mandag, oktober 29, 2007

Natten av Andrè Bjerke.

Natten er til
ikke bare for glemselens ro.
Den er til for din tro
og din tankes flakkende ild.
*
Natten her er ikke bare
et stjernevær.
Den er summen av livet
og alt som er.
*
Ikke sov.
Natten er til for den som
våker og ser.
Det er om natten
at livet skaper
og allting skjer.
Men søvnen er dødens
etteraper.
*
Morgenens luft er
som bølgeskum.
Dagen har varme
å gledes ved.
Kvelden har fred.
Men bare natten
har verdensrom.

søndag, oktober 28, 2007

Har du en venn,betrakt deg som rik!

Glem ikke å være gjestfri,
for på den måten har noen,
uten selv å vite det,hatt
engler som gjester.
Hebreerne13:2

fredag, oktober 26, 2007

And the vinner is....

På mandag laga eg til ein uhøgtidleg konkurranse i høve av opninga av nettbutikken "Hildes skattkammer". Eg fekk 30 kommentarar på det innlegget, og trakk ut 3 heldige personar som skal få ei lita overrasking fra meg i posten:o)

Alle namna havna i ei lita skål, og eg trakk første lappen......*trommevirvel*

Det vart Gawo med den flotte bloggen On 2wheels, der ho tar oss med på den eine flotte turen etter den andre med nydelege naturfoto:o)


Den andre vinnaren vart Redrobin, som har bloggen Småbyliv, og ho skriv om dei mest fantastiske kvardagsbetraktingarsom me alle kan kjenne oss igjen i.



Den tredje vinnaren vart Catta, fra Cattas verden. Ho er ei ung jente som skriv om livet sitt, dyra sine og elles mangt og mykje, på ein reflektert og utruleg fin måte.
*
Gratulera alle 3:o)
*
Det skal bli meg ei glede å sende dåke alle 3 ei lita overrasking i posten.
Tusen takk til alle dåke andre som har skrevet så koselege kommentarar til meg. Dåke vant ikkje denne gangen, men kanskje det kjem fleire muligheter seinare.
*
Dåke 3, Gawo, Redrobin og Catta, må sende meg ein mail med namn og adresse slik at eg får sende pakkane dåkas.
Mailadressa mi er: hildesandbekken,@hotmail.com
*
Eg sitter og skriver på siste rest av heime eksamen i kunsthistorie, og er litt, men berre litt leie av å stirre på bilete "Kvinne med rød jakke"av Henri Matisse....
Elles er det strålande haustver med sol fra skyfri himmel,det er fredag og livet er berre godt.
Må dåke alle få ei strålande helg:o)




mandag, oktober 22, 2007

Velkommen til "Hildes skattkammer"

Ny veke-nye muligheter. I dag er det mulighet for å vere med på opninga av
"Hildes skattkammer". Der vil eg selge noko av det eg lagar, både av tekstil, malerier og andre ting eg puslar med. Denne tøyhesten vil du finne i skattkammeret + ein del andre godbitar. Det vil komme bilder av fleire ting utover veka, så følg med.
Alle som legg igjen ein kommentar på dette innlegget er med i trekning av ei gåve:o)
Fredag 26.10, vil eg trekke ut ein heldig vinnar.

Så med dette vil eg høytidleg opne dørene til skattkammeret, og eg håpar at du vil kose deg der inne.

lørdag, oktober 20, 2007

Kjærleik

vakrast var du
i måneskin
den natta vi drog gardinene frå
låg og kviskra
saman i pustande blått
rom
**
vakrast var du
din svarte profil
har senka seg djupt
inn i meg no, inn mellom ribbebeina
inn i brystet
med måneskin
**
vakrast, vakrast
er du alltid
i meg
Marit Kaldhol

torsdag, oktober 18, 2007

Pakke i postkassa

I går fekk eg pakke i posten, og gjett om eg sprang fort heim fra postkassa. Og det var ikkje berre for at det regna....Eg skunda meg å rive av det ytterste papiret, og inni låg denne flott innpakka gåva til meg:o)

Eg pakka forsiktig opp, og innforbi dukka denne nydelege eska opp.

Oppi eska låg det ein pakke med søte små lys, ei nydeleg innpakka såpe som dufta vidunderleg, og to flotte kort. På det eine kortet sto det ei helsing til meg.

Eg vart så glad for gåva eg fekk av min hemmelege venn, som ikkje er så hemmeleg lenger. Eg syntes eg kunne koble stilen på tinga eg fekk til ein bestemt bloggar. Eg gjetta rett, og gåva kom fra Hulda.
Tusen,tusen takk snille Hulda:o)


tirsdag, oktober 16, 2007

Til alle mødre

Det finnes bare ett
virkelig vakkert
barn i verden
*
Og hver eneste mor
har vært så heldig
å få det.
Ukjent
*

søndag, oktober 14, 2007

O jul med din glede....

Eg er komen i julestemning i dag, nesten ivertfall.
Eg las inne på bloggen til 9na at ho hadde fått strikkedilla, og eg har fått ei aldri så lita sydille....

Syinga i dag har resultert i julestrømper. Julestrømper kan vere kjekt å ha når det nærar seg jul, og ein bør vere snille slik at nissen kjem.

Litt detaljer.


Slik skal strømpene henge natt til julafta og om morgonen skal dei, forhåpentlegvis, vere fulle av godteri....

Desse var så kjekke og raske å sy at dei kjem eg til å lage fleire av. Eg skal vere med på ei julemesse før jul, og noko anna som eg ikkje kan fortelje så mykje om enno, men det kjem meir når alt er i orden:o)
I går fekk eg sendt pakken til min hemmelege venn i "interiør gave alongen", og nå er det berre å vente spent på posten kvar dag, og sjå kva som kjem til meg, spanande.
Eg håper alle kjekke bloggarar har hatt ei fin helg, det har ivertfall eg, med mykje sosialt samvær både fredag og lørdag.
I morgon er det ei ny veke og nye muligheter:o)



onsdag, oktober 10, 2007

Ut på tur, aldri sur.....

Vil du vere med på turen eg tok etter jobb i dag?
Den gjekk til Holmavatnet, og turen går i lett stigning på skogsveg. Det var nydeleg klårt haustver i dag.

På min veg er eg alltid på jakt etter nye fotomotiv, og i naturen er det mange flotte former. Eg er glad i hjarteforma, og plutseleg fekk eg auge på eit hjarta på vegen...

Dette var interessant tenkte eg, mon tru om eg kan finne fleire???
Joda, eit stykke til oppi vegen der låg enda eit hjarte.

Nesten oppe ved vatnet snubla eg over eit tredje hjarta. Naturen er ein stor kunstnar som kan forme det meste, også hjarter i stein:o)




Eg møtte ikkje så mange på min veg, men denne vesle karen måtte eg berre ta bilete av. Ei blank og flott bille. Anar ikkje kva han heiter, men som barn kalla eg desse Tordivel....

Så var me oppe ved Holmavatnet, og kan skrive oss inn i turboka, og så er det strake vegen heim igjen. Turen tok vel 45 min opp og ned:o)


Måtte me få mange slike dagar i haust:)




tirsdag, oktober 09, 2007

Tysdagshygge:o)

Vips, så var eg nesten midt i veka. Det er jo nesten berre mandagar og fredagar...skjønar ikkje heilt dette her. Helga var koseleg med besøk av Malin, eldste jenta mi. Me farta litt rundt på lørdagen og var først og besøkte tante Berit, mi søster. Dei var på hytta, og hadde med seg datter, svigersønn og tvilling barnebarn, så fekk me snakke med dei også. Seinare på dagen kjørte me Kenneth til kjæresten, og så drog eg og Malin på kino. Der såg me "Rattatouille", kjempesøt film om ei rotte som ville vere kokk.... Så tok me oss ein god kopp kaffi på "Cafe Moody" før me kjørte heim og laga oss middag, og trøkte i oss masse smågodt. Jaudå, me kan kose oss!!! Søndagen sov me lenge, til eg vart vekka av telefonen. Så då var det å hive seg i bilen og kjøre til by`n for å hente mannen som var komen med båten fra Røvær, der U.L Skjoldafjord hadde vore på overnattingstur. "Takk for innsatsen fest "etter teaterframsyninga i vår. Dei er begynt å skrive på revy til våren igjen. Eller "kabary", som dei kallar det. Så det er me begynt å gle oss til allereie. 1 mars skal premiera vere:o)

Eg har ikkje noko nytt i kategorien "heimelaga" å vise fram, så då viser eg litt av tinga eg har på kjøkkenet. Krukker med lokk og mugger kan eg ikkje få nok av, og desse med skrift på er eg veldig glad i. Flisa med kattemotiv er julegåve frå ei venninne, for mange år tilbake.

Gamle norgesglas er fine til å oppbevare ris, linfrø og pinjekjernar på. Dei er ganske så dekorative der dei står på benken.


Eg har fått tildelt min hemmelige venn i "Interiør gave alongen", og er snart ferdig med gåva. Den eg skal gi til, kjenner eg ikkje så godt, men eg håpar at det fell i smak, det eg sender av garde. Det er veldig koseleg å vere med iallefall.
På skulen går det fint, og eg storkosar meg. Det er ein triveleg gjeng på 13 jenter, i ulik alder, og 1 mann....Me går godt saman, og alle er så flinke og arbeidsomme at det er ei fryd!!!
At me har ei utruleg flink og inspirerande dame til lærar er også med på å gjere dagane flotte.
I morgon har eg fri fra skulen, men skal jobbe fra 07.00-14.30 på aktivitetshuset med psykisk utviklingshemma:o)
Så må alle som er innom ha ei fin veke, og tusen takk for alle hyggelege kommentarar dåke legg igjen *SMILER*



søndag, oktober 07, 2007

Natt, mot søndag.



Å elska

er ikkje å vakta,

men å sjå ein annan veg

til rett tid.

Alf A. Sæther

tirsdag, oktober 02, 2007

Det må....

Det må vere ein stad det blir gøymt,
det vi lever i lag.
kvar stund vi har lett og drøymt,
kvar nykveikt dag,
kvart smil og kvar varleg hand,
kvar time av trøyst,
ei rømd som har æveleg minne
og gøymer di røyst.
****************************
Det er for stort, det vi har,
til å siga i fra oss.
Ein stad må det setja seg far
og bia på oss,
ein stad eg ikkje kan nemna
og ikkje forstår,
bakom dei slokna stjerner
og folna år.
Sigmund Skard

mandag, oktober 01, 2007

Gårsdagens pyssel

Søndagen vart brukt til å pynte litt utforbi inngangsdøra. Der ute står eit lite bort som eg pyntar litt etter årstida. Nå fekk nokre pyntegraskar og stein pynte der.

Nedforbi ligg ein hjarteforma stein. Den fann eg eingong eg gjekk tur med søster mi, til drikkevatnet i heimbygda vår. Den var litt tung, men den skulle eg ha med meg heim:o)

Lyngplanter og litt anna pyntar opp i sinkbøtta.
Siden det var, og er fint vèr, så planta eg løkar og nokre buskar i bedet i går. Så får eg håpe at det kjem opp både krokus, tulipanar og påskeliljer til våren.
Om kvelden såg mannen fotball på TV, og det er eg ikkje så veeeeldig interessert i....så då fann eg fram sysakene. Eg har sett så mange flotte Tildaenglar rundt om på forskjellige bloggar, og vart litt inspirert til å sy.
Dette vart ein fjern slektning av den opprinnelege Tilda. Litt meir Country stil over ho her,..
Med sjølvteikna mønster sette eg i gang, og slik vart resultatet. Ho har fått namnet etter ei av tantene mine, Mathilde. Kjolen hennar er sydd av ei skjorte som har vore pappa min si, og blusen og mammelukka av ein Fretex bluse. Så dette kan vel kallast ei resirkulert dame....
Det blir ikkje masseproduksjon av desse fra mi side, det er litt for putle for meg. (Eg kom på kvifor eg aldri sydde Barbie dukkeklær til jentene mine medan eg holdt på...)


Det var kjekt å få eit nytt familiemedlem, men det spørs om ho får så mange søsken, men kanskje ein kjæraste....