fredag, januar 29, 2010

Litt nytt i butikken






Litt nye varer kom fra Lisbeth Dahl i dag,
og det er alltid spanande.
Lisbeth Dahl har søte og fine ting,
og det er kjekt å blande med meir rustikke ting.
Kontrastar er fint.
***
GOD HELG
til alle som kikkar innom.
Eg set stor pris på alle dei hyggelege og fine kommentarar
som de legg igjen her hjå meg.
TUSEN TAKK

torsdag, januar 28, 2010

Søte saker



Eg syns det er kjekt å hekle litt småsaker innimellom,
og denne var fort gjort å lage.
Sånn ca 10 cm x 10 cm målar den vesle portemonèn.
Eg er skikkeleg dårleg til å forstå oppskrifter,
så det blir helst til at eg diktar i veg på eiga hand.
Av og til går det bra, og andre ganger ikkje.....
Men pyttsann, eg kosar meg:)

fredag, januar 22, 2010

Sømmeleg, bør det vere....

Kjolen er sydd i mjuk og god chenille,
og har applikasjonar sydd på maskin, framme og bak.
Bokstaveleg talt...

torsdag, januar 21, 2010

Ugla bugla



Eg syr litt innimellom alt anna,
og nå er det ugler og småfuglar det går i.
Det er nok lengtinga etter våren.....

onsdag, januar 20, 2010

Heldige meg...

"Når du blir glad for lite,
så har du mye å være glad for"

Dette skrivebordet er nå mitt !!!!
****
I går kikka eg litt rundt på forskjellige bloggar inne på NIB
og plutseleg såg eg bilete av eit knallgrønt skrivebord
inne hjå Charm Design.
Ho hadde funnet dette hjå vår alles gode venn Finn,
men siden dette var i Stavanger
så var det for langt vekke for ho.
Eg bladde fram annonsa og sende ein melding
for å høyre om han fortsatt hadde skrivebordet,
og om så var, så ville eg kjøpe det.
Melding tikka inn,
og joda, eg kunne få kjøpe det.
Flaks for meg:)))
Eg bur ikkje i Stavanger, men på andre sida av fjorden,
men eg har eldste dotter mi,
Malin og svigerson min, på Tasta.
Dermed så måtte eg be Svein om å hente det for meg,
og nå står det fint plassert på soverommet deiras
til eg kjem meg ned.
***
Så tusen takk for tipset Charm Design.

tirsdag, januar 19, 2010

mandag, januar 11, 2010

Hadet på badet...

NIB etterlyser baderomsinnlegg,
her kan du kikke på fleire baderom.






Badet har mørkegrå fliser på golvet,
og beige fliser på veggene.
Elles er pynt og bruksting ei blanding av gamalt og nytt
med detaljar i turkis.





fredag, januar 08, 2010

God helg

Eg likar godt å dekorere esker, boksar, bøker og fyrstikkesker
med fint papir, stempel, blonder og nostalgiske bilete.
På bilete skriver eg ofte eit sitat eller fine ord.
*
Fin til gåveeske
eller til å ha dyrebare skattar i.
*
Her held det seg fortsatt iskaldt, og med klårver.
SkriftstørrelseHeldigvis så har me ved og kan fyre i omnen
så me frys ikkje:)
Fredag, og helg,
og der var jammen meg snart første veka i 2010 over.
*
I dag har eldste tanteongen mi bursdag.
GRATULERA MED 33 ÅRS DAGEN, LAILA.