fredag, januar 30, 2009

God helg

Nå skal eg snart ta helgevasken...
og ønsker samstundes Malin og Svein
ein fantastisk GOD TUR til Thailand.
God helg til alle som kikkar innom.
*Klem*

onsdag, januar 28, 2009

Nyteter hjå Frøken Fryd, og kosepusekatten Rasmus...

Nye varer er lagt inn i nettbutikken
***
Eit utval av det som er komen inn dei siste dagane.
Søte og fine ting fra Lisbeth Dahl.
*

Eg likar å pynte på badet.
Det er det første rommet eg er i om morgonen,
eller der eg startar å bli vaken, i det minste.
*

Parfymeflasker, såpekopp og såper
er dandert på eit sølv stettefat,
og står oppå eine skuffeseksjonen.
Dei to fine såpene som ligg der
har eg fått av snille, søte Magny.
*

Min parfyme er Shalimar fra Guerlain.
Den har følgd meg i mange år,
og kjem nok til å fortsette med det.
Den mørkeblå er Marie sin.
*

Rasmus pusen vil vere med der eg er,
og når eg les ved kjøkkenbordet så hoppar han opp.
"Sjå på meg, sjå på meg, eg er her eg og"
Han gjer seg så fin han kan,
slik at eg skal klø han under haka,
og på magen.
Det er det beste han veit,
utenom mat....
*

"Eg legg hovudet mitt oppå bladet ditt,
då sluttar du vel å lese"
***
*Ha ein fin kveld du som kikkar innom*

mandag, januar 26, 2009

Se min kjole 2...

..den er blå som havet...
Eller ivertfall petroleumsblå.
Chenillekjole med turkis heklekant,
applikert hjerte og knapp fra "snella og petronella".
Kjolen er i ca str 38/40, trekvart lange ermer,
og går til litt over kne.
*
Klikk på bileta, så blir dei større.
*****
Støva rosa chenillekjole uten armar.
Svart alpakka er hekla rundt alle kantar,
og applikert hjerte med "snella og petronella" knapp.
Lite englebilete er applikert nede på kjolen og bak i nakken.
Denne er også i ca str 38/40,
og går til litt over kne.
***
Kjolesyinga har tatt heilt av her i huset,hehe,
og fleire er under produksjon:)
*
I dag er sola framme
etter ei storm-og regnfull helg.
Det er godt å sjå at det går mot lysare
og varmare tider.
VÅR- du må berre komme.
***
Ha ei fin veke du som kikkar innom,
og tusen takk for alle gode ord de legg igjen.
*superduperbloggjenter*



torsdag, januar 22, 2009

Se min kjole...

...den er søt og rosa.
*
Prinsessekjole til ei lita jente.
Her har eg brukt rosa fleece,
og hekla med brun alpakka rundt kantane.
På brystet er det applikert eit hjarta
med ei rosa prinsessekrune inni,
eit lite hjarta på bakstykket,
og engleknapp bak i halsen.
Kan passe til ei jente på 2-3 år.
(Malin du må berre begynne,
nå er kjolane klar)
*
Kjole i brun chenille med lys turkis hekla kanter,
og applikert hjerte på framstykket med engleknapp.
Eit lite hjerte er applikert på bak i nakken også.
Damestr 38-40
*
I dag er eg glad eg kan vere inne,
for hjelpe meg, så det bles ute.
"Det blåser stikker og strå",
er det noko som heiter,
men eg trur det er meir
trer og tømmerstokkar
det bles her i dag.
Brrr.
*

mandag, januar 19, 2009

Barnetøy

Då ongane mine var små, så sydde eg ein del klær til dei.
Særleg kjolar til jentene mine var kjekt å sy.
Madikken kjolar med blondebluse inni var ein stor favoritt.
*
Sydd har eg gjort så lenge eg kan huske,
og eg er glad for at eg fekk låne symaskinen til mamma.
Dukkene fekk støtt nye kler, og når eg vart større
så sydde eg til meg sjølv også.
Nå er det lenge siden eg har sydd barnekler,
men på fredag fekk eg pakke i postkassa.
Inni låg to bøker som eg har bestilt fra Capris.
Bøkene får ein tilsendt fraktfritt, og det ligg rekning inni.
Det er eit enormt utval av bøker der.
Bøkene heiter Børnetøj 0-3 år,
med mange søte modellar til både gutt og jente,
og
Børnetøj du selv kan sy 0-4 år, med skikkeleg 70-tals modellar:)
*
Eg måtte til å sy litt med det samme,
og denne fleece kjolen vart ferdig i dag.
Eg har sydd ei jakke med hette i samme stoffet,
men den manglar glidelås og litt pynt.
Veldig kjekt å sy slike små plagg,
men siden eg ikkje har bruk for slike,
så vert det til at eg har dei for sal i butikken.
*
Ha ei fin og kreativ veke du som kikkar innom.
*klem*

fredag, januar 16, 2009

Arsenikk og gamle kniplinger...

...er det eit teaterstykke som heiter.
Det er ikkje akkurat teater eg skal vise,
og arsenikk bør eg vel heller ikkje prøve meg på.
*Kniplingar derimot, det har eg,
og ikkje minst blonder.
Eg fekk gamle blonder i eine gåva til jul,
og dei er så nydelege.
*

Blondene på bilete her må vere knipla etter som eg kan sjå.
Nå har eg vaska og stroke dei i dag,
og eg nyter synet av det vakre handarbeidet.
*
Nokre er hekla i tynt,tynt garn,
og andre i litt tjukkare garn.
Sirleg utført handarbeid.
*
Eg har ikkje bestemt meg for kva eg skal bruke dei til,
så endå ligg dei der til inspirasjon og glede.
***
God helg




onsdag, januar 14, 2009

Pukka te på ein onsdag..

..er ikkje å forakte.
Min absolutte favoritt er Pleasure, mmm.
Den har masse smak og god lukt:)
Chai teane er også god vinterte til å varme seg på.
*
Eg har lagt ut pukka te for salg i
Det vil med ujamne mellomrom
komme inn nye bilete og varer.
Eg har bestillt inn masse nye varer,
og GLEDE meg til det kjem, og det kan de gjere også,
men det tar litt tid.
*utolmodig*
*
Eg har ikkje fått sydd så mykje som eg hadde tenkt,
men viser bilete av to puter som eg sydde tidlegare.
Eg er glad i å sy puter av forskjellige materialer ,
nytt og gamalt, litt herfra og litt derfra.
Ein knapp her og ei blonde der,
litt fra ein duk og litt fra stoff lageret mitt.
Putene finn du til salgs her.
*
Elles er det ikkje så mykje nytt spennande som skjer.
Eg er på jobb kvar dag til kl 17,
og så er det middag, lekser med litlagullet,
litt husarbeid, litt forefallande andre ting,
og vips, så er den kvelden gått.
Eg lurer på om det går å få innvilga
nokre ekstra timar mellom kl 18 og 23...
*
Det er berre oppi hovudet mitt det boblar over av idear
og arbeidslyst slik at eg ikkje får sove når eg legger meg.
Så kanskje eg heller skal stå opp og jobbe enn prøve å sove.
Hmm, kanskje ikkje så lurt,
men litt frustrerande når han eg deler seng med
har DET sovehjarta.
Eg har prøvd å telje sauer, griser ,hestar, you name it.
Eg har delt dei inn i fargar, mønster og størrelse,
men det hjelper ikkje.
Rom for rom i huset har blitt pussa opp inni hovudet mitt,
hagen har blitt gjort ferdig, og garasjen med,
men søvnen kjem ikkje.
***
Er det nokon som har gode råd
så tek eg imot med glede!!!
*
Ha ein finfin dag du som kikkar innom
Klem*



mandag, januar 12, 2009

...and the winner is...

.....*trommevirrvel*.....
*
Min kjære trekte første lappen,
og det var "Koselig Koselig" som fekk 1. premien.
Eg har 3 trøstepremiar også,
og dei går til..
"Vårt lille hjem" som Marie trekte.
*
Neste lapp sto det "Kerstin"
*
Og på den siste sto det "Hilde Heimdal"
*
Kan de som har vunnet sende meg ein mail med adresse
så kjem det brått ein pakke ei posten fra meg .
Tusen takk for fine ord og lukkeønskingar
i høve opninga av Frøken Fryd sin nettbutikk.
Eg har fått mange gode
konstruktive tilbakemeldingar
og det set eg pris på.
Nye varer vert lagt inn med
ujamne mellomrom,
så det er berre å ta turen innom.
*****
Takk til alle som la igjen ein kommentar,
og til dei som ikkje vant denne gangen,
betre lukke neste gang.
*
*klemtilallesaman*









fredag, januar 09, 2009

Grønne elefantar med prikkar

Eg har litt rolegare dagar på butikken nå, enn før jul,
og har nå tid innimellom, til å sy.
Desse tre putene er sydd på bestilling til ein kunde.
*
Elefant - og sirkelstoff er fra Stoff og Stil.
Dei andre er fra mitt rikhaldige stofflager.
Enkle puter med samansydde rektanglar og
brunt velurband til pynt over saumane.
Bakstykke er eit av stoffa fra framsida,
og isydd glidelås for enkelt kunne ta trekket av.
*
Tusen takk for alle gode ord og lukkeønskingar
i høve av opninga av Frøken Fryd sin nettbutikk .
Eg prøver ut denne enklare varianten
før eg bestemmer meg for å opne
ein meir avansert nettbutikk.
Eg vert glad om du vil gje meg
ei tilbakemelding på kva du synest om dette.
Legg igjen ein kommentar eller send meg ein mail.
Eg set pris på både ros og ris.
*
Eg ser av tellaren min at den snart rundar
60 000 besøkande !!!!
Legg igjen ein kommentar under dette innlegget
så er du med i trekninga av dette Carpe Diem
klistremerket, og ei overrasking.
Eg trekker ut ein vinnar søndagskvelden.
*
Ha ein finfin dag du som kikkar innom

Vinnar er trekt ut kl 21.30 søndagskveld,
innlegg kjem:)




onsdag, januar 07, 2009

Taaadadadaaaaaaaaaa!!!!!

Velkommen inn til Frøken Fryd sin nettbutikk.
Ta deg eit glas champagne og kikk litt på vareutvalet.
*
Inne i butikken er julepynten nå til halv pris..

..og såpene har deilig duft....
*
...og fuglehus til pynt og glede...
Vil du sjå meir klikk deg inn HER
***
*Velkommen skal du vere*

Overraskingar kan førekomme
til dei som bestiller
den første veka:)


mandag, januar 05, 2009

Så var det på an igjen....

Måndag, og ei heilt ny veke foran meg.
Nytt år og ny veke.
Mange nye mogelegheiter ligger foran meg.
*
Det har vore godt med nokre dagar fri nå i jule- og nyttårshelga.
Godt å kunne ligge litt frampå,
og ha god tid til å nyte lange frukostar,
og late seg litt foran tv`n.
Me har hatt besøk og har vore på besøk,
og det er så koseleg begge deler.
*
Så mykje nytt har eg ikkje å vise fram,
så det vert litt bilete fra butikken,
og nokre akrylmalerier som eg laga i haust,
og rett før jul.
*
Dette måler 90 x 90 cm.
Skikkeleg dårleg lys å ta bilete i,
men slik er det nå berre .
*
Raude bilete er populært,
og dette målar 50 x 50 cm.
*
På jobb er det rolegare dagar,
og eg har fått teld ferdig,
og er begynt å bestille inn nye varer.
Det skal bli kjekt å få inn litt nytt nå
som det går mot lysare tider.
Sjølv om det ikkje verkar slik akkurat nå,
med -9 grader og snø på bakkane.
***
*Ha ein fine dag du som kikkar innom*