torsdag, desember 30, 2010

Abba - Happy New Year 2011


Så er snart dette året omme,
og eg vil rette ei takk til alle som kikkar innom,
og alle dei som legg att ein koseleg kommentar.
Tusen takk alle saman!!!!
Nyttår feirar me til fjells,
og me gler oss til å nyte dagane der oppe.
Ha ei nydeleg nyttårsfeiring,
og eit retteleg
GODT NYTT ÅR.



tirsdag, desember 28, 2010

Julekavalkade

Eit lite bileteras fra jula vår, inne og ute.
Sink er ein stor favoritt heile året.
Enkelt og rustikt,
som kan pyntast opp eller ned.
*
Miniugla har flytta oppi pottegrana.
*
Otto måtte både undersøkje og smake på pakkane.
*
Nydelege små bjeller fra Greengate,
med fin ringlelyd.
*
Eg har ikkje våga å tenne på lysa,
men fine er dei uansett.
*

Juletreet har faktisk fått stå nesten i fred av kattepusane,
men av og til er dei bortom og slår til ei bjelle
eller nappar litt i ein fugl.
*
Stjerne i vindauget må eg ha,
og i år vart det to nye i stova.
*
Naturen har pynta seg i sin finaste drakt til jul.
Fjorden er islagd og snøen ligg fin og kvit oppå.
*

Istappane heng flotte, men farlege fra hustaka.
***
Jula har vore roleg og avslappande for vår del.
Me gjekk til dekka bord på julafta,
og elles har me stort sett halde oss heime.
Håpar du også har hatt ei fin julehelg:)








tirsdag, desember 14, 2010

Fint sagt

Dette skiltet har så fin tekst, syns eg.
Koseleg presang er det også.
Eg har masse forskjellige skilt i butikken,
både til liten og stor.
*
Mandariner,
obs, klementiner, heiter det visst,
(Takk Vibeke)
høyrer med til jula,
og eg klarer stort sett å forete meg kvart år:)
Ha ein finfin tysdagskveld.

onsdag, desember 08, 2010

tirsdag, desember 07, 2010

Du grønne glitrende...

....ikkje tre, men svibel, goddag.
***
Etter skauturen min så vart noko av det
eg fann brukt i eit vaskefat med sviblar.
Sviblane fekk surra rundt seg mose med glitrande sølvtråd,
og kongler og glasskuler ligg oppi fatet som pynt.
*
Lerkekongler er både søte og fine:)


mandag, desember 06, 2010

Naturlegvis

" Det er alltid et annet hjerte som får oss til å kjenne vårt eget"
*
Søndagsturen vår i går gjekk både nedover, oppover og bortover.
På natta var det kome pittelitt melissnø,
og det meste hadde fått rimfrost på seg i kulden.
*
Sola kikka også såvidt fram over åskanten,
og sende sine, ikkje akkurat varme, stråler over isen.
Eg fekk plukka med meg litt kongler,
lerkegreiner og eit pittelite julatre på turen.
Alltid kjekt å ha litt å pynte med, både ute og inne.

torsdag, desember 02, 2010

Symbolsk pynt

Stjerna er mykje brukt som pynt i juletida.
I adventstida har dei fleste av oss, ei,
eller fleire stjerner hengande i vindauga.
I toppen av juletreet er det mest vanleg å feste ei stjerne,
og den skal symbolisera Betlehemstjerna
som viste veg for dei tre vise menn.
*
Hjarta er eit symbol som er i bruk
i dei aller fleste religionar og kulturar.
Hjarta symboliserar kjærleik, medkjensle og barmhjertighet.
Dette syner me, forhåpentlegvis, kvarandre i jula,
og hjarta er eit av julas mest brukte symbol.
Berre tenk på alle pepperkakehjarta du har baka og ete,
alle flettakorgene du har laga,
og alle hjarta du har teikna eller klipt ut:)))
***
"Hvor du enn går
så ta med hele ditt hjerte"

onsdag, desember 01, 2010

Den første dagen...

...i Desember er ein strålande vakker solskinsdag med -9 kaldegrader ute.
Heldigvis så har me ved og kan fyre til det blir godt og varmt inne.
Det som ikkje er fullt så bra og gjer meg trist,
er at Rasmuspusen min er bort.
Han har ikkje vore heime på mange dagar.
Kulda likar han ikkje,
då vil han helst vere inne
og ligge framfor omnen og varme seg.
Eg håpar inderleg at ikkje noko har skjedd han.
***
På jobb er det travle dagar med pakking,
både ut med varer og inn av gåver.
Julegåver, bursdagsgåver og anna.
Det er mange som skal ha kalendergåver på jobb
og pakkeleik i klubben.
Eg har masse søte og fine ting til rundt 50 kr
som slike ting ofte skal koste.
***
Heime har eg ikkje pynta så mykje enno.
Nå er det advent, så julepynten ventar eg litt med.
Ei vrihasselgrein i ei potte har fått litt pynt på seg,
og ugla ho held auga med alt som skjer.
På laurdag skal eg ha juleverkstad
med 3 venninner og ongane.
På er det julemusikk på spelaren,
gløgg i koppen, og så lagar me julepynt og gåver
før me avsluttar med risengrynsgraut.
Kjempekoseleg:-)
**
På søndag vart det 1. adventslyset tent,
og nå er me halvvegs i veka allereie.
Klok av skade fra i fjor så har eg skrevet
lister over det som MÅ vere ferdig før jul,
det som BØR vere ferdig til jul
og det som eg har LYST til å gjere.
Inkl førjulskos:)
****
"En ting er å legge planer.
Noe ganske annet er å vite
hvor man har lagt dem....."