onsdag, juli 12, 2006

Symani.....




Eg har ikkje sydd noko nytt i det siste, men er i tenke og planlegging stadiet til eit vogntepe. Difor viser eg då bilete av syrommet mitt,g det er eg veldig glad i,og glad for at eg har. Eg rote så fryktelig når eg syr,så då er det greit å prøve og halde det sånn nåkelunde på ein plass.( og ikkje over heile huset)
Det grønne og svarte, er eit veggteppe eg sydde for fleire år siden. Eg har brukt den same teknikken i andre arbeider og. Veldig kjekk og enkel teknikk.
Øverst er ein liten pung,og dei er berre kjempesøte. Litt puslete å sy, men veldig kjekt.
Rasmus pusen ligge på fanget mitt når eg skriver dette, og han syntes tastaturet var veldig spannande. Nå er han sovna, det er enten bånn gass, eller så sover han.
I dag er det regnver så kanskje eg skal sy litt,men då må eg jage Malin opp. Ho sover på syrommet mitt, stakkars jentebaden.

Ingen kommentarer: