tirsdag, september 22, 2009

Hadet på badet...

...din gamle sjokolade...
Litt nytt til badet er komen inn til Frøken Fryd.
Svart og kvitt er stilig og tidlaust.
*
Alt dette og meire til finn du i butikken min i Isvik,
men eg har også lagt ut masse nytt i nettbutikken.
*
Sjå den herlege turkise fargen på knottane.
***
Fuglebur, skilt og hyssinghaldar med saks
finn du også i butikken min:)))
*
I`ll be back soon:)

onsdag, september 09, 2009

"Istadenfor" lappeteppe

Eg har det med å utsette ting,
og spesielt ting eg eigentleg ikkje har lyst til å gjere.
Så istadenfor å gjere det eg burde gjere,
så gjorde eg det eg hadde lyst til,
og sydde eit lappeteppe.
Rosestoff i lyseblått og rosa, og prikkestoff i beige
vart kutta opp i kvadrat på 15 cm x 15 cm,
og sydd saman til teppe av 8 x 12 ruter.
Nå gjenstår vatt, bakstykke, quilting og lukkekant.
Mon tru kva tid eg får lyst til å gjere det???
*Enda meir Greengate varer kom også i dag.
Nydelege små - og storblømande lattekoppar,
mugge og skåler, m.m.
*
Eg har lyst på alt.....
*
Tusen takk
for alle koselege kommentar
de legg att her hjå meg.
Dei set eg stor pris på!!!
Ha ein superfin dag
du som kikkar innom



mandag, september 07, 2009

Kjærastetur til Rosendal

Min kjære og eg var saman med to andre par på kjærastetur
til nydelege Rosendal Turisthotell.
Hotellet har ei fantastisk utsikt over fjorden,
og heile hotellet har ei nydeleg atmosfære,
slik at med ein gong du går inn
så senkar skuldrene seg
og du slappar av og nyter roa der inne.
Me kosa oss med vin på terrassen i andre etasje,
middag i Martha Meidell resturanten,
og meir vin og ein svingom i Vinkjellaren.
*
Søndagen tok me turen til Baroniet i regnveret.
Rosene blømde fortsatt, men var nå på hell.
I drivhuskafeen vart det kaffi og potetlefse
før me satte nasen heimover.
***
Takk gode vener for ei koseleg
helg i Rosendal.
***
PS. Må fortelje at dei andre to para kjørte inn før oss
og klatra til toppen av Melderskin vel 1400 m. o.h.
Kvar si lyst,hehe.


torsdag, september 03, 2009

Romantiske puter

Puter er koseleg å sy,
og når det er lekre gamle blonder,
broderier, og lyse lette stoff,
går arbeidet som ein leik.
*
Putene finn du i butikken min, Frøken Fryd,
og her inne


onsdag, september 02, 2009

Bursdagsjenta mi

Gratulera med 24 års dagen jenta mi.
*

1 års dagen i 1986
*
Bileta har eg lånt uten lov fra bloggen hennar...
***
"Before you
were concieved,
I wanted you.
Before you
was born,
I loved you.
Before you
were an hour,
I would die
for you.
This is
the miracle
of life."