lørdag, september 29, 2007

Rosene er røde....ehm, kvite...

...og i dag vart det ein heil bukett av kvite roser på spisebordet. Eg likar å ha friske blomar på bordet til helga, etter at eg har gjort reint. Det var belønning til meg sjølv i dag, for godt utført arbeid...hehe. *skryte skryte*

Rasmus pusen tek livet med ro, og favoritt plassen hans er oppå spisebordet.....umuliussen:o)

I ettermiddag tok eg meg ein gåtur for å finne litt grønt og nyper til å lage ein haustkrans av. Ein kan fortsatt finne litt fargerike blomar i vegkanten trass i all nedbøren me har hatt.


Blada har vakre fargar nå, men eg saknar litt av den intense raudfargen som dei avogtil får.



Nypene heng fortsatt med vassdråpe på seg, dei får ikkje tid til å tørke mellom regnskura.




Haustkransen vart til i kveld medan mannen såg på "Ladder 49" på tv. Eg sat på golvet og jobba, og gløtta litt på filmen innimellom.

Eg laga han av blader og nyper eg fann på turen, lyng og lavendel fra utekrukkene.
Nå heng han på veggen ved inngangsdøra og pyntar opp litt i gråvèret:o)
Eg var ein tur til by`n i dag på føremiddagen. Eg skulle eigentleg kjøpe ein lim til tekstil, men den hadde dei ikkje inne akkurat nå,typisk...Så då handla eg litt småtteri utenom. Kartong til takkekort, innpakningspapir, dukkehår, metallboks, og litt anna pyssel. Tok turen innom Plantasjen også. Der var det masse planter på salg så eg kjøpte litt til å plante ute, både grøne buskar, lyng og løkar for våren. Litt anna hoppa også oppi korga heilt av seg sjølv....merkeleg. Sikkert fordi eg fekk med meg bankkortet til mannen,tjihi..
Tusen takk til alle som er så koselege og legg igjen kommentar her hos meg. Det set eg veldig stor pris på.
Ha ein fin søndag alle som er innom:o)







tirsdag, september 25, 2007

"De er ikke kunstnere alle som skaper seg..."

....men nå er eg ferdig med skapet mitt, og kan stolt vise det fram. Eg er så fornøyd med resultatet, og fargen, ikkje minst. Det vart verken svart eller kvitt, men sandfarge, og den passa godt her hos oss.
Eg har ikkje fått tak i beslag, eller kva det heiter, til nøkkelhola i døra. Dei som var på fra før var ikkje fine. Eg trur det var noko som berre var skrudd på i full fart, utan mål og meining. Eg vil også ha nye knottar til skuffene, men førebels får dei gamle halde.

Her inni er det god plass til mykje og mangt:o)


Litt pynt har allereie fått plass oppå.


for å feire dette vil eg by alle på kake, men dåke får oppskrifta og kan bake sjølv, hehe.
Dette er ei frisk og syrleg fromage-kake som eg kallar for Mona kake, siden eg har fått oppskrifta av henne


200 gr Digestive kjeks
100 gr smør
1 beger rømme
2.5 dl fløte
2 beger creme fraiche
100 gr melis
1 ts vaniljesukker
1 pk sitrongele
1 pk bringebærgele
1 pk frossen skogsbærblanding
Knus kjeksen godt og bland i smelta smør. Sett ringen av ei kakeform på kakefatet, og trykk kjeks og smør blandinga nedi og godt rundt kanten, og sett kjølig.
Lag sitrongele med HALV vannmengde, og avkjøl.
Pisk kremfløten, og ha i rømme, creme fraiche, melis, vaniljesukker og sitrongele, og bland godt saman. Hell blandinga i kakeforma, oppå kjeksbotn. Sett kjølig til massen har stivna.
Lag bringebærgele med HALV vannmengde, og avkjøl.
Når fromagen er stivna helles den frosne skogsbærblandinga forsiktig oppå, og tøm gele oppå der igjen.
Settes kaldt til gelen er stivna.
God fornøyelse, og velbekomme:o)




søndag, september 23, 2007

Litt om meg...

Eg er blitt tagga av Heimdal og Albertines verden :o)

Her er reglane:

1. Link til den som har tagget deg
2. Fortell 7 sannheter om deg, litt forskjellig og litt rart
3. Tag 7 folk i slutten av blogginnlegget
4. Legg en melding i bloggen deres for å si at de er blitt tagget


Det var litt vanskeleg å finne noko om seg sjølv, så eg måtte spørje mannen i huset om hjelp.

1. Eg er veldig glad i sko. ( i følge mannen har eg altfor mange)
2. Eg er symetrisk av meg, og liker best når ting henger rett.
3. Eg lever i eit kreativt kaos, men innerst inne er eg ganske ryddig av meg.
4. Eg har enno ikkje bestemt meg for kva eg vil bli, når eg blir stor...
5. Eg samlar på tøy, stein og "pinnar".
6. Eg snakkar altfor mykje om natta når eg drikk kaffi etter kl 20.00 ( i følge mannen)
7. Eg utsetter ting som eg ikkje har lyst til å gjere, altfor lenge...

Eg sender denne videre til
Malin
Cattas verden
Sol
Modern Country
Gawo
Lykkelene
Flower Power

torsdag, september 20, 2007

KATTAstrofalt gamle rammer.....

...er eg alltid glad i å finne, og i går fann eg tre stykk på Fretex. Min favoritt butikk. Eg likar slagordet deira "velsigna billig", og det at pengene går til ei god sak. Desse fine gamle rammene fann eg altså. Dei skal få komme opp på veggen ilag med andre kjekke ting eg har liggande.

Ein liten karaffel til samlinga mi fann eg også. Den mangla proppen, men skitt au:o)

Me har to matvrak her i huset, og Rasmus pusen er den andre...
Han legg seg framføre kjøleskapet i håp om at nokon skal opne, og gi han ein godbit...

Viss eg ligg her lenge nok må dei jo opne snart....


Eller, viss eg ser lenge nok opp i lufta så kjem det nok mat snart.....



Kan nokon opne det #¤&%/#¤¤ kjøleskapet snart......
Jada, Rasmus, me kjeme.
*klemtilallekattevenner*




onsdag, september 19, 2007

Eplehaust...

...men det er berre på papiret. Her er to av teikningane eg skal levere på skulen. Dette er øving i lys og skugge, og bruk av forskjellige mjuke blyantar.


Skal sjå om eg kan få tatt bilete av dei andre tinga også, snart....
Ha ein fin dag alle som kikkar innom til meg, og det er kjempekoseleg at så mange er innom og legg igjen kommentar:o)
*klemtilallesomerinnom*

søndag, september 16, 2007

Musikalsk vin, og litt til....

Nå er det nesten ei veke siden sist innlegg. Hjelpe meg, kor e veka blitt av????
Eg storkoser meg på skulen med alt me held på med der. Og det er å male eit stilleben inspirert av ekspressjonismen, og lage ein "krympeboks" i tre, + at eg skal teikne to studier av ein grønnsak, frukt, ol.....Neste veke skal me levere inn alt me har laga til nå, og lage ei lita utstilling av det. Eller, det er vel strengt tatt neste veke der igjen, (v.39).

På fredag hadde eg vinklubb heime hos meg. Det er ikkje noko fancy greier altså, med smake,gurgle og spytte ut. Neida, me drikke det opp alt i hop, hehe.
Altså me er 5 venninner, derav 3 er søstre, som møtes sånn ca 1 gang i mnd, og koser oss med god mat og vin. Eller det skal vere ca 1 gang i mnd, men nå var det så langt tilbake som mars!!!!at me hadde vore samla. ( Bryllupet i juni vart ikkje rekna med.)


Me har halde på i mange år, og har lagt vekk litt penger kvar gong. Nå har me så masse penger at me måtte reise på tur. Det er ikkje lett å finne ein dag som passar for alle 5 når me skal ha klubb, så tenk på korleis det var å finne ein dato som passa alle å reise på tur......
Men tenk *trommevirvel* 10 april 2008, reiser me til Riga på SPA hotell, og skal vere der til den 14 april. Jippi.
Kan tru me gler oss til dette:o)


Eit lite utval av vinen som vart drukket på fredag, hehe:o)


Laurdag 17 november skal me på "Raske menn" på Festiviteten i Haugesund. Det er heile teatergruppa som mannen i huset er med i, som skal.
Det er så masse kjekt som skal gå der i haust, og eg har lyst på alt, eg vil, eg vil.....



..på "Honk", familiemusikalen om den stygge andungen. Yngste datter til ei venninne av meg spelar i den, så det hadde vore kjekt å sett og høyrt henne.
For ikkje snakke om.....


.....denne, den skal eg så absolutt på.
Om nokon såg "Beat for beat" på fredag, så er Elisabeth Moberg og Sigurd Sele med og spelar i Vamp musikalen " Hallo-Adjø". Vamp og musikken deira er min favoritt på musikkfronten, og eg har høyrt at musikalen er kjempeflott. Difor skal eg kjøpe billettar tl meg og mannen i huset. Me er alltid så flinke til å snakke om at det hadde vore kjekt,og så blir det ikkje noko med oss. Ikkje denna gongen, nei:o)





mandag, september 10, 2007

Nye fotballsko????.....

......tenk, det var kommentaren fra min kjære, når eg stolt viste han mine nye sko....Han altså.
Jaja, eg lika dei, og dei var goe å gå i, så då så.


Denne luftige blusen vart på forunderleg vis med meg heim i dag. Eg var til linsekontroll etter skulen i dag, og måtte kikke litt i butikkane samstundes. Eg likar klærne som er nå i haust, litt laust og ledig, med eit snev av nostalgi. Eller ein kan vere skikkeleg rocka med svart og lilla. Heldigvis er det noko for ein kvar smak.

På hobbyfronten er det ikkje mykje å vise fram for tida. Eg har masse idèar, men får liksom ikkje sett meg ned og begynt. Marie minstetroll skal konfirmerast til våren, og eg skal brodere bringeduk og belte til Sunnhordlandsbunaden ho skal få. Det er bittesmå korssting som skal broderast, og det er ikkje det kjekkaste eg gjere,men,men. På bildet får de eit inntrykk av korleis det skal bli, og av fargane som blir brukt. Det skal fyllast heilt ut rundt åttebladrosa. Eg kan vise nytt bilde når det er komen meir fargar på.
Helga på jobb har vore grei, men travel. Eg var ganske trøtt når eg skulle opp i dag tidleg, og hadde berre lyst til å dra dyna over hode og sove videre.
Det er nokre snåle og koselege menneske eg jobbar med, alle med sin unike personlegdom. Eg har kanskje ikkje sagt at det er på eit hus, der 2 menn og 2 damer med fysisk og psykisk utviklingshemming av ulik grad, lever og bur i eigne leilighetar. Me som jobbar der skal hjelpe dei til å få eit så godt liv som mogeleg, og hjelpe dei med ulike gjeremål. Dei klarer det meste sjølv, men må ha litt rettleiing og hjelp. Dei fleste er så positive og glade, men det hender at nokon går skikkeleg i vranglås, og då er det om å gjere å vere tålmodig, godsnakke og lirke med dei. Vips så er det over og dei er like blide.
Eg er som sagt litt vimsete av meg, og der inne er det mykje å halde styr på. I helga måtte eg le av meg sjølv når eg tenkte på korleis eg måtte ta meg ut. Eg hadde tre av brukarane, og hadde då alarmen til ein i rullestol, alarmtelefonen til ein annan, tlf til huset, nøkkelknippe, strikketøy og vannflaske....alt dette bar eg med meg fra leilighet til leilighet, og så kom eg borti eine tlf så det ringte på den andre, svara på den tredje, og enda opp med å miste alt i golvet....hjelpe meg. Eigentleg så skjønar eg ikkje at eg er brukande i det heile tatt...ehe.
I mårå er det skule igjen, og så er det snart helg...Just kidding:)
Ha ein flott kveld alle koselege menneske der ute i syber space.
PS. Her har det vore SOL i heile dag:o)
*klemtilallesomerinnom*


fredag, september 07, 2007

God helg:)

Med denne søte fe vil eg ønskje alle ei fin helg. (eg huskar ikkje kor eg fann henne)
Eg skal jobbe, så det vert lite blogging med meg, men brått er eg tilbake.

tirsdag, september 04, 2007

Ekle kryp og fine roser...

I dag har det vore ein vidunderleg fin solskinsdag her på vestlandet.*me likes*
Eg tok med meg fotografiapparatet og gjekk ut på terrassen for å ta bilder av rosene som bløme så fint enno, trass i at det har striregna dei siste månadane.
Etterpå drog eg med meg ein stol bort i ein krok for å nyte sola før middagen, men kva fekk eg auge på?...IIIIIIKKKK


Fyttikatta!!!
Eg tok med meg stolen og sette meg i andre enden av terrassen, hmfr.
Men så er eg litt fascinert av udyra også, så dermed måtte eg ta eit bilde og to av han.



Dette bildet vart litt morosamt. Det er tatt bilde oppi eit blikkfat med steinar og vatn som står på ein kasse på terrassen. Det vart eit speglbilde av rekkverket og rosebusken, men ser du godt etter ser du dei runde steinane som ligg i botn av fatet.
Elles har eg det fint på skulen med kjekke oppgåver, og veldig kjekke medstudentar og lærar. Akkurat nå malar me portrett med akrylmaling, og det er jo ei utfordring.
I morgon kveld skal eg på jobb der som eg jobba i sommar + jobbe heile helga, så det vert ei travel veke.
Takk for alle koselege kommentarar som de legg igjen. Eg er så barnsleg at eg synest det er kjempekjekt:o)
Ha ei fin veke, det som er igjen av ho, alle saman.




søndag, september 02, 2007

Det var ein gang for 22 år siden.......

.....då vart denne lille jenta fødd. Ho kom som ei stor overrasking, tidleg mandag den 2 september 1985. Ho var eit snilt lite jentebarn, og godt var det. Kanskje ho visste at mamma hennar berre var 16 år, og ikkje ville skremme henne med å skrike natta lang.

Som sagt var ho eit snillt og roleg barn, men ho var nysgjerrig og ville gjerne vere med der det skjedde noko. Ho låg ofte på eit teppe og kikka rundt seg med store blå auger, og så sov ho godt når ho hadde fått melkeskvetten sin.



Ho vaks og trivdes den vesle jenta, og lærte seg å krabbe når ho var 6-7 månader, og stabba rundt og gjekk når ho var vel 10 mnd. Så på 1 års dagen måtte ho fotograferast hos fotograf, kan vite.
Her har vesle gullet fått mange tenner i munnen, men håret det ville ikkje vekse før ho var godt over to år.


Kvar sommar måtte mamma lage blomekrans til å ha i håret,og så måtte det takast bilde..



Då jenta vart 3 år fekk ho seg trehjulsykkel,og her syklar ho stolt rundt på kjøkkengolvet i gamlahuset på Bjørkhaug.


Den vesle jenta vaks til og lika veldig godt å male og teikne. Det gjorde ho så snart ho hadde ei ledig stund. Her er det trolldeig som får farge på seg.




Den vesle familien auka med ein lillebror i nov- 87, og han var kjekk å leike med når han vart større. Her er det eit aldri så lite selskap, og konsentrasjonen er på topp. Tutten var heller aldri langt unna....


Dokker var med der du ferda, og her er det i Hervik hos bestemor og bestefar du er. Halane er på plass i håret, og eit smil hadde ho alltid på lur.




Ho lika å pynte seg med kjole, og få fletter i håret. Dette er nok mamma sin 20 årsdag. Den sommaren var varm og fin, og alle var brune på armar og bein.



Til kvar jul skulle det lagast julekort, med fotografering på førehand. Søskenkjærleiken var stor mellom desse to.




Humor hadde dei og.




Her er det 7 års bursdag og du er blitt skulejenta.







Året etterpå vart ho storesøster igjen. Denne gangen var det ei aktiv lillesøster som kom.
Jenta var også aktiv. Ho starta å spele piano, gjekk i speidaren, på friidrett og var med venninner

Både jenta og håret hennar vaks, og tenna med.....
Det kom på regulering på dei tenna for det var ikkje plass til alle dei nye som skulle komme.










Jenta vart 12 år, og her har ho nesten kort hår. Det er ivertfall det kortaste ho har hatt.
Ho har nå begynt å interessere seg for klær, og reiste gjerne til by`n med venninner for å handle sjølv. På denne tida var det hest som var det aller viktigaste i livet hennar. Ho fekk ri på og stelle ein hest i bygda, og var på rideleir med ei venninne. Dette var før ho oppdaga at det fantes GUTAR.....







Åra gjekk og det nærma seg enda ei jul igjen, og kva skal skje da? Julekortfotografering...



Her står dei så fine alle tre, og nokon er litt tannlause...




Jenta er snart vaksen, og har fått seg ring i nasen....og håret er snart langt igjen.








15 år, og stolt konfirmant i Sunnhordlandsbunaden sin.
Konfirmanten måtte fotograferast hos fotograf, må vite...





Besta sin konfirmasjonskjole vart jenta fotografert i, også.




Jenta gjorde seg ferdig på ungdomsskulen, og starta på vidaregåande opplæring i teikning, form og farge, først i Ølen, og så videre i Haugesund. Der budde ho i tre år, og jobba samstundes på McDonalds. Snill , flink og blid har ho alltid vore. Ho er ei kreativ ung jente som hadde sin aller første kunstutstilling på "gamle slaktehuset" i Haugesund som 19 åring. Der selde ho ut alle måleria sine første dagen!!!!
Ho fortsatte ferda si til Stavanger der ho starta på skule for å bli illustratør, og fekk jobb på ein bar i helgene. Ho lika seg så godt i by`n at ho fann seg ein kjærast også....




Julefotografering, igjen..... Så flotte alle tre.
Snipp snapp snute så kan eventyret berre fortsette...


Så søte snille Malin min. Du må ha gratulera med dagen din. Åra har gått altfor fort fra du låg der som ein liten bylt i armane mine for alle første gang, til du nå er ei nydeleg ung dame på 22 år.
Glad i deg, gudlabadne:)