søndag, juni 29, 2008

Svart og kvitt

Lyst og mørkt i strikkeprosjekt.
*
Kvite porselensroser


Kvitmala ramme med svart/kvitt fotografi


Trefigur med svart kjole


Svart knagg på rekved fjøl


Tresau med sjakkruter



Svart katt på flis.

Litt av mine svarte og kvite ting.
Kontrastar,
mjukt, hardt, glatt, ru,
metall, tre, garn, glass.
***
Livet er også fylt med kontrastar.








fredag, juni 27, 2008

Fredag og helg:)

er det fredag og helg igjen.
Herleg.
Fredagen er den aller beste dagen i veka, synest eg.
Her har det vore så surt og små kaldt at eg har
både fyrt i omnen og tent masse telys om kveldane.
På 1 års bryllupsdagen på mandag
kosa me oss med marsipankake.
Eg fekk ein nydeleg bukett raude roser,
og min kjære fekk ein trollhegg busk av meg.

Siden det har vore så halvdårleg vèr så har eg og Marie vore litt handel.
Det har vore nattope to kveldar denne veka,
og då tok me turen til Amandasenteret den eine kvelden.
Eg fann meg ein kjole/tunika i grått mjukt stoff.
Romslig og god slik eg likar.


Ei lang strikkejakke i grått og svart
ville også gjerne vere med meg heim.
Eit par svarte toppar, og eit undertøy sett fann eg meg også.
Som de kan sjå av fargane så er eg ikkje så fargerik i klesveien,
men elles så er eg veldig glad i fargar:)

Ei stor svart og kvit veske fra Kremmerhuset.
Den er stor og romsleg, og det er kjekt nå på sommaren.
Det kan jo bli strandvèr igjen...

Vivendel pryder kjøkkenbordet hjå meg nå.
Den fann eg på min daglege rundtur,
og den veks vilt ved kyrkjegarden.
***
I kveld skal eg på overnattingstur i lag med to venninner.
Me skal ligge på hytta til Ingrid,
og kose oss med god mat og drikke i kveld.
Praten går i ett, og latteren sitter laust, når me er saman.
(Verre fnising skal du leite lenge etter)
Så eg gler meg masse.
Me har gått på skule i lag i mange år,
Ingrid siden barneskulen og Berit fra ungdomskulen.
****
må alle kjekke og snille bloggvenner
ha ein fantastisk fredagskveld og ei retteleg god helg.








mandag, juni 23, 2008

torsdag, juni 19, 2008

Litt maling...

....er alltid kjekt,

og nå når eg har hatt fri nokre dagar har eg fått jobba litt med det.


Dette raude bilete er bestilt til ei bryllupsgåve.
Så får eg håpe at både dei som skal gi det, og dei som får det, vert fornøgde.
Biletet målar 70 x 100 cm, og er mala med akrylmaling.

Eg har også laga nokre collage bilete i str 20 x 20 cm.
Dette er noko eg likar å pusle med innimellom.
Her kan eg bruke alt mogeleg som bilete, tapet, maling,
sjablong som eg skjer ut i plast, noteark, avispapir, mm.
*
I collage kan ein bruke det ein har for hand eller har lyst å bruke.

Dette under er ei gåve til ei venninne.
Det er ho og mannen som er på biletet,
og så håpar eg ho vil like det:)

Det som er litt rart når eg lagar collage er at då brukar eg fargar
som eg vanlegvis ikkje brukar.
Då går det i duse, støva pastell fargar.
Eg brukar vanlegvis sterke fargar og mykje raudt i måleria mine.
Men det er nå kjekt å variere litt også da:)

*
Her i vest regnar me nesten vekk for tida,
men då kan eg vere inne med godt samvit,
og sy og male akkurat det eg har lyst til:)
Herleg.
*
Eg skal starte å jobbe på mandag på eit bufelleskap
for psykisk utviklingshemma, og jobbe ut Juli.
Det er både dag, kveld og nattevakter og helger,
og det er heilt greit synest eg.
Eg jobba der i fjor sommar også,
og har vore vikar dette året.
Eg likar meg godt,
og det er kjekt å jobbe og tene litt penger også:)
*
I morgon er det "prikkedag " i Haugesund,
og det har eg og Marie tenkt oss på.
Eg trur ikkje eg har vore på det, på 20 år.
Når eg var halvstor jente så var det fast tradisjon å reise
til by`n på dette med venninner når me hadde fått sommarferie:)
Skal bli morosamt å sjå om det er like mykje rare ting
som vert lagt ut for sal nå, som før i tida, hehe.
*
Ha ein fin dag alle saman.







tirsdag, juni 17, 2008

Laksen som forsvann.....

I helga var eg og min kjære for å prøve oss på laksefiske i Etneelva.
Dette var ei av gåvene me fekk i fjor, då me gifta oss.

Me reiste inn på fredag i halv 6 tida på ettermiddagen,
og fiska fram til 11 tida om kvelden.

Eg er ikkje noko elvefiskar grunna at ein då må bruke makk...
Eg har eit heller dårleg forhold til makk,
og difor må min kjære tre makken på kroken for meg.....
Eg veit at det er skikkeleg teit, men eg klarer berre ikkje ta i makken.
Eg får frysningar og vert uvel av å sjå på, ææææsj.
Dermed kan ein lurer på kva i min tidlege barndom som har gitt meg denne fobien???


Det var veldig kjekt å fiske, men det vart lite fangst.
Eg hadde ein på kroken,
men det gjorde eit byks, og dermed så slo den seg av.
Laurdagsmorgon sto me opp halv 5 for å fiske fram til 12 tida på dagen.
Nydeleg ver, men litt kaldt på morgonen.
Det einaste me høyrde var elvebruset og fuglane som kvitra,
mmmm, herleg å lade batteria.






torsdag, juni 12, 2008

Dagen derpå...

....vart særdeles bra til berre å ha sove 5 timar.
I går sat eg å trippa og venta på eksamenskarakteren som aldri kom på studweb
før eg måtte kjøre til Stord.
Eg skulle møte Beritsøster på Vikjo, og så skulle me kose oss der,
før me drog til høgskulen og såg på utstillingane.
skulen traff eg den eine etter den andre som hadde fått karakterer og var så fornøgde,
medan eg visste ingenting.
Ragnhild lærar visste jo karakterane og sa at eg fekk B,
jaja, det var jo bra det tenkte eg, og levde i den trua resten av kvelden.
jo også fortelle at eg traff Tante Mimmi på utstillingen,
og ho er like koseleg og triveleg som ho høyrest ut på bloggen sin:)

Klassen og lærarane samlast heime hjå Ragnhild lærar,
og der kosa me oss med eit lass, og då meine eg eit lass med mat,
der alle hadde tatt med litt mykje kvar.
Det var kjempegode salatar i alle variantar, pai, ost,
pålegg og 3 sorter heimebaka brød, frukt og nydelege kakar.
Kvelden var utruleg koseleg, men samstundes litt trist å seie farvel til alle saman.
Eg håpar me klarer å halde kontakten
sjølv om me vert spredd for nesten alle vindar.
Eg kjørte heim på natta og var i seng i halv 4 tida.
I dag tidleg når eg sto opp så tenkte eg at eg må nå inn å sjå på denne karakteren min.
fekk eg meg ei gledeleg overrasking for inne på studweb sto det at
karakteren min var A....
Hipp hurra:)



over til noko anna.
Merete lurte litt på denne veska som eg viste i innlegget under,
og den vart laga etter at me hadde hatt voksbatikk på skulen.
Kua på veska og på toalettveska over laga eg då + litt anna.

veska er det brukt mange forskjellige stoff.
Det gulgrønne er ei gardin eller duk fra Fretex, ein bit silkestoff,
stoff med andleta er fra Ikea for ein del år tilbake,
og nokre blomar som er klipt ut fra eit anna stoff.

Dagros er printa ut på overføringspapir,
og tråkla på, og ein gamal knapp er litt pynt.




baksida er ein bit av ein batikkrest.

Litt applikasjon, og litt handquilting rundt kua.


Veska er fora med eit stoff som eg farga for mange, mange år siden.

Sånn det var litt om kuveska mi:)
har eg sommarferie, og det har ikkje gått heilt opp for meg ennå.
har heilt fri ut neste veke,
men så startar eg og jobber den 23 juni, og skal jobbe ut juli.
Det skal bli godt å tene litt penger:)
*
Tusen takk for alle koselege kommentarar de legg igjen her hjå meg,
eg har ikkje vore så flink til å besøke alle igjen,
men eg skal skjerpe meg:)
Ha ein fin kveld alle kjære bloggvenner, og i morgon er det helg igjen.
Då skal eg og min kjære til Etneelva, og fiske etter laks:)









onsdag, juni 11, 2008

ABC - om meg


Malin sende denne til meg, og den var jo ganske morosam.

Eg sitter og venter på karakteren fra eksamen.... og dette er jo god tidtrøyte.


A - arbeidsom, avhengig og aktiv.

B - brillebefengt og bibliotekfan.

C - chilli og chips.

D - dame, tja, dotter, doven og driftig.

E - elegant elefant, ertekopp og empatisk.

F - frisk, flink og fattig (student)

G - glad, gruble og gråter lett.

H - Hilde, heimekjær og humor.

I - illsint, irritert og iskrem.

J - ja-, jojo og jobb

K - kreativ, kone og kakao.

L - litt lat, livleg og lattermild.

M - musikk, mamma og minsten.

N - natt, natur og nytelser.

O - overtroisk, omsorg og overfølsom.

P - pizza, Picasso og popcorn.

Q - quiz.

R- real, rampete og rotekopp.

S - stolt, sjokolade og skofrelst.

T - trimtur, triveleg og trallar.

U - undertøy, undrande og uroleg.

V - vennleg, venn og vims.

W - Wolksvagen.

X - xtra ( vil vinne)

Y - yrke (kjem snart)

Z - zylofon! og zalo.

Æ - ærleg og ærekjær.

Ø - ør, øvelse og øl (nei)

Å - ålfjorden, ålreit og årvaken.
***
Ta den om du vil
-Har du lyst har du lov-
Ha ein fin onsdag alle saman


tirsdag, juni 10, 2008

Jentekveld, eksamen og utfordring.

fredag hadde eg tre venninner på reker og vin.
Me er eigentleg fem som møtes ca ein gang i mnd og har vinklubb,
men ho eine kunne ikkje denne fredagen.

Siden veret var så nydeleg kunne me sitte ute og ete.
Me åt og kosa oss til det vart kjølig på beina, og myggen byrja ete på oss.

Me forflytta oss, og fortsatte praten og vindrikking inne.
Det er veldig koseleg med venninnekveldar der me prate om laust og fast,
og ler skrekkeleg mykje:)



I går, mandag var eg på Stord og sette opp eksamensutstilling,
og i morgon får eg resultatet.
Om kvelden skal klassen samlast heime hjå Ragnhild lærar
og ha avskjedsfest, men me skal kose oss likevel:)



Eg har fått ei utfordring av Anne Berit med bloggen "Mitt glade hundeliv"
der eg skal svare på 5 spørsmål.
*
1. Hva gjorde du for 10 år siden?
-For 10 år siden var eg fortsatt gift med far til mine 3 barn,
og dreiv butikken Ting og Tang saman med ei venninne.
2. Hva er fem ting på -å gjøre lista mi i dag?
-Eg skal kjøre Kenneth til Haugesund til kjøretimar.
Sende to pakkar i posten.
Sy videre på mine sy prosjekt.
Grunne to malerier.
Bake osterundstykker til festen i morgon kveld.
*
3. Snacks jeg liker?
-Sørlandschips, sjokolade i alle variantar, lakrisbåtar og elles alt som er søtt :)
*
4. Ting jeg ville gjøre dersom jeg var milliardær?
- Om eg skulle vere så usannsynleg heldig så ville eg
betale ned huslån og studielån.
Gitt mine næraste ein god sum kvar,
Frelsesarmeen skulle fått ein del,
og koooost meg:)
*
5. Steder jeg har bodd?
-Fødd i Hervik, Haugesund (2 plasser), Hervik igjen,
Vikebygd ( Skartland, Årvik og Ulvebne)
Skjold, Isvik ( 2 plasser) (Vekependla til Notodden)
*
6. Desse vil eg vite litt meir om: Malin, Bente, Koselig Koselig og Tante Mimmi.
***


I dag regnar og skin sola om kvarandre.
Litt regn gjere godt for me har hatt vatningsforbod i nokre veker,
og planter og plen skrik av full hals etter vatn.
*
skal eg kjøre min håpefulle til by`n slik at han snart kan få sertifikat
og eg kan sleppe å kjøre han alle stader han skal:)
Ha ein fin dag og veke alle saman.






torsdag, juni 05, 2008

Eg er vel heldig....

I går fekk eg hentelapp i postkassa mi.
Pakke fra "hemmelig venn", sto det på den.
*
Skal sei at eg vart overraska når eg fekk utlevert denne digre eska.
Postdame lurte fælt på -"om eg berre fekk pakke sånn uten videre fra ein hemmeleg venn?"
"Jepp" sa eg:)
*
Til og med malemannen min måtte kikke litt når eg kom berande med denne.
Oppi eska låg eit nydeleg kort på toppen, og inni sto ei koseleg helsing,
og eit hint om at ho står på linklista mi, hmmmm???

*
SJÅ alt dette fine eg fekk.
Åååå det er så kjekt å få pakke i posten!!!!
*
To flasker cider, eple og pære, tre kjøkkenhandkle, to fluenett til å ha over maten,
og den flotte baljen som eg kan ha blomar i:)
TUSEN, TUSEN TAKK min hemmelege venn.
Dette var midt i blinken:)
*
Men ikkje nok med det.
Eg har vore særdeles heldig den siste tida.
I helga var eg og min kjære i Stavanger for å hjelpe
til å flytte saker og ting for søster til mannen min.
Ho skulle ikkje flytte så langt,
men alt skulle berast ned fra andre etasje i huset der ho budde,
setjast inn i bilane, kjøre 3 min, og berast ned ei lang trapp til den nye leiligheten.
Pust og pes, men det vart varmt.
Men alt dette var gløymt når ho sa....
*
...at eg kunne få dette skapet.
O herligheten:)
Ho hadde tenkt å levere det til fretex,
men kvifor gjere det når eg kan ta det med meg,hehe.
*
Nydeleg lås.
*



Men ikkje nok med det.
Eg fekk denne gamle nydelege prismelysekruna også.
*




Eg fekk ei lysekrune til, med tre kuplar på,
men den har eg pakka ned, førebels.
Eg fekk eit anna skap også, men det har eg ikkje tatt bilete av.
*



Nydelege glasprismer:)
*
Min kjære lurte fælt på kor i all verden me skulle gjere av alt dette,
men det treng ikkje han uroa seg for.
Berre han hjelper meg å bere dei inn så skal eg ordne resten:)

*
Søndagen var det loppemarked her i bygda,
for første gang på mange år, og det skulle eg på.
Lørdagen når me var i Stavanger var det to loppemarkeder
i nabobygdene, typisk.
Difor skulle eg på dette på søndagen, og me skulle vere der presis ett.
Og glad er eg for det,
for sjå kva eg fekk tak i...

*


To slike stolar og eit bord som passa til,
for den svimlande summen av.....

130 kr.
*
Eg er så fornøyd med den helga at eg kan ikkje få sagt det nok, JIPPI.


*

då vil eg og keramikk høna
ta oss ein tur ut i det nydelege varme veret,
og sole oss:)
(Dette vart visst eit langt innleg)
Ha ein fantastisk dag alle saman.
Livet er ikkje det verste ein har.
Klem.













mandag, juni 02, 2008

Bruer.....

.....kan eg finne overalt...
*
I can find a bridge everywhere....
*
..... alle er ikkje like store og flotte....
*
not all are big and fancy....
*
.... men dei gjere nytta si.....
*
but they do....
***
Ha ein strålande dag alle saman,
og her er det sol og 24.5 grader i skuggen *smiler*
*
Have a nice day everyone who stop by.