit lite gamalt hus
som skulle jevnast med jorda.
kjekt når folk veit at eg likar saker og ting
og ringer og spør om eg vil ha det,
istaden for at det vert øydelagd.
eg fekk også ei stor hylle,
ein trekasse og to vindaugsruter.
sånt kan me lika*
*
når eg er på bytur så må eg innom fretex og kikke.
det er ikkje alltid eg finn noko,
men på onsdag fann eg denne
søte selskapsveska i mjukt skinn
og med nydeleg lås.
*
eit par gamle bøker vart også med heim.
desse kjøpte eg berre fordi dei er så vakre å sjå på,
og har så nydeleg patina.
etterpå såg eg at dei er ganske gamle,
1878 står det inni.
*
god helg alle saman.
klem





tirsdag, mars 17, 2009

" å leve er ikke nok.
solskinn, frihet og
en liten blomst
må man ha"
H.C. Andersen

torsdag, mars 12, 2009

Påskegotteri...

...er eit must,
og for ein snopegris som meg
så er alltid håpet at eg skal få eit diiigert påskeegg.
Akkurat det har ikkje skjedd ennå,
og det er sikkert like greit.
Eg får påskeegg altså, men i normal størrelse.
*
I dag fekk eg påfyll av drops som eg sel i butikken,
og litt påskesnop også, siden det nærar seg.
Metallboksar med nydelege nostalgiske motiv,
og fylt med søte minidrops.
Posar med fylt konfekt og fløytekarameller,mmmm.
Godt at dei er innpakka,
elles hadde eg nok forspist meg...
*
Søte påskeegg i metall med koseleg motiv,
fylt med påskegodt.
Desse er koselege presangar til store og små.
*
Elles går dagane, vekene og helgene skremmande fort.
I helga var me på teater og dans på bygdahuset her me bur.
Teatergruppa sette opp stykket "Den svevande jomfru"
og det var ganske morosamt,
og dei lokale skodespelarane var kjempeflinke.
Etterpå var det dans til langt på natt.
Kjempekjekk kveld.
Mandag starta eg opp med nytt sykurs,
men denne gangen for litt vidarekomne.
12 syglade damer sydde i veg,
og masse flott vart påbegynt.
Skal sjå om eg kan få tatt litt bilete av tinga dei lagar,
og kanskje eg kan få vise dei på bloggen min:)
Ha ein finfin torsdag alle saman.

onsdag, mars 11, 2009

Ei duft av vår...

Ny kjole i frisk turkis.
Sommarfarge nr 1 for meg, og kanskje for deg.
*
Kjolen er sydd i behageleg chenille,
og har påsydde hjerter og knapp.
Hekla blonde rundt hals, erme og nedrekant.
Ca str M.
Den er til salgs her
*
Litt nye varer har eg også lagt ut i Frøken Fryd sin nettbutikk.
Koseleg velkommenskilt i sink,
og det alltid like kjekke marmeladeglasset
som her har fått oppheng i sink.
Søte ballerinasko til ei lita jente med sølvglitter
og lange silkeband til å knytte oppover foten.
Velourtoalettveske med litt sølvpynt
kan også vere kjekt å ha:)
Alt dette og meir til, finn du her finner du HER.
***
Ha ein finfin onsdagskveld du som kikkar innom.
Her har SOLA vore framme i heile dag.
:)

tirsdag, mars 10, 2009

Gåve, roser og ny bloggar

Først må eg seie tusen takk til min hemmelege venn
i Interiør gave alongen som sende meg
denne flotte kokebok "Middag med venner".
Den var heilt super, og skal snart prøvast ut.
Eg veit ikkje kven du er, men ser du innom , så TUSEN TAKK.
*
laurdag måtte eg ein tur til by`n for å gjere nokre ærend.
Min kjære var vikar på butikken
medan eg fekk gjort det eg skulle utanføre.
Eg er glad i roser,
og på Mester Grønn hadde dei 20 roser til 130 kr.
Då kunne eg ha roser litt rundtomkring,
og ein vase kom på stovebordet..
*

...ei rose i kjøkenglaset...
*
...og 2 på badet.
*
Eg vil også oppfordre alle til å kikke innom til ein ny bloggar
som heiter Elsa.
Me har alle vore ny bloggarar,
og veit kor koseleg det er når nokon finn fram til akkurat deg,
og legg igjen ei lita helsing.
Elsa er eg blitt kjend med på Etnemarknaden,
der ho har hatt utstilling i mange år.
Ho malar dei mest fantastiske og humoristiske akvareller,
og er kjend for sine frodige og lettkledde damer.
Elsa finn du her
*
Biletet er mala av Elsa,
og eg har lånt det fra bloggen hennar.






mandag, mars 09, 2009

Uklart

Det er mykje som er uklart her i verden,
og ein av dei tinga er bilete av hjarta på rekvedengelen min,
som eg laga når eg studerte til faglærar i formgjeving på Notodden.
***
Vil du sjå fleire "uklare"bilete
så gå inn her.


torsdag, mars 05, 2009

Ønskje om vår

Når det ikkje er blitt heilt vår ute,
så får eg gjere det litt vårleg inne.
Perleblomen strekkjer seg mot lyset,
og kunne nok heller tenkt seg å vore ute.
*
Nysydde puter i friske vårfargar,
er med på å gjere dagen litt gladare.
Det gjer godt med litt friske fargar
nå når det er så grått og fargelaust ute.
Men berre vent, snart er det fine fargar ute også,
og eg gler meg!!!
*
Stoffa eg har brukt kjem fra Stoff og Stil.
Masse fine fargar og mønster i katalogen denne våren.
***
Takk for at du kikkar innom,
og legg igjen ein kommentar.
Det set eg pris på:)


tirsdag, mars 03, 2009

Romantiske tendenser

Eg veit ikkje om det er det at det er begynt å bli lysare ute,
og at våren er rundt neste sving,
som gjer at eg er litt romantisk i fargevalet for tida.
Eg som ikkje er så veldig begeistra for rosemønster
har sydd denne puta, og synes at ho er kjempesøt...
Puta har eg lagt ut for sal her
*
Nye lys i vårlege fargar
er på plass i hylla.
*

" Rosa og søtt"
***
Ha ein fin dag du som kikkar innom.





søndag, mars 01, 2009

Bloggdametreff i Sandnes

Laurdagsmorgon kjørte eg fra snø og ruskever nedover til Sandnes,
for å treffe mange, for meg ukjende, bloggjenter.
Eller, eg kjende jo nokre via bloggskravling og litt bilete på bloggen,
men eg hadde ikkje sett dei i levande live.
Siden eg var redd for å ikkje finne parkeringsplass,
og Gamlaværket ante eg ikkje kor var,
så var det best å vere ute i god tid.
Eg var nesten ein time før tida, så eg rusla nå rundt og kikka litt,
og hutra og fraus.
Det var iskaldt i Sandnes.
Eg tusla meg inn på Gamlaværket,
og kikka først på eit par damer som sat ved eit bord,
men der var ingen plakat med bloggtreff.
Kikka videre på to som sat utforbi,
og det var Gamlå, og Prinsesse Elin.
Dei kjende eg igjen fra bloggane:),
og jammen meg hadde Gamlå laga flott bloggtreffplakat
med englar og heile greia:).
Det vart klemming og helsing,
og plutseleg så sto det tre koselege damer til der.
Det var Micano, Sofies hus og Sorte katt.
***
Etter litt venting på mogeleg fleire bloggdamer,
så tok me turen oppi gågata.
Der var me innom mange flotte og koselege butikkar,
og litt handling vart det også på oss.
Når me handlar og kikkar,
og prøver og måler, og diskuterer,
så vert ein skrekkeleg svolten.
Bloggdamer på tur må ha mat!!
Turen gjekk ned til N.B. Sørensen,
og der var det mykje godt å velge mellom.
Dette spiste me,
Mmmm så godt det var.
***
Me spiste,
og skravla som gamle kjende i fleire timar.
Det var så koseleg og treffe alle saman,
og me vart einige om at til sommaren skulle me treffast
med solbriller og kaldt i glaset, ute på kaikanten.
Ikkje sant vel Gamlå??
***
Eg handla ikkje så veldig mykje, men litt vart det.
Green Gate koppen kjøpte eg fordi
den eine eg har heime skulle få selskap,
og skiltet fekk min kjære av meg...
Kjolen kikka eg på før me gjekk og spiste,
og så måtte eg berre oppom Maria Boden og prøve han.
Den passa perfekt, og nå bur han hjå meg:)
Tusen takk alle saman for at de kom,
og bloggtreffet vart så kjekt,
eg gler meg allereie til neste gang.
***
Denne flotte jentepusen helsa eg på i dag,
før me reiste heim.
Ho heiter Saga og er ein Main Coon kattepus,
og er nyinnflytta hjå Malin og Svein.
***
Ha ei fin ny veke alle saman.