lørdag, juli 22, 2006

Så nydeleg kan Skjoldafjorden vere ein juli morgon. Ein skulle nesten tru at nokon har stroke han.
Eg er komen inn på skulen og, fekk svar i går. Eg vart glad,men det er litt skummelt samstundes. Så nå skal eg til å bli faglærar i forming,hmmm.....Kan sikkert bruke det til noko anna og,he he.Nei eg berre tulla. Eg gler meg til å komme i gang,det er berre synd at det er så langt heimafra,6 timar med buss,men, men,det går nok bra.
Elles går dagane veldig fort, eg er ikkje så flink som eg hadde tenkt å vere i ferien,men eg mala litt i går til det vart for varmt. Plenen må me snart klyppe og,for det er ikkje så mykje hjelp i om eg har marsvina utpå.Sjølv om dei likar det veldig godt.
Rasmus pusen er blitt ein liten ramp,men ein skjønn ramp. Det er enten bånn gass, eller så sove han. Han likar seg fortsatt best inne,men han vågar seg ut på terrassen og plenen avogtil.



Sjå dei fine skoa eg har kjøpt meg i dag. Eg synest dei er kjempesøte:)
Eg og Malin var i by`n i dag. Eg skulle egentleg berre ha meg eit par flasker vin, men siden det var øveskya i dag så kikka me litt i butikkar og. Eg kjøpte nå berre eit par sko,Malin kjøpte 3 par.....


I dag kjøpte eg meg lin tråd til å lage smykker av, og det var veldig kjekt. Berre te å tre perler på og knyte knute for kvar perle. Så det er det eg har gjort i kveld. I måro er det fiskefestival i Vikebygd og dans om kvelden. Det kan jo komme te å bli kjekt:)

1 kommentar:

Ingrid sa...

Gratulera med skuleplass!!knallfint smykke!
Snakkes ikveld..hohooi:)