søndag, april 15, 2007

Hybel livet igjen:)



I går kveld såg me denne herlege filmen. Den handlar om ein mann som motvillig tar med ei jente som vil sitte på i bilen,og når dei er blitt kjende med kvarandre så kjører brøytebilen på bilen dei sit i, og jenta vert drept. Ho er på veg til mor si som er autist, og han føler at han må reise til henne og forklare. Der blir han verande til over begravelsen. Filmen fekk fram både smil, latter og tårer hos meg. Kan varmt anbefalast.

Nå er eg tilbake på hybelen min i Notodden etter nesten 3 herlege veker heime hos mine kjære. Bent ville at me skulle kjøre bort i dag siden veret var så flott. Det var ikkje meg i mot. Eg er litt lei av å ta bussen att og fram, men det går greit og. Eg kjørte bort siden Bent måtte kjøre heimatt aleine. Turen over fjellet var flott, nydeleg ver og snøen glitra i sola. Me høyrde på Vamp og Di Derre, og sang med av full hals. Godt det berre var oss to i bilen.

Eg likar godt å kjøre bil, men eg har ein lei tendens til å treffe alle hol i vegen. Bent klagar aldri, men når eg tilslutt måtte unnskulde meg litt for all humpinga, og at eg traff hola, så kom det tørt; eg trur nesten at du siktar på dei....

Men ærleg talt, eg kan ikkje for det.

Så nå må eg prøve å vere flink jente og lese til eksamen. Eg skulle vere så flink å lese i påskeferien, men det var alltid noko som var kjekkare. Eg skal ha eksamen i kunst og formkultur 3 mai, så nå MÅ eg lese.Tida går fort framover nå.

6 kommentarer:

Paula sa...

I just came across your blog. I love your little kitty - so sweet!

9na sa...

Så vakre ting du omgir deg med! Særlig likte jeg keramikkengelen i vinduet og kunstglassene dine! Men hvor setter du glassene så ikke Rasmus vipper dem ned?

HildeS/Frøken Fryd sa...

polly:Thank you, Polly,and yes he is sweet.

9na:Tusen takk 9na.Kunstglassa står i eit vitrineskap med dør...
Han har ikkje knust noko siden han var kattunge, men då gjekk det med ein del blomepotter og lysestakar.
Det var jo så kjekt å vandre i glaskarmen, og der var det noko så spennande som fluer avogtil.Hehe.
Han var skrekkeleg morosam som kattunge,han er det fortsatt,men på ein annan måte.

[morgrethe] sa...

Den filmen stod jeg med i hånda her om dagen. Det endte med at jeg lånte "Heartbreak Hotel". Den var utrolig morsom, tror jeg kan anbefale den, men da må det sies at jeg har en ganske enkel form for humor...smil... Å du..det med humper er velkjent.. Ha ei fin uke med lesing Med min eksamenskrekk misunner jeg deg ikke. Eksamen er synonymt med mareritt, sur, irritabel osv. for meg. :o)

Katrine K sa...

Ønsker deg lykke til med eksamenslesing framover, det blir sikkert lettere å lese nå som du er alene igjen. Må le litt over den bilturen, den hørtes jo spennende ut!

HildeS/Frøken Fryd sa...

mor grethe:Den filmen skal eg sjå om eg finn neste gang. Eg har enkel humor sjølv,og ofte ler eg der ingen andre ler...
Har og blitt skulda for å ha kloakkhumor,hmf.
Kan ikkje sei at eg gler meg til eksamen,men det må gjerast.

katrinek:Takk, kan trenge litt lykkeønsker før eksamen.
Jo det går bedre å lese her borte,ikkje fullt så mykje anna kjekt som frister her.
Bilturane våre er alltid veldig kjekke:)