fredag, april 27, 2007

Siden eg ikkje har noko spennande nytt å vise fram, blir det eit bilde av eine orkidea mi:)

Det blir nok ikkje så veldig mykje blogging med meg i dagane framover. Eg kom heim i går kveld, og må bruke dagane til å lese til kunsthistorie eksamen 3 mai.
Eg har også fått streng beskjed av min tilkommende om at blogging først er tillatt etter 3 timar med intensiv lesing... Plutseleg så skulle han bli såååå streng,hehe.

Eg har vore innom å kikka på kva de har skrevet, men eg hadde ikkje tid til å legge igjen kommentar nå. Eg må jo halde meg oppdatert....
Tusen takk for at de skriv så koselege kommentarar til meg:)

Ha ei fantastisk fin helg alle saman:o)

onsdag, april 25, 2007

"Pusetorget"

Her i byen er det laga til eit lite byrom som har fått namnet "Pusetorget". Læraren min Eldbjørg er veldig glad i kattar, og for nokre år siden døde den eine katten hennar. Ho og venninnene hennar skulle lage eit "minnesmerke" for katten, og arrangerte då loppemarked. Av overskotet vart det kjøpt ein katte skulptur som skulle setjast opp på torget som fekk namnet"Pusetorget".
Det er nå komen tre skulpturar utanfor Felicia kafè der torget er.På det øverste bildet er den skulpturen som kom opp i haust. Det er to kattar som lekar seg med sommerfuglar og svinger seg etter vinden, oppe på hustaket. Denne er laga av Steinar Klasbu som jobbar på høgskulen.


Dette er den første skulpturen som kom på plass. Ei pusemamma som passar godt på ongen sin mellom beina.


Denne skulpturen synest eg er heilt nydeleg. Pusekattane blir heilt sikkert englar når dei døyr, dei også.

Loppemarkedet vert arrangert i hagen til læraren min kvart år, siste lørdagen i august. Dette er eit kjempetriveleg tiltak for å lage det fint her i byen, og for å hedre katten. Det fortener alle pusekattar:)



søndag, april 22, 2007

Sommerminner

I fjor sommar kom Rasmus pusen til oss. Her er han liten og søt, ca 2 mnd. Han hadde ein forkjærlighet for sko, han og......

Ein tidleg morgon med blikkstille Skjoldafjord.
Eg lengtar etter sommaren når eg ser korleis det var i fjor.

På besøk på hytta til nokre venner. Utsikt til Hervikfjorden, med Borgøy i bakgrunnen.


Vesle Henny var på overnattingsbesøk hos oss, og ho ville bade i varmen. Då tar me det me har...Henny var storfornøgd, men Rasmus ville ho ikkje ha med.



Stakittgjerde og skjønne roser på Jelsa.
Me var med søster mi og svogeren min på båttur til Jelsa ein søndag i fjor sommar. Det er ein nydeleg liten plass med små kvite hus. Nesten litt sørlandsidyll.




Jelsa.

Marie i bølgene på badestranda i Juelsminde i Danmark. Ein fantastisk koseleg liten by.
Dette var litt av mine sommerminner. Eg fekk ideen til å vise bildene på Anniche sin blogg.
Så nå er det berre å glede seg til ein fin sommer, for det skal det bli i år, så sånn er det.
Her piskar regnet mot rutene, men eg fyrer i omnen og koser meg inne. Det er stille og roleg, Kenneth har ikkje sått opp ennå, og Bent er ikkje komt heim fra Hovden, men dei er visst på veg.
Gler meg til han kjem heim slik at eg får snakke litt med han før eg må reise tilbake til Notodden.
I går kveld sat eg med skuleoppgåver til langt på natt. Skal lage 4 undervisningsopplegg i arkitektur, 2 til småskulen og 2 til ungdomskulen. Me skal prøve ut ei bok som skal gis ut av Husbanken. Bolig og næmiljø, En lærebok i arkitektur for grunnskolen. Ei ganske kjekk bok som er inndelt i temaene; Menneskekroppen og arkitekturen, Sansane, Rot og ryddighet, og Bolig og nærmiljø.
Så det putla eg med i går, og når eg la meg fekk eg ikkje sove før det var nesten morgon, men, men, sova kan me gjere når me vert gamle.....





lørdag, april 21, 2007

Litt shopping...

Her er litt av det eg handla i dag på byturen. Det er ikkje så ofte eg er ute på dill, men det er jo ganske kjekt:) Room 4 more er ein koseleg butikk her i nærleiken, der er alt dill og dall ein kan tenke seg. Eg kjøpte meg desse søte små trehjertene, lita mugge og ei såpe fra Lene Bjerre som duftar heilt nydeleg.


På ein annan butikk fann eg desse søte boksane til å ha litt småtteri i. Eg er forferdeleg glad i boksar og skrin med lokk på:)

Fine band til vesker. Eg skal sy vesker i svart fløyel, og då passar desse bra.


Litt meir garn til lubber måtte eg også ha.



Fargerik lunch på meg i dag:)




SOL

Sol står det i overskrifta, men det var ikkje mykje sol når eg kom heim sein på fredagskvelden, då snødde det, SNØDDE. Det var kolonnekjøring og snøstorm over Haukelifjell så eg var vel 1.5 t seinare heime enn eg skulle. Litt kjedeleg, men eg kom vel heim, og det er det viktigaste.

Eg er nesten aleine heime denne helga. Bent jobba heimefra på fredage siden han skulle til Hovden med volleyballguttane på hyttetur om ettermiddagen. Marie vart med faren sin ned til Hommersåk for å besøke tanten, onkelen og to søskenbarn der. Kenneth ville ikkje vere med, så han er her hos meg, eller rettare sagt han sover her, og så er han på jentebesøk resten av tida....
Rasmus pusen har eg jo her, og han er det mykje selskap i, når han er inne....
I natt kraup han opp i senga til meg, og der låg han så fint i fotenden. Vanlegvis skal han ut i 5 tida på morgonen, men i dag sov både eg og han til kl 9....Herleg.

I dag skin sola så fint innover stovegolvet, og Rasmus er kjempeklar for å komme seg ut.

Her er han i full fart rundt hjørna på huset, og bortevekk er han. Ivertfall for nokre timar.


Det er veldig kjekt å brodere monogram, og det går ganske fort, faktisk. Eg har ikkje verdens største tålmodighet, men dette har gått fint. Min og Bent sin bokstav veit eg ikkje heilt kva eg skal lage av, men eg får vel brukt det til noko.
Nå skal eg enten ut å gå tur, eller ein tur til by`n, trur det blir by`n først ,og så tur etterpå.
Ha ein flott lørdag alle sammen:)


onsdag, april 18, 2007

Vårtegn

Hestehov er ein fin vårblom der han står å lyser så optimistisk iblant det grå.


Fine knoppar og nye blad på eit eller anna tre eg traff på min veg til hybelen i dag.


Eit par sokkar til er ferdige. Eg har strikka nokre par med barnesokkar, det kan jo komme barnebarn ein gong..
Læraren min meinte det måtte vere ein menneskerett å få lære seg å strikke sokkar, og eg er einig med henne,hehe. Sokkar er kjekt å strikke. Så nå veit vel heile slekta kva dei får til jul i år..tjihi.


Tenkte eg skulle vise eit bilde av pulten min på hybelen. Her må det visst ryddast...Det har ein tendens til å hope seg opp på ein plass, og det er her. Så her ligg det strikketøy, broderi, penal, ukeblader underst og bøker oppå, ei innpakka konfekteske, ein rapport, diverse pennar, 2 sakser, cd`ar og ikkje forgløyme tab xtra flaska mi......og sikkert masse heilt underst som eg ikkje ser.
I ettermiddag har eg gått tur rundt vatnet, som eg faktisk har gjort kvar dag denne veka. Eg har bestemt meg for å vere flinkare til å gå tur, så nå er eg i gang. Turen tar ca 45 min, og det er akkurat passe:)
I morgon skal eg heim til min kjære. Eg tar halv 4 bussen og då er eg heime i halv ti tida. Gler meg.



tirsdag, april 17, 2007

Broderi

Eg er begynt å brodere...hmmm, ka er det som skjer. Vel, eg har valdt å ha broderi i ei oppgåva på skulen, eller det er meir eller mindre sjølvstudie i å lære teknikk. Så då hadde eg lyst til å prøve og brodere monogram, der er så søtt. Tok sjølvsagt min eigen bokstav...
Eg teikna av bokstaven etter mønster i ei broderi bok. ( etter at eg hadde leita og leita på nettet, og ikkje funnet noko) men sånn er det når ein ikkje kan sjå skikkeleg etter.

Plattsaum heiter viss dette som eg gjere eit forsøk på her. Lys rosa tråd på ubleika bomull.
Eg skal lage ein duftepose av dette når eg vert ferdig.


mandag, april 16, 2007

Manda morra blues....

Nei da, det var ikkje så gale å stå opp i dag. Sola skein og dagen såg ut til å bli fin.
Me begynte seint i dag, så eg hadde tid til å ete frukost og lese litt bloggar før eg gjekk på skulen. Eg har ein spasertur på 15 min ner til skulen, og det gjer meg våken og nokså opplagd...
Det var kjekt å sjå dei andre igjen etter påskeferien, eller dei som møtte da.
Me fekk ei ny oppgåve og, arkitektur. Greit nok det.

Eg lånte meg nokre bøker om brodering og småstrikk på biblioteket. Kan hende eg finn litt inspirasjon til fleire sokkar, og så har eg lyst til å prøve å brodere litt. Dette er til ei valfri oppgåve der me skal lære oss forekjellige teknikkar.

I ettermiddag tok eg med meg pledd, maten og kunsthistorieboka ut i sola. Der fann eg meg ein lun krok og koste meg ein times tid. *Flink jente*

I kveld har eg og 3 andre jenter hatt litt hyggeleg samvær i tv stova. Eg har strikka på sokkar og sett på Criminal Minds. Eg har veldig sansen for den serien.
Nå skal eg lese litt om arkitektur, og så er det natti natt:)
Ha ein fin kveld/natt alle som kikkar innom.

søndag, april 15, 2007

Hybel livet igjen:)



I går kveld såg me denne herlege filmen. Den handlar om ein mann som motvillig tar med ei jente som vil sitte på i bilen,og når dei er blitt kjende med kvarandre så kjører brøytebilen på bilen dei sit i, og jenta vert drept. Ho er på veg til mor si som er autist, og han føler at han må reise til henne og forklare. Der blir han verande til over begravelsen. Filmen fekk fram både smil, latter og tårer hos meg. Kan varmt anbefalast.

Nå er eg tilbake på hybelen min i Notodden etter nesten 3 herlege veker heime hos mine kjære. Bent ville at me skulle kjøre bort i dag siden veret var så flott. Det var ikkje meg i mot. Eg er litt lei av å ta bussen att og fram, men det går greit og. Eg kjørte bort siden Bent måtte kjøre heimatt aleine. Turen over fjellet var flott, nydeleg ver og snøen glitra i sola. Me høyrde på Vamp og Di Derre, og sang med av full hals. Godt det berre var oss to i bilen.

Eg likar godt å kjøre bil, men eg har ein lei tendens til å treffe alle hol i vegen. Bent klagar aldri, men når eg tilslutt måtte unnskulde meg litt for all humpinga, og at eg traff hola, så kom det tørt; eg trur nesten at du siktar på dei....

Men ærleg talt, eg kan ikkje for det.

Så nå må eg prøve å vere flink jente og lese til eksamen. Eg skulle vere så flink å lese i påskeferien, men det var alltid noko som var kjekkare. Eg skal ha eksamen i kunst og formkultur 3 mai, så nå MÅ eg lese.Tida går fort framover nå.

lørdag, april 14, 2007

Tinga rundt meg

Eg tenkte eg skulle vise litt av tinga rundt meg som eg er glad i. Under loftstrappa heng ein gamal settekasse med små ting i, og under står nokre av skoa mine på ein trekasse.


På ei hylle ved omnen står dette lile stillebenet, ei keramikkmaske laga av dotter mi, ein stein og eit kuhode.

Denne kjøpte eg i Vilnius på ei keramikksjappe. Den er til telys, og røkelse kan han halde i hendene. Det er ein liten engel, og han har eit skikkeleg bistert uttrykk i fjeset sitt som eg syntes var så herleg. Så nå står han i vinduskarmen og ser sint ut..



Dette er eg veldig glad i. Ramma er laga av eit langt rekvedstykke som eg fann på stranda inne på hytta til syster mi for nokre år sidan.




Samlinga mi av kunstglas. Eg snoper meg eitt glas i året sjølv, og ønsker meg til bursdagar og sånn elles. Dei er berre lekre synest eg, og det er så masse fine å velge mellom.




Bilde som eldste datter mi Malin, har mala til oss. Ho er snart ferdig utdanna illustratør, og bur i Stavanger.





Litografi av Eva M. Lange som eg og min kjære kjøpte oss. Eg er veldig glad i bilda hennar, dei er så nydelege synest eg.





Keramikkfigur som heng på veggen. ( Den er vel dobbelt så lang som bildet viser) Den er laga av ei som heiter Anu Alikas, og ho hadde utstilling på galleri Å`Godt i Sandeid. Figurane har ei slik ro over seg som eg synest er så flott. Eg blir litt ærbødig når eg ser dei i ansiktet.







Lite keramikk bilde eg fekk til bursdagen for mange år siden.








Her samlar eg vinkorkar, men berre dei flaskene som eg har drukket aleine....Eg har hatt denne i mange år, berre så det er sagt,hehe.









Dette var litt av tinga som er rundt meg i heimen vår. Eg likar ting med ei historie eller som det er noko spesiellt med. Saker og ting som eg får eller har arva er det ekstra kjekt med. Det er gøymt masse minner i slike ting.










Siden det er laurdag i dag så er det lov med sjokolade, mmm, og iskaffe. Sola skin og livet er herleg.












torsdag, april 12, 2007

Eg vil male dagen...

I dag har dagen gått med til å male bilder. Det øverste er 30*80 cm " To søstre"


50*50 cm " Nattsvermeri"


50*50 cm " Utan tittel"


50*50 cm " Ømhet"



60*60 cm " Svermeri"
Alle bilda er Deep edge, og kan hengast rett på veggen.
Så dette har eg tutla med i dag, bortsett fra å gå på butikken og handle litt.
Nå kjem snart min kjære heim, middagen er klar, Marie har gjort leksene, og eg har ein heil ettermiddag til disposisjon. Det er jammen godt å leva:)



onsdag, april 11, 2007

Bordkort

Slik som dette trur eg bordkorta til bryllupet vårt skal bli. Hjarta tvunnet av metalltråd og perler. Eg trur eg skal bruke eit anna papir til namna, kanskje eit gjennomsiktig, me får sjå.
Eg likar så godt hjarte forma, og det passar jo godt i bryllup. Eg vil ha det romantisk, men ikkje for søtt. Eg er ikkje så sukkersøt....
Det vert litt av ein jobb å lage alle desse, men eg får spør om hjelp. Eg har mange fingerferdige venninner, og alle seier dei kan hjelpe til, så då så:)

Rasmus pusen tar livet med ro, men at han kan sove slik med beina hengande over bordkanten, det skjønar eg ikkje. Men herleg er han:)

tirsdag, april 10, 2007

Smykker og litt til...

Eg er veldig glad i perler og i å lage smykker, men det på bildet har eg ikkje laga. Det er eit emaljesmykke som eg har arva etter mamma mi. Eg har ikkje brukt det så mykje fordi eg var så ung da eg fekk det, og eg følte det var eit litt "voksent" smykke. Nå er eg så pass gammal at eg kan bruke det, he he:) Eg må få meg ein 50-tals kjole som passar til stilen.

I dag har eg laga smykker og armband til eg fekk vondt i ryggen...
Her er eit lite utval av det eg laga i dag:)


Herre/gutte smykker, med røffe perler på lintråd.


Langt smykke med treperler knyta på dobbel lintråd.



Langt kjede med kvite og blanke perler.



Langt kjede i blått og brunt, med låsen framme.



Armband i mange glade og friske fargar.





Eg skal lage bordkort til bryllupet vårt, og her er første prøve...
Dette kan nok brukast, men eg skal få tak i tjukkare metalltråd/streng. Eg har lyst å lage hjerteform, og denne strengen var for tynn til å forme skikkeleg.