Eg har fått spørsmål om eg kan vise korleis eg lagar ein collage.
Klart eg kan det:)
*
Her har eg brukt eit deep edge lerret 20 x20 cm,og grunna det med ein lys blåturkis akryl maling.
*
Når grunninga er tørka så limer du på eit bilete.Eg har brukt ein kopi av eit nostalgisk
bilete eg har funnet på nettet.
Ein bit gamal tapet limer du litt over biletet.
Stort sett så river eg kanten på de eg brukar,
då vert det litt slitt preg på det.
Eg brukar ein god papirlim og smører på med pensel, og stryker godt over for å få ut luft,
og få det til å lime seg godt i kantane.
Mal forsiktig og med lett hand over
med ein litt lysare nyanse av fargen.
Eg blandar fargane mine sjølv oppi ein boks.
Ein dasj av den og ein dasj av den,
til eg har den fargen eg vil ha.
*
Her har eg teikna ei krusedull på kontaktpapir,klipp ut, lim på,
og mal inni med ein mørkare farge.
*
Når du tek vekk kontaktpapiret,voila ein krusedull...
Du kan male den på med frihand også,
eller stemple den på, eller bruke ferdig sjablong.
Her kan du bruke alt du har lyst til.
Ingenting er feil eller rett.
*
Sommarfuglar som eg har printa ut, men du kan også bruke glansbilete, eller klippe ut fra blader.
Lim på og la tørke.
Mal over med lett hand i ein litt anna farge.
*
Vips, så har du ein fiks ferdig collage
ala Hilde:)
Håpar at dette lynkurset kan vere til hjelp.
Ha ein
fin og flott søndag alle som kikkar innom.