onsdag, januar 26, 2011

Helgekos

"Today is the tomorrow you worried about yesterday...."
***
Midt i veka er me komne, og eg planlegg tur til Oslo i helga i lag med ei venninne.
Fredagen går med til å besøke Gave og Interiørmessa på Lillestrøm,
for inspirasjon og handle inn vårnytt til Frøken Fryd.
Om kvelden skal me på "We will rock you"
*
Laurdagen skal me rusle rundt i Oslo, handle og kose oss.
Eg har sett meg ut nokre butikkar,
etter gode forslag fra Hespe, som me skal besøke,
men kom gjerne med tips om koselege butikkar, kafèar
og restaurantar me bør få med oss.
***
Søndagen blir det garantert ein lang og god frukost,
ein spasertur eller museumsbesøk før me sette nasen mot vest igjen.
***
Søte Otto som har lurt seg oppi senga mi og tar seg ein kvil:o)


fredag, januar 21, 2011

Brukt på nytt


Som de sikkert veit så syr eg kjolar, men som oftast til andre.
Så av og til er det kjekt å sy noko til meg sjølv, og akkurat slik som eg vil.
I går kveld kom denne kjolen til.
Han er sydd av grå chenille og halsen, vrangborda på ermane og kanten nede
er fra ei strikkajakke som eg ikkje brukar lenger.
Eg likar godt lange ermar som går litt ned på handa, frysepinne som eg er.
Kanskje eg skal pynte han litt meir, men det har eg ikkje bestemt enno.
Helg igjen, hurra:o)

onsdag, januar 19, 2011

Søt, søtere, søtest...

Nå på vinteren, når lengtinga etter våren er på det verste,
då kan det hjelpe med nokre søte saker.
***Fine vårfargar på duk og lattekoppar fra Greengate,
til og med fennikelteen fra Pukka harmonerar i fargane.
*
Nye , fine og nostalgiske metallboksar fra Greengate er komne i butikken.
Uglelysestaken i metall er fra Madam Stoltz.
Ugler og andre 4-beinte vener er fortsatt populære innslag i hus og heim,
og det kjem enda meir utover våren.
***
Metallboks til å strø sukker eller melis med er blitt kjempepopulær.
Visste du ikkje at du trong ein sånn, sa du???
Han finns i rosa også!!!


tirsdag, januar 11, 2011

Tøffe skilt

Nye varer er begynt å komme inn i butikken,
og i går kom ei ladning skilt.
Eg var utseld for dei fleste skilta før jul,
så det var godt å få inn alle favorittane mine igjen.
***Masse fine og morosame tekstar til eit kvart høve.
***
Dette kan hengast litt strategisk ved oppvaskkummen....
***

Kjempefin kjærastepresang:)
***
Det kan vere tøft å henge mange skilt, tett i tett, på ein vegg.
Eg har mange fleire enn dei som vises her, både mindre og større.
Om du vil kikke litt på skilta og evighetskalenderane + mykje anna,
så kan du klikke deg inn her her .
***





fredag, januar 07, 2011

Året i bilete, del 2

Juli var den store pusekattmånaden hjå oss.
Då var Otto, Balder, Nusse Sofie og Tigergutt
babyane våre, og me storkosa oss både 2 og 4 beinte.
****
Balder, Nusse Sofie og Tigergutt har fått nye og goe heimar,
og eg har vore på besøk hjå 2 av dei.
Fortsatt nydelege pusekattar.
Sjarmøeren Otto bur hjå oss:)
*
August var det marknad og eg sydde masse puter og ugler
som var med til Etne.
Messetur til Danmark vart det også på slutten av månaden.
*
I september blømde både klematis og sommerfuglbusk,
og dei 3 eplene på treet vart modne og smaka veldig godt.
Større avling vart det på dei 3 hageblåbærbuskane,
og på plommetreet.
***
I oktober var det hyttetur med speling, utpakking av
nye varer som kom til butikken i store mengde,
og Ottopusen er med der det skjer noko.
***
I november var det juleplanlegging i butikken,
minstejenta vart 17 år,
julemesse i Haugesund, kundekveld i butikken
og 1. søndag i advent.
Den månaden gjekk som vanleg alt for fort.
*
Desember var som november,
kjempetravelt på jobb med masse kjekke kunder,
flott vintervær ute, og koseleg innomhus.
Julehelga var me heime og slappa av med god mat og drikke,
Nyttårshelga tok me på fjellet og slapp unna det verste regnværet,
men glattisen venta oss når me kom heim.
***
Eit år går veldig snart,
og enda snarare når du summerer det opp i bilete.
***
Ha ein fin dag du som kikkar innom!!!!




tirsdag, januar 04, 2011

Året i bilete, del 1

2010 fortsatte der 2009 slapp, med store mengder snø og sprengkulde.
*Fordelen med snø var lysare dagar og mogelegheit for å kunne ta fine bilete.
Snøen låg og låg, det var is på fjorden, og små og store kosa seg.
*
Når ein, som meg, ikkje er så glad i vinteraktiviteter så må ein finne på noko inne.
Eg sydde og sydde, ugler, kjolar og hjarte.
Februar kom og gjekk og snøen låg fortsatt.
*
I mars lysna det, og vårkjensla kom med blomar
som tusenfryd og perleblom.
Påskepynten vart funnen fram både heime og hjå Frøken Fryd.
Berre Fridapusen tok livet med ro.
*
I april vart den fyrste kvitveisen funnen, og då er det VÅR.
Det vart syinga av både puter og vesker denne våren,
og fortsatt var det koseleg med levande lys inne.
*
Mai kom, men ikkje den store varmen,
og sommarblomane sto på staden kvil.
*
I juni fekk Fridapusen 4 søte små.
Det blømde både her og der, men løvetannen takka for seg.
*
Vesle Ottopusen er ikkje gamle karen her,
og ute for første gong, til fotografering.
***
Del 2, juli-desember,
kjem ein annan dag.