torsdag, august 26, 2010

Handletur

Så er eg attende fra ein kjempekjekk,
travel og inspirerande tur på Formlandmessa i Herning.
Eg har handla inn masse fine, søte, tøffe, koselege, nostalgiske og fantastisk flotte
saker og ting som kjem inn no snart og vidare utover hausten.
**
Biletcollage over er fra Frøken Fryd.


Biletcollage fra Madam Stoltz og Krasilnikoff
Eg var å handla hjå mine faste leverandørar
og har i tillegg knytta til meg ein del nye leverandørar,
og det kjem inn masse flotte skilt, veggord, band og blonder,
sink, småmøbler, julepynt i alle variantar, korthaldarar, bokstavar,
smykkestativ, lysestakar, lys, serviettar, rammer, lyshus, lysekruner, puter,
voksduk m. juleevangeliet, klokker, madonnafigurar,
englar, vasar, knagg, knottar, skuletavle, trekassar, adventstall,
fat, boksar, krukker, skjerf, vesker, englevinger, dukar, greengate
og ein heil masse til.
***
Me koste oss med god mat og drikke, både på dagtid
og kveldstid, me fekk også tid til å handle litt,
og besøke den nydelege butikken Moster D.
På messa kom min kjære i snakk med eit koseleg par
som venta på tur til å handle hjå Bloomingville,
og det viste seg å vere innehavaren av Emmas Verden.
Veldig koseleg å treffe på dykk.
****
Tilbake heime igjen så er hausten verkeleg komen
med skikkeleg regnver og mørke kveldar.
Då er det koseleg å krype opp i sofa`n med eit pledd
og lese, eller kikke på ein av seriane som er byrja igjen på tv.
Eller gjere som meg, endeleg komme i gang med maleprosjekta
som det ikkje vart noko av i sommar....




onsdag, august 18, 2010

Ut på tur...

I morgon tidleg dreg eg og min kjære til Danmark og Formlandmessa i Herning.
Der satsar eg på å få julestemning i løpet av helga....
Masse fint skal handlast inn til butikken av haust- og julevarer.
Gler meg stort.
*
Heldigvis så har eg ei snill og kjekk syster og svigerinne som skal vere på
Frøken Fryd for meg i helga.
Hus -hund - og kattepassar er også på plass.
Då kan eg slappe av og kose meg på tur.
So long....

lørdag, august 14, 2010

GOD HELG

A home without a cat is just a house.... Otto og Tiger ønskjer deg ei fin og god helg.

torsdag, august 12, 2010

Ei vakker bok

Den nydelege inspirasjonsboka "Lev Vackert" kom i dag.
*** Her er mange svenske og nokre norske bloggar presentert,
du finn inspirasjon, gode idear, oppskrifter og nydelege bilete.
Alt delikat presentert i denne vakre boka.
Boka får du nå kjøpt hjå Frøken Fryd

fredag, august 06, 2010

Etnemarknaden

Denne helga er eg og Frøken Fryd å finne på Etnemarknaden.
Siden eg er med på kunst og handverkutstillingen
så er det berre ting eg har laga sjølv som er med.
*
Eg har mala ein del nye akrylbilete, nokre nostalgiske collage,
sydd mange nye puter, og litt småting som ugler,
pynta fyrstikkesker, notisbøker og esker.
***
Eg var der inne i går fra 10.00 -19.30,
medan min kjære var på butikken.
I dag har me bytta.
***
Her er det puter i duse fargar og meir fargeglade,
med nostalgiske englar og spreke badedamer,
eller klokkestreng og heklebrikker.
***
Søte puter i pudderfargar.
***
Akrylbilete i duse fargar og med fin tekst.
*
I morgon og søndag er det også ope.
Har du lyst til å ta turen inn til Etne,
så er du hjarteleg velkommen.
***
Vil du lese meir om Etnemarknaden
så kan du gjere det HER







mandag, august 02, 2010

Koselege Patina...

...var eg og min kjære på besøk hjå på søndag.
Me reiste innover mot Hardanger etter jobb og litt pakking på laurdag,
og kom til Voss på kvelden der me overnatta.
*
Søndag etter frukost på hotellet,
så satte me nasen mot Evanger for å finne Patina.
***
Evanger må vere Noregs koslegaste småstad,
med idylliske hus og verdens finaste kunstkafè.
Bak disken sto desse 2 søte damene, Torill og Hilde.
Nede er det kafè og butikk, og på loftet er det enda meir butikk.
Eg fann meg nokre fine ting som eg har gløymt å ta bilete av,
men det får komme ein annan gong.
*
Når me hadde reist så langt så me gjorde
så måtte me jo ha litt mat.
Nydeleg brød baka på Patina med spekepølse fra Evanger
og spanande ost.
Delikat tillaga på tallerken,
og ikkje forgløyma den herlege hylleblomsafta
servert i barndommens sennepsglas.
*
Eg måtte ha meg fleire rundar rundt i lokala og kikke.
***
Her er det meste for sal,
også bord og stolar i kafèen.
*
Før me etter eit par timar burde tenke på heimveg
så måtte me smake på kakene dei serverte.
Eg ville smake scoones med heimelaga sitronsmørkrem,
som smaka himmelsk, og caffe latte.
**
Min kjære spiste ikkje mindre god brownies og cappucino.
Gode og mette i magen, vende me nasen,
noko motviljug, heimover.
Tusen takk, Hilde og Torill,
me kjende oss heime hjå dåke.
(Takk også til mannen til Hilde for omvisning i campingvogna)
***
Er du på den kanten, sving inn
til Evanger og Patina.
Der får du ei kafèoppleving litt utanom det vanlege.