tirsdag, juni 29, 2010

Blått til lyst

" A house is made of wood and stone, but only love can make a home"
***
Collage med inne- og utebilete fra heimen.
Hjå oss er det ei salig blanding mellom gamalt og nytt,
og i følgje mi yngste dotter, mest gamalt....
Stolane på terrassen er nye for sommaren,
dei er knallgoe å sitje i, og veldig fine å sjå på også:)
*** Blåklokkene blømer nå,
og då måtte ein liten bukett vere med heim.
*
Ein turkis kjole vart sydd i dag, og den var tenkt til meg.
Eg har ikkje bestemt meg heilt enno om eg skal ha han sjølv
eller om eg legg han ut for sal.
Turkis er sommarfarge nr 1,
men eg treng litt meir brunfarge, hehe.
***
(I morgon kjem TV-Haugaland til Isvik
og skal lage reportasje til "Sommar på Haugalandet")

fredag, juni 25, 2010

GOD HELG

" When was the last time you did something for the first time"
*
Ønskjer deg og dine ei nydeleg helg !!!

torsdag, juni 24, 2010

Pusekattar

Våre 4 søte små pusekattar er 3 veker i dag.
Prøvde meg på ein liten fotoseanse i går,
og det var jammen meg ikkje lett
nå når dei er begynt å bevege seg rundt.

onsdag, juni 23, 2010

Bryllupsdag

"Det er alltid et annet hjerte som får oss til å kjenne vårt eget"
*
Kursiv

3 år siden me gifta oss.

Gratulera med dagen kjære Bent.

*

Svigerforeldra mine har også bryllupsdag i dag.
54 år.
Gratulera med dagen begge to.

tirsdag, juni 15, 2010

Sol inne, sol ute....

"A house is made of wood and stone, but only love can make a home"
***
I dag kom endeleg sinkhusa til telys fra Chic Antique som eg bestilte i februar.
Dei finns i tre storleikar, og det på bilete over, er det største.
Sinkhusa kan du få kjøpt her
*
Det kom også nydelege serviettar, skilt, hjart i fil de fer til kort,
og ikkje forgløyma verdens søtaste Gine prøvedukke.
Eg skal få tatt skikkelege bilete så du får sjå herlighetane:)
*
Her er det nydeleg ver med sol,
og i dag rigga eg meg til utanfor butikken med hekleriet mitt.
Men fyttikatta så kaldt.
Eg klarte å hekle ein runde og så orka eg ikkje meir....
Det var ein iskald nordavind,
og eg kan ikkje fordra å fryse,
så eg tusla meg inn att.
Jaja, varmen kjeme heilt sikkert snart:)



mandag, juni 14, 2010

Søt, søtere, søtest

Pusekattane veks, og er nå over ei veke.
Eg vil helst kose med dei heile tida,
men då kjem jammen meg pusemammen og hentar dei. Ho likar ikkje at eg tek dei inn i stova,
eller utav kassen for mykje.
Nå har alle 4 fått auger og dei er blitt dobbelt så store.
Dei er nokre gode og runde nøster som er til å ete opp....

" Av alle Guds skapninger
er det bare en som ikke
kan gjøres til slave under pisken.
Det er katten.
Hvis man kunne krysse
mennesket med katt,
ville det forbedre mennesket,
men forringe katten."
Mark Twain


fredag, juni 11, 2010

Se min kjole....

Eg syr og syr alt anna enn det eg burde.
Når eg har masse bestillingar så vil eg helst gjere andre ting
og ideane poppe opp som flågesoppar ein haustdag.
**Det har blitt nokre fargeglade kjolar dei siste dagane,
og desse skal få vere med inn til
SkånevikTorgdag i morgon.
Eg har også sydd barnekjolar i samme stilen.
Det kan jo vere det er ei mor og dotter som vil ha like soppkjolar.
**
Eg ville også ha meg ein ny sommarkjole,
og då vart det litt dusare fargar.
Forskjellige støva lilla og rosa stoff
vart til ein lang kjole som kanskje heller skal bli kort.
**
Eg har ikkje bestemt meg for lengde.
Kanskje han kan vere lang ei stund,
og så er det fort gjort å klippe av.
Stoffa er fra Stoff og Stil fra i fjor
og mønster er sjølvkomponert.
**




onsdag, juni 09, 2010

Uglenytt

"Det er bedre med en ugle på veggen, enn ti på taket"
***
Små, søte og rare ugler såg dagens lys i går.
Symaskinen har travle dagar,
og ut kjem ugler i alle variantar.
Ugle med oppheng er fin som pynt
på ei hylle, i vindauget, over barnesenga
eller i bilen....

tirsdag, juni 08, 2010

Nyfødt

"A home without a cat is just a house"
*
Torsdag formiddag fekk Fridapusen 4 søte små nøster.
Ho er ei omsorgsfull mamma som nesten ikkje er utav eska,
men ligger og maler, vaskar og holder rundt dei søte små.
*
Det vert mykje pusekosing for tida
for eg klarer ikkje å sjå meg mett på dei.
Dei er verdens søtaste og mjukaste,
og så luktar dei så vidunderleg godt.
*
Takk for at du kikkar innom,
og ha ein strålande dag !!!

fredag, juni 04, 2010

GOD HELG

Er berre kjapt innom for å seie...
***
Ha ei nydeleg og god helg!!!!

onsdag, juni 02, 2010

Stilleben

"Skjønnhet er i sin helhet et spørsmål om øyet som ser"
Margaret Wolf Hungerford
*
Det er koseleg å leike seg med å lage stilleben,
og siden dette er utfordringa i juni inne hjå NIB
så tenkte eg å hive meg med.
Eg driver også og øver meg på innstillingane på nytt kamera,
så då slo eg to fluger i ein smekk.

Her tar me det me har for handa og danderar etter beste evne.


(Klikk på bileta om du vil sjå dei større)
Dette var mine bidrag,
og nå håpar eg du kanskje vart
pittelitt inspiret til å lage deg eit stilleben sjølv.
Ha ein fin dag du som kikkar innom.