onsdag, mai 27, 2009

Ein grunn til å smile...

rykande fersk eos lip balm er komen inn i butikken i dag.
3 nydelege smakar,
honneysuckle honeydew, summer fruit, sweet mint
som alle gir utruleg mjuke og glatte lepper.
dette er sommarens *må ha*
eos finn du i nettbutikken
*
vil du ha ein eos?
legg igjen ein kommentar så trekker eg ein av dagane.
ps. skriv kva for ein du vil ha.

mandag, mai 25, 2009

Bønner og betragtninger...

...heiter ei bok eg kjøpte på loppemarked for nokre veker siden.
den var gått i oppløysing, og nesten alle blada var lause.
har difor ikkje dårleg samvit
fordi eg pakkar lavendelsåper inn i ark fra 1895....
* eg skal vere med på to marknadar i juni,
ein i Sveio og ein i Skånevik.
prøver å lage til saker og ting som er i gamal stil
siden det er torgdag i Skånevik,
og dei oppmodar alle til å kle seg ut i gamle kler.
så får eg endeleg prøve korleis det er å vere torgkone.

tirsdag, mai 19, 2009

Veggord / wallstickers

kjempeflotte veggord/wallstickers
er nett komen inn i butikken.
Kikk inn her om du vil sjå meir.

mandag, mai 18, 2009

Glede

å vente på en glede
er også en glede.
***
fleire mandagstema finn du her
*



fredag, mai 15, 2009

O lykksalige fredag

så herleg å vakne til sol som strøymer innover golvet,
og når golva er nyvaska kvelden før
så går det an å ta bilete også, hehe.
*
eg skal ha vinklubb ilag med 4 venninner i kveld
og brukte kvelden i går til å rydde og vaske.
(Ps. min kjære vaska badet)
det er godt å vaske på torsdagskvelden
så kan me bruke helga til koslegare ting.
*
sofakroken har fått nye puter
sydd av kjøkkenhandkle fra bloomingville,
og duken er eit overlaken kjøpt på fretex.
*
turen går ut på kjøkkenet der de får sjå saltet mitt,hehe.
saltet kjem fra øya læsø i danmark, og er verdens beste.
har du først smaka det, så vil du ikkje ha noko anna.
*
eple er ein av mine favorittfrukter,
så nå ser eg fram til dei gode norske kjem i salg.
epletre ønskjer eg meg til hagen + ein masse andre ting:)
*
i eine kjøkenglaset står ein stor pelargonium
for å skjule litt innsyn.
her skulle eg ha funne på noko lurt som hindrar innsyn,
men slik at me kan sjå ut.
det er eit nytt hus under bygging,
og det blir litt nær oss,
faktisk veldig nær....
*
ute på terrassen har eg sett ei tomatplante
som eg kjøpte meg i veka.
eg har ei med vanlege tomater og ei med sherrytomater.
siden eg aldri har prøvd å dyrke tomater før
så lurer eg på korleis dei skal handsamast.
eg har sett dei ute på dagen, men tatt dei inn om natta.
er dette rett eller gale???
*
rosa margerittar i blomekassane i år også,
men gløymde å kjøpe til den eine...
jaja, får ta det ein annan dag.
i kveld skal eg som sagt ha vinklubb ilag med 4 venninner,
og har bestillt reker som min kjære skal hente etter jobb.
gjett om me skal kose oss med reker, loff, majones, dill og pepper,
og vin sjølvsagt.
lurar på om ikkje me må ha litt jordbær til dessert.
me må kose oss medan me kan.
***
ha ei fin helg,
og ei retteleg flott 17 mai
alle saman.







fredag, mai 08, 2009

Verdifull

den summen du er blitt
gjennom all din
menneskelige erfaring
og gjennom livets furer
*
den summen er det
som gjør deg verdifull
ikke drømmene om hva du kunne ha blitt
eller burde være
eller aldri ble
men deg
slik du er nå,
slik er du verdifull.
Tove Houk

onsdag, mai 06, 2009

Harmoni

på kjøkkenbenken står ein trekasse med bestikk
 som kjem fra barndomsheimen min.
sølvfarga og blankt med fint mønster.
dette vart kun brukt til "best" når eg var liten.
*
knivar med kvite skaft.
lurer på om dette eigentleg er fruktknivar,
men heime vart dette brukt til middagsbestikk.
*
søte teskjeer har også fått plass i kassen.
bestikk og kasse står til pynt, 
men er også i bruk.
eg likar å bruke tinga eg omgir meg med.
*
egga står klare på kjøkkenbenken i ei korg av streng.
fine til pynt samstundes.
*
nye kvite knottar med sølv.
må berre finne ein kommode å ha dei i.
desse finn du også her.
*
blonder og blondedukar som eg fann på loppemarked sist helg.
det er så kjekt å finne slike fine ting,
og når eg fekk vaska og strøket dei
 så vart dei fine som nye.
*
ei søt eldre dame kom innom butikken 
og lurte på om eg kunne bruke desse dukane. 
dei var litt i stykker, 
men om eg kunne bruke dei til noko 
så slapp ho og kaste dei.
klart eg kunne bruke dei, 
og eg  vart kjempeglad for at det finns så snille mennesker.
*
fine blomen på ei grein som eg plukka med meg ein dag ute på tur.
eg veit ikkje kva det er, men fine blomar var det ivertfall.
*
kvitt ilag med grått og sølv
 er harmoniske fargar som gir ro i sjela.
*










mandag, mai 04, 2009

Mønster

måndagstema i dag er mønster,
og det er noko som eg er oppteken av.
eg som elskar å sy burde vere flink til å bruke eit mønster,
men det er eg ikkje.
derimot så er eg veldig glad i mønster på stoffa.
*
nydelege blomemønster på desse nye flotte stoffa
som skal bli eit teppe.
kanskje til ein baby som ikkje er fødd enno.
*
bilete "as time goes by, 1 & 2"
*
fleire måndagstema finn du her .



lørdag, mai 02, 2009

Vil du helse på Tinni?

me har besøk av tinni i helga,
og han er ein border collie gut på 11 mnd.
han er på besøk for å sjå om me
kan passe til å vere fosterforeldre for han i eitt år.
den store bøygen er rasmus pusen,
og om han vil godta han.
i går kveld låg rasmus i loftstrappa
og prøvde å stirre tinni i senk...
*
tinni er ein roleg og snill hund,
og ligg heilt i ro om rasmus viser seg,
men eg ser han har veldig lyst til å helse på.
*
tinni likar at det skjer noko,
og min kjære rota fram ein volleyball
som dei spela fotball med.
(plenen er klipt etter at bilete er tatt, altså,hehe)
så nå får me kanskje eit nytt familiemedlem:)
***
ha ei fin helg alle saman!!!