mandag, juli 10, 2006



Brått var eg tebake!!!!

Eg måtte ha meg ei veske til eg skulle på ferie og bluesfestival,og dette vart resultatet. Etter at biletet vart tatt har eg sydd på ein rufsete lin blom på høgre sida, det passa egentleg godt.

Blues festivalen i Skånevik var heilt topp!!!!! Me låg i telt på plenen ved skulen, og der var det dusj og do som me kunne bruke. Fredagskvelden var det The Blues Brothers som var det store, knalltøft. Er litt lei meg for at eg ikkje gjekk opp litt tidlegare og fekk med meg Bjørn Berge,men men,eg har høyrt han før,og kan ikkje få med meg alt. MEN eg snakka med han etterpå,så det så!!!!

Laurdagskvelden var det Whitesnake som var høgdepunktet,snakk om at dei gamle e best!!! Salen kokte, og dei spelte så svetten og testosteronen spruta. Det var heilt vannvittig og eg var tilbake til 80 - talet fullstendig.

Teltet holdt tett og, sjølv om det regna nåke heilt vannvittig natt til søndag. Elles hadde me stort sett opphald, og det er jo kjekkast når me skulle vere ute heile helga. Det er ein sang eg har fått nok av etter helga, og det er "båten Anna", den spelte naboane på campingen døgnet rundt,jippiii......Skjønne meg ikkje heilt på sånne folk.

I mårå skal eg på Spa ute på Oasen hudpleie. Eg fekk gavekort av Bent te jul....og nå skal eg endeleg bruke det, kan tru eg glede meg. 3 timar med berre dulling og velvære.

Eg holdt nesten på å gløyme å skrive at me har fått oss kattonge, Rasmus hette han. Han er svart med kvite labbar,og er så liten og skjønn atte.

HURRA FOR:

-Rasmus pusen

-Skånevik Blues festival

-80 - tals-rock

-Spa- behandling

-Sommar is

- Pepperoni pizza

-Sova i mi egen seng

Ha ein fantastisk flott kveld adle i saman:)

1 kommentar:

Mmmalin sa...

Eg like veskå di:D å du må blogga meir av alt de fina du lage!!! Viss ikkje så gjer eg d;)