fredag, april 23, 2010

GOD HELG

Kvitveis, vidunderleg vakre kvitveis.
Det er ingenting som gir meg meir kjensle av vår
enn nettopp det å plukke den første kvitveisbuketten.
Så nå står ein liten lubben bukett på bordet
og minner om at våren er her igjen.
*
Takk for at du kikkar innom,
og ha ei....





mandag, april 19, 2010

Korttider

Eg har eit greit arbeidsrom på butikken,
og innimellom kunder og anna arbeid
så er det kjekt å kunne sitte der og lage litt forskjellig.
I dag har eg fyllt på med kort,
både til bryllup, og til konfirmasjon.
*
Jentekort er greit å lage siden eg har masse
søte og nostalgiske jentebilete.
Eg redigerer litt på fargane og legg til skrift,
og bakom er det ark fra ein gamal bibel eg har brukt.
*
Nostalgiske bilete av gutt eller unge menn
har eg ikkje så mykje av,
men desse var jo litt fine til konfirmasjonskort.
Det er kjekt å finne kort som ikkje alle andre har
og det får du hjå Frøken Fryd.
*
*Ha ei fin og god ny veke*




fredag, april 16, 2010

Tjolahopp og tjolahei...


Ver endeleg forsiktig når de hoppar på trampolina jenter....
***
GOD HELG

onsdag, april 14, 2010

Litt nytt fra Chic Antique

Det er alltid kjekt når det kjem nye varer,
og i dag kom desse tøffe bokstav- og tallsjablongane i metall.
*
Kjempetøff å ha som pynt,
men også flotte til å bruke som sjablongar.

Søte og nostalgiske metalltags
*
Fine til pynt på ein knagg eller på ein pakke.
*
Hjarta i metall med nostalgisk bilete.
Desse er utruleg søte:))
*
Koselege temperaturmålarar med forskellige motiv
som er like fine inne som ute.
**
Herlege metallboksar i pastellfargar med duftelys.
**
Rosa med blomeduft.
*
Lysegrøn med duft av roser og vanilje.
Boksar med lokk er alltid kjekt og kan fortsatt brukes
om lyset er brent opp.
Gjenbruk likar me:)))
**
Eg har laga ein del nye armband og smykke
nå når våren er komen her i vest.
Det er alltid kjekt å pynte seg litt.
*

Min favorittfarge gjennom mange år er lys turkis og aqua.
Den blir eg aldri lei.
*
Rosa glassperler i armband.
Pastellane står sterkt nå i vår,
og litt farge gjere godt nå når sola skin
og vårklærne skal finnast fram.
***













torsdag, april 08, 2010

Brukt på nytt

Eg har lenge vore på leit etter "nytt" sofabord,
men har ikkje funnet akkurat det eg vil ha.
*
Dette bordet bytta eg til meg fra svigermor.
Ho hadde det ståande under vaskemaskinen,
og eg syns det kunne få ein betre skjebne
og fekk det med meg.
*
Svigermor fortalde at dette var kjøkkenbord
heime hjå dei når ho var lita jente,
men at beina vart kutta av dei seinare åra.
Så nå har fått fått nytt liv i stova vår,
og eg er kjempefornøgd.
*
Ha ein fin dag du som kikkar innom:)



tirsdag, april 06, 2010

Pynt og mat...

...er vel ein grei måte og oppsummere påsken på.
Pynten hjå meg er oftast vårblomar
og nokre hårete kyllingar
som stikk hovudet fram.
*
*
Egg er også fine å pynte med,
både på fat i lag med andre typiske påsketing.

Eller liggande på eit bord saman med ein turkis vase
med ein kvast perleblom oppi....

Egg laga for nokre år sidan,
men som er veldig in i år sidan det er i rett farge.

På trappa vaktar desse skrekkinngytande småfuglane
på eit altfor stort egg, typisk gaukegg,
og på døra slik at ikkje uvedkommande skal trengje seg på.
*
I påsken har det gått med nokre kartongar med egg,
både til frukost, som her,
og i bakverk og dessertar,
som her.

(akkurat nå vart eg aldri så lite nervøs fordi det kom ein diger edderkopp
krypande på golvet her eg sitter, æsj)
*
Tilbake til påsken; me har kosa oss med god mat, gode venner,
familie, god mat, god vin, quiz, gått tur, sett film,
god mat, lese bøker, og kosa oss med god mat....
Dei andre i familien har også kosa seg med påskeegg og snop,
men siden eg uheldigvis har eit eller anna gale med smaksansen min for tida
så har alt snop smaka rett og slett forferdeleg beiskt.
Einaste positive er at eg har ikkje lagt på meg, haha.
***
Dermed er påsken 2010 finito finale slutt,
og kvardagen er heldigvis tilbake.








torsdag, april 01, 2010

Jula varer heilt til påske....

..er første utfordringa i Petunias After Ski.
Eg rydda i skuffene på kjøkkenet i dag,
og i den nederste til høgre under steikeomnen
der fann eg eit par kakeboksar fra jul.
Gjett tre ganger kva som låg i eine boksen???
Joda, havreflarn fra i fjor.
Påskekyllingen var heilt "øvegidde".
*
Eg kikka meg litt rundt inni stova også,
og der på hylla hang fortsatt stjernelysa
som eg hang opp i desember i fjor....
Jaja, kakene heiv eg, men lysa skal få henge.
Fotsatt GOD PÅSKE