lørdag, august 19, 2006

Har sydd ei toalettveske til ei venninne av Malin. Den er veldig enkel,sydd,quilta og applikert med maskin.Det er berre lukkekanten og glidelåsen som vert sydd i for hand.


Dette stoffet er eg veldig glad i, kjøpte det på Ikea for fleire år siden, og har brukt det i mange prosjekt. Dette er ein liten sminke pung som er quilta i ujamnt rutemønster med silketråd. Denne skal Anne Karen få som takk for at me låner bilen hennar:)


Som de ser, veks og trivest Rasmus. Dette er ein av favoritt utkikk plassane hans.... Kan ikkje sei at eg likar det, fordi på ein dag klarte han å knuse ei blomepotte, ein lysestake og tåa av ein keramikk fot eg har laga. Men nå er det rydda plass i dette vinduet,så får me håpe at han lar dei andre vere i fred. Men han er verdens skjønnaste når han kjem for å få kos:) Så han er lett å tilgi når han har gjort noko gale.

1 kommentar:

Hilde C. sa...

Det er en flott sminkepung og toalettveske du har laget :-)