onsdag, juli 05, 2006

Sommar og sol.

Nå er me heime igjen etter ferietur i Danmark. Me har hatt det kjempekjekt, vore på Tivoli i Ålborg, og i Legoland. Begge deler var kjekt,men eg trur Marie likte tivoliet med berg og dal -banane best. Etter to netter i Ålborg, sette me oss i bilen og kjørte nedover til Juelsminde. Det er den koslegaste vesle byen eg har vore i. Me låg på vandrehjem,og det var 50m til stranda,og når ein gjekk ut døra var ein i handlegata. Eg fann tilogmed ein quiltebutikk der,så då fekk eg kjøpt meg litt stoff og:)
Biletet er av Marie når ho badar i bølgene på badestranda i Juelsminde.Det var ei flott sandstrand der, med masse fantastisk fine runde steinar. Eg kunne nesten ikkje gå ein meter uten at eg måtte plukke med meg ein stein,så det vart nokre som fekk vere med heim til Skjold.
Her heime hadde plenen vakse nokre cm, og den lyste grøn og fin mot oss når me kom heim. Dei siste dagane har me logge rett ut på badestranda og solt oss.Det er rett og slett fantastisk. I dag har me bada og kost oss,til og med Bent bada i dag, så då er det bra.

HURRA FOR:

-SOLÅ
-Skjeljavikjå
-Krabbar
-Jentene mine som badar med meg i sjøen
-Bent som bada i dag!!!!
-Grillmat
-Heimen vår
-Skal sikkert bada i mårå og...

2 kommentarer:

Malin sa...

Kommentar!!!

Malin sa...

hahahha, eg berre tulla;) Du må blogga meir mammo!!! De e så kjekt å lesa:D

Klemme