fredag, september 24, 2010

Helga er her....

....igjen.
***Sist helg var eg og min kjære i Bremen saman med 3 vennepar,
og nå er det jammen meg helg igjen.
***
Bilete over viser eitt av dei flotte veggorda
eg har fått inn på Frøken Fryd.
Eg har 15 forskjellige fine ord til soverom, kjøkken
gang eller stove.
***
Kjempeflott rustikk hjarta med 10 små knaggar
til å henge kort, smykker, mm på.
***
Supersøte boksar fra Greengate.
Småkakene har nok lyst til å bu oppi her,
eller kanskje sysakene skal få plassen sin der.
Boksar kan me aldri få nok av, eller???
***
Den øverste lattekoppen er ny i haust.
Lyseblå Millie.
Akk så søt,
og passar så godt saman
med resten.
***
Nydeleg kjoletunika fra Bloomingville
i ein flott lyngfarge.
Denne er romsleg og god,
og er også fin med eit belte i livet.
***
Nye varer kjem nesten kvar dag til min vesle butikk.
Kjempekjekt å pakke ut nye ting.
***
Nå skal me snart sette oss i bilen og kjøre til fjells.
Helga ser ut til å bli fin,
og eg likar fjellet best utan snø.....
***
GOD HELG





mandag, september 13, 2010

Stol på meg

Gamle stolar og krakkar fra loppemarked kan trenge ei fornying.
Dette treng ikkje koste ei formue,
men krever ein liten eigeninnsats.
***
Denne enkle stolen fekk eg av ei dame,
og den trengde ei lita oppussing.
Eg skrudde av armlen og bein som heng i eitt,
og gav dei eit par strøk kvitmaling.
Det var det eg hadde for handa akkurat då.
Stoffet stifta eg på under og bretta det til i kantene.
På baksida av ryggen bretta eg stoffet inn og spikra det fast.
Enkelt og greit.
Skal ikkje fortelje at eg greidde å skru beina på bakfram,
og at det var ganske tungt, både å skru utav og inni, desse skruane.....
Stolen sto ikkje høgt i kurs då, nei....
***
Krakken kjøpte eg for 20 kr på eit miniloppemarked,
og brukte eit kjøkkenhandkle fra Bloomingville
til å fornye trekket.
Denne er av den høge typen og veldig god å sitje på.
***
Fleire koselege og nostalgiske skilt, og evighetskalenderar,
er komen inn i butikken.
***
Mandag, ny veke og nye mogelegheitar.



fredag, september 03, 2010

Dilla på skilt

Eg har dilla på skilt og fine ord,
så når eg fann ein leverandør som hadde skilt med fine ord på
så var eg seld.
***HFrøken Fryd er det nå eit relativt
godt utval i skilt med fine og,
eller morosame ord.
Her kjem eit lite utval.
***
Skilta kostar fra 49,- for dei minste
til 149,- for dei største.
***


***

Denne er fin.....
***
og denne....hehe
***
Dette under her er min kjære sin favoritt.
Kan ikkje skjøna det.
***
Ha ei nydeleg helg:)







onsdag, september 01, 2010

I`m dreaming of a....

...ja kva drøymer eg om?
Det er så mykje forskjellig,
noko realistisk og noko meir urealistisk,
men draumar må me ha.
**I går pakka eg ut masse Greengate varer,
og alt er like nydeleg.
Bella vintage er verdens søtaste vekkerklokke.
Den vert berre til pynt hjå meg,
fordi eg må ha ei klokke som ikkje tikkar
og med med roleg ringing om morgonen.....
***
Søte miniutgave av lattekoppar og handvask.
Her kan det meste stå i stil.
***
Muffinsformer på stettefat med prikkar og blomar.
Muffinsane smakar nok ekstra godt når dei er baka i slike søte former:)
***
Millie White er nytt for sesongen,
og passar fint inn med lyseblått, raudt og beige.
Kopp og tefat, asjett, lattekopp, skåler, skjei og fløytemugge.

***
Millie fløytemugge.
Nydeleg med ein liten blomebukett oppi.
***
Flotte ildfaste former, 2 i settet.
Uglabugla ville også vere med.
***
Masse fint i koppar og kar, koselege serviettar,
og romantiske dukar og handkle.
***
Tekstilane i haust er i nydelege fargar og mønster.
Frøken Fryd har masse kjøkkenhandkle, brikker, løperar og store dukar.
Koseleg Millie picnic boks i metall.
***
Prikkeband i to breidder i beige, raudt og lilla.
***
Dette var litt av det eg har fått inn fra Greengate.
Ein god del er av det eg bestillte er ikkje komen,
så eg håpar det kjem om ikkje altfor lenge.
***
Ha ein fortsatt fin dag du som kikkar innom:))