...får eg om torsdagen når me går fra skulen. Fredagen er fri fra skule, men skal brukast til å førebu jentefesten på laurdagskvelden til fjortisen i familien, og familieselskap på søndag for både Kenneth som fyller 20 år i dag og Marie som fyller 14 på mandag. Så eg må bake nokre kaker og skulle helst ha vaska heile huset skikkeleg også. Eg får springe rundt i huset med kost og fille i morgon etter at eg har vore hjå frisøren. Joda, det vert nok bra.

Nå om kveldane må eg tenne masse lys i stova, og fyre i omnen slik at det blir godt og varmt.

Rasmus pusen, han likar at me har det godt og varmt i stova. Då legg han seg på golvet framføre omnen og nyt varmen, men etter kvart som det vert varmt så kryp han lengre og lengre bortover golvet. Tilslutt så legg han seg i sofan på puta og vaskar seg, og vaskar seg.
*
På skulen jobbar me med trykk for tida, og det er noko som eg kan like:o) I dag har eg skore ut eit bilete i lino ,A4 str. Det skal eg trykkje på mandag.
Biletet under er eit prøvetrykk med sandpapir, fettstift og trykksverte. Eg har trykt litt forskjellige motiv med forskjellige teknikkar.

På torsdag har me innlevering av forskjellige oppgåver me har jobba med den siste tida. Det er ei veske som eg har sydd, ein krympeboks i tre med lokk og utskoren dekor, ein portrett teikning, 5 krokiteikningar i heilfigur og eit utsnitt av eit ansikt. Det er det bilete av under. Eg skal teikne eit utsnitt av Kenneth sitt ansikt i str 28*58 cm. Jaja, så eg er ikkje akkurat arbeidsledige.

Det er så mykje eg har lyst til å sy for tida, så eg vekslar mellom å teikne og å sy. Opp og ned fra loftet. Eg har syrom på loftet, men teiknar nede på spisebordet, så dermed klarer eg og rote i 2 etasjar.

Så må de alle ha ein fin kveld og helg, og tusen takk for alle koselege helsingar som de legg igjen her hos meg.
Dei set eg veldig stor pris på:o)
3 kommentarer:
Så koselig å se Rasmus!!!
Skummelt å se likheten mellom han og Figaro!! Hun ligger også i stua å maler, og vasker seg... Vi hadde moro av henne i stad, for da oppdaget hun speilet i stua! Hihi!
Ha en fin kveld!
Gratulerer med Kenneth! fin gutt!
Må bare ønske deg en fin fri fredag. Lykke til med bursdagsfesten. Det kommer nok til å bli bra uansett husvask eller ikke. Gode klem:O)
Legg inn en kommentar